– Bård er ute på grunn av korona, og alle nærkontaktane hans er også i karantene. Det vil seie heile humor-Noreg, bortsett frå meg, seier Tusvik.
Denne veka tek ho over som programleiar for Bård Tufte Johansen i Nytt på Nytt, fordi Johansen har fått påvist koronavirus.
KORONASJUK: Bård Tufte Johansen er sengeliggande med koronavirus denne veka, og kan dermed ikkje spele inn denne vekas Nytt på nytt-episode.
Foto: Bård Tufte JohansenHumøret er framleis i godt hald
– Veldig kjedeleg å bli sjuk og ikkje kunna jobba, og litt nedtur å få covid når så mange andre får det.
– Det har blitt Tesla innan virus, spøker han.
Sjølv om det er kjedeleg å ikkje kunna jobba, er han trygg på at showet vil gå vidare.
– Det er også på tide at Nytt på Nytt blir leia av ei kvinne, viktig at NRK viser at også kvinner kan vere tilkallingsvikarar, vitsar Tufte Johansen.
PÅVIST: Testresultatet til Bård Tufte Johansen visar positivt prøvesvar.
Foto: Bård Tufte Johansen/skjermdump– Alltid stas med Sigrid
Bonde Tusvik held fram på den spøkefulle linja til Tufte Johansen.
– Når ein middelaldrande mann plutseleg må vere vekke frå jobb, handlar det mest sannsynleg om metoo.
– Ho som meldte han for trakassering kan melda om at ho har det tungt, men skal klare å kome seg gjennom dette.
– Ho vil også legge til at vikarjobben som programleiar i Nytt på Nytt ikkje var motivasjonen for varselet.
TEK OVER: Denne veka tek Sigrid Bonde Tusvik over programlederstolen til Bård Tufte Johansen. Her er ho avbileta som gjest på Lindmo.
Foto: NRKProsjektleiar i «Nytt på Nytt», Kjetil Kooyman ønsker Johansen god betring, og er glad for at han har teke vaksinane.
– Og så blir det stas å få Sigrid på besøk igjen.
Denne vekas episode kan du sjå på NRK1 klokka 21.10, eller når du sjølv ønsker på NRKTV etter at episoden er ute.