Det er berre ein månad sidan både Linn Ullmann og Niels Fredrik Dahl melde overgang. Tidlegare har Thorvald Steen, Tore Renberg, Lars Ramslie og Karl Ove Knausgård gått over til Geir Gulliksen sin nye arbeidsplass. No skal og redaksjonssjefen for skjønnlitteratur og generell litteratur, Per Bangsund, slutte i Tiden forlag.
Usemje om veivalet
Geir Gulliksen
Da Geir Gulliksen gjekk frå forlaget, var grunnen den store marknadskonsentrasjonen i bokbransjen. Gulliksen ville gå over til Oktober fordi forlaget konsentrerer seg om skjønnlitteratur. Men førebels har ikkje Bangsund fått tilbod om jobb i Oktober, skriv Dagbladet.
Bjørgun Hysing, som er styreleiar i Tiden forlag, stadfestar at Bangsund går frå forlaget. I ein kommentar til Dagens Næringsliv sier ho at Bangsund sluttar fordi det er usemje om veivalet i forlaget framover.