Hopp til innhold

Barn vart skremte – endrar skrekkfilmkampanje

Distributøren av skrekkfilmen Annabelle 2 gjer endringar i reklamekampanjen. Dette skjer etter at ei mor reagerte på at traileren dukka opp på Youtube.

SKREKKFILM: Annabelle 2 handlar om ein dokkemakar som inviterer nokre foreldrelause jenter heim. Annabelle er éi av dokkene hans, som viser seg å vera besatt. Ikkje spel av filmen om du er lettskremt.

Den ti år gamle dottera til Tina Christensen fekk opp ein trailer for skrekkfilmen Annabelle 2 da ho såg på videoar med barneinnhald på Youtube. Filmen har 15-års aldersgrense. Etter å ha sett reklamen fekk ho problem med å sova.

Tina og Iben Christensen

VART SKREMT: Tina Christensen og dottera Iben Lykke Christensen reagerer på reklamen for Annabelle på Youtube.

Foto: Privat

Forbrukarombodet følgde opp med å seia at barn har eit vern mot å bli utsette for skremmande innhald.

Katrine Aamodt i SF Film, som distribuerer Annabelle 2, skriv til NRK at dei nå gjer endringar i kampanjen:

Siden vi har blitt gjort oppmerksomme på at traileren i enkelte tilfeller har vært synlig foran innhold som typisk sees på av barn, har vi sammen med mediebyrået vårt gjort justeringer på kampanjens målretning for å unngå dette.

– Gode nyheiter

Tina Christensen synest det er fantastisk å høyre at SF Film gjer endringar, og trur dottera blir glad for nyheita.

– Dette er fantastisk bra. Eg trur ikkje dette vart gjort med vond meining, og er glad for at det hjelper å seia ifrå.

– Kjem du til å passe meir på eller endre noko etter dette?

– Ja, eg kjem til å prate med barna om bruk av Youtube. Men når det gjeld reklamen så kjenner eg meg heilt hjelpelaus. Uansett kva filter ein har når det gjeld innhald, så kan ein ikkje bestemme kva reklamar som kjem opp.

Kan koma ei endring i regelverket

Ove Watne

KAN BLI STRENGARE: Rådgjevar for film og brukartryggleik i Medietilsynet, Ove Watne, seier at Youtube kan bli omfatta av strengare reglar i framtida.

Foto: Kine Jensen / Medietilsynet

Ove Watne i Medietilsynet synest det er trist at barn har blitt skremt. Han meiner at både bransje og foreldre må passe på.

– Det er Youtube som plasserer reklamefilmar framfor videoar. Plasseringa skjer gjennom algoritmar. Dersom barnet har lånt pc-en til mor eller far, kan det dukke opp reklame som er tilpassa vaksne.

Da bør kanskje foreldra ta ansvaret her?

– Det er veldig viktig. Foreldre må rettleie og veta kva barn driv med på nett. Og barn må vera oppmerksame på kva dei ser på, og bli klar over kva dei kan bli utsette for.

– Er det noko håp at dette blir endra på?

– I Noreg følgjer vi eit EU-direktiv som gjeld medietenester. Nå er det eit forslag om å endre direktivet, slik at det omfattar Youtube på lik line med andre medietenester som for eksempel tv-kanalar. Da blir reglane strengare, og dei kan ikkje plassere reklamen slik som nå.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)