Hopp til innhold

Bård Tufte Johansen: – Hadde vore deilig om Jon ikkje var så flink

– Det hadde vore deilig viss «Nytt på nytt» var i trøbbel og eg kom inn som redningsmann, fleiper Tufte Johansen.

Bård Tufte Johansen var vikar for Jon Almaas i "Nytt på nytt" i 2011

I 2011 var Bård Tufte Johansen vikar for Jon Almaas. Nå blir han fast anker i «Nytt på nytt».

Det er komikar Bård Tufte Johansen som tek over når Jon Almaas gjer seg etter 17 år i programleiar-stolen i «Nytt på nytt».

Jon Almaas slutter i «Nytt på nytt»

– Det er ei ære å bli spurt, men det er klart ein gruar seg. Jon Almaas skal ha ære for å ha gjort Norges mest morosame og beste program i 17 år, så det handlar vel om å ikkje øydelegge for mykje, seier Tufte Johansen når vi treff han i London.

– Ja, som du seier, han har jo hatt dette programmet i 17 år, så det er vel ikkje så aller verst å hoppe etter han da?

– Det beste var om han heldt fram, men det er jo ingen som har noko å seie på at han vil gjere noko anna. Vi får berre applaudere han, og så har han sagt at han skal gje meg nokre tips da.

– Jon er kongen

Dermed er det eit ganske ferskt panel som skal styre «Nytt på nytt»-skuta framover. Pernille Sørensen tok over etter Ingrid Gjessing Linhave i februar 2015, medan Johan Golden fekk eitt år saman med Jon Almaas i programmet.

– Det har vore ei ære å jobbe med ein av Norges aller beste menn innanfor sitt fag. Jon er kongen, som Elvis. Så eg reknar med å sjå han i kvit paljettdress og sterkt overvektig, om ikkje så lenge, seier Johan Golden.

Pernille Sørensen synes det er trist at Jon Almaas nå forlater skuta.

– Jon er jo mr. Nytt på nytt, han er liksom både kaptein, styrmann, mast og kjøl på dette store skipet i studio, så det er klart vi er veldig lei oss for at han ikkje skal vere med programmet vidare.

Norges morsomste

Underholdningsredaktør i NRK Charlo Halvorsen seier det ikkje var eit vanskeleg valg når dei skulle velje Jon Almaas' arvtakar.

– Han er kanskje, ved sida av Jon Almaas, den morsomste mannen i Norge for tida, seier Halvorsen.

Tufte Johansen meiner Jon Almaas, som Norges beste programleiar, har lagt lista urimeleg høgt for den som overtek.

Vurderte du å takke nei til programlederrollen i «Nytt på nytt»?

– Det ligg jo i vektskåla at det kan bli litt bråk. Men eg får berre kople av Twitter ein periode og jobbe på.

– Lurer du på om NRK spurte nokon før deg?

– Det er alltid sånn i bransjen at nokon kjem bort og seier at dei spurte meg og sånn. Viss Bård Hoksrud blei spurt før meg, så blir eg skuffa, viss ikkje, skal eg ta det med fatning.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober