Alle bilete: slakkline.no
For å bli god til å halde balansen, og kanskje til slutt klare å balansere på line, må ein trene. Det er ingen veg utanom. For å trene opp balanseevna, må vi sjå på kva som hjelper oss til å halde balansen. Det er ledda våre, auga og balanseorganet som sit i øyret. Auga og balanseorganet går ikkje an å trene, men det fins ulike triks. For eksempel bør ein ikkje vere svimmel før ein byrjar å balansere, altså balanseorganet må vere stabilt. Auga skal ein låse fast i eitt punkt. Det vil sei at ein berre skal sjå på eitt punkt heile tida. Det vil hjelpe oss å halde balansen. Dersom dette punktet i tillegg ligg eit stykke framfor oss, blir det enda enklare å halde balansen.
Mjukt å dette ned her...
Så var det ledda, dei går det an å trene opp. Ved å stå på ein fot på ei pute eller noko anna ustødig, trener du signala som går mellom okla og hjernen. Jo fortare desse signala går, dess betre blir balansen din. For å gjere treninga ekstra effektiv, kan du prøve å late att auga dine. Då blir det ekstra vanskeleg for okla, og ho må jobbe enda betre.
Fleire triks
Her trengst det å halde armane ut til sida!
Det finst triks du kan gjere med ledda òg som hjelper på balansen. Dersom du tar armane ut til sida, hjelper dette deg til å halde balansen. Dette gjer eigentleg kroppen automatisk. Med ein gong du held på å miste balansen, sprett armane ut til sida. Dei gjer det for å prøve å flytte vekt, slik at du beheld likevekta di. Når ein skal balansere på ei line, er det nemleg om å gjere å ha omlag like mykje vekt på begge sider av lina.
Eit anna triks kan vere å gå med litt bøygde kne. Då får du enda meir kontroll over kroppen. Og dersom du står på ei line og held på å miste balansen, hjelper det å bøye kneet enda litt til. DÅ flyttar du nemleg kroppen nærare lina, og det blir lettare å kontrollere balansen.
Ut og tren!
Med alle desse triksa i bakhovudet er det berre å sette i gang treninga. Først på ei pute på rommet, og etter at du byrjar å få det til, er det berre å knyte opp eit tau mellom to tre ute i hagen. Først lågt, og dersom det går greitt, kan du prøve å henge tauet endå høgare.
Lykke til, men ver forsiktig!