Badedrakta er tilbake

Den vart lenge sett på som den litt konservative, kjedelege storesystra til den sexy bikinien. Men i år er ho ein innertiar på trendskalaen. Sommaren 2011 står i badedrakta sitt teikn.

Du kan velje mellom ein sober safaristil eller meir oppsiktsvekkjande fargar.

Emilio Pucci

Badedrakta kan vere ganske utfordrande, den også. Her ein variant frå Pucci, signert Peter Dundas.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

– Vi ser mykje beige, brunt og hudfarga som går i retning av ein safaristil. Også blått, grønt, turkis og kvitt er med, og svart er ein sikker vinnar, seier moteredaktør i Costume, Hege Aurelie Badendyck, til NRK.no.

Det kan verke som om designarane har latt seg inspirere av historia til badedrakta, for i år er snitt frå fleire tiår populære på same tid.

– Det er eit hav av moglegheiter. Alt frå 50-talsstilen med høgt liv og breie skjæringar på underdelar og fokus på midja, til safaritendensar og etniske mønster der 70-talet regjerer, seier Badendyck.

– Bandeau-overdelane (stroppelause toppar, journ.merkn.) er det mykje av og monokinien (mellomting mellom bikini og badedrakt, journ.merkn.) er framleis med, sjølv om vi igjen ser meir av den klassiske badedrakta, seier moteredaktøren.

Gode ambassadørar

Den klassiske badedrakta har hatt mange gode ambassadørar sidan den dukka opp på 50-talet. Det gjorde inntrykk då Elizabeth Taylor dukka opp i ei enkel, kvit badedrakt i filmen «Suddenly, Last Summer» i 1959.

Marilyn Monroe var allereie eit stort sexsymbol då ho gjorde det same som Taylor - kledde seg i kvit badedrakt. Bileta av Monroe på stranda er blitt ståande igjen som nokon av hennar mest kjende, og gjorde nok sitt til at fleire heiv seg på trenden.

Sonja Henie

Sonja Henie i stroppelaus badedrakt i 1956.

Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

Denne enkle, kvite trenden er også ein hit i år, og ikkje berre på Sensation-festar. Mellom anna viste den amerikanske designaren Michael Kors einsfarga kvite badedrakter på catwalken.

«Silkelatex for alle pengene»

Skøyteløparen Sonja Henie lot seg fotografere utanfor heimen sin i 1956 i ei stroppelaus badedrakt, på den tida eit modig og trendy val. Bladet Aktuell lagde ein motereportasje der dei tok for seg bademoten i 1957. Det er heilt tydeleg at badedrakta då var meir populær enn bikinien.

«Fine skal jentene være selv når de går i vannet. Ulldrakten er gammeldags - nå skal det være silkelatex for alle pengene - og for mange penger», skreiv bladet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bademote 1957

Bademote frå 1957, i bladet Aktuell. Solhatt høyrer med.

Foto: Nymark, Kaare / Scanpix

Til å grine av

Tolv år seinare, i 1969, kunne bladet rapportere at den nesten heildekkjande badedrakta frå 1920-talet var tilbake i trendbiletet, og slo til med ein fotoreportasje i Frognerparken.

«Eldre mennesker fikk tårer i øynene da vi presenterte badedraktene. Salget av den nye, gamle badedrakten har gått strykende, særlig blant årets russekull, som har satset på stripene. Draktene kan kjøpes hvor som helst for en knapp femtilapp», skreiv Aktuell om den «nye» trenden.

I 1976 skulle Farah Fawcett frå «Charlies Angels» la seg fotografere for ein plakat. Filmselskapet ville at ho skulle kle seg i bikini, men skodespelaren insisterte på å kle seg i badedrakt. Plakaten blei ein stor suksess, og vart solgt i over 12 millionar eksemplar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Badedrakt 1969

Desse badedraktene var populære på 1920-talet, men dukka opp igjen i 1969, blant russen. Det gav tårer i augene til den eldre generasjonen. I alle fall ifølgje Aktuell.

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

Badedrakta blir body

På 80-talet vart badedrakta redesigna og brukt som sportstøy i treningsvideoane til mellom anna Jane Fonda. Bodyen var født og den vart eit basisplagg utover heile 80-talet. Bodyen fekk eit oppsving med musikkvideoen «Call on me» av Eric Prydz for eit par år tilbake.

Også i år er den populær, og perfekt å kle seg i under dei transparente plagga som regjerer trendbiletet.

«Baywatch»

TV-serien «Baywatch» må nok ta mykje av æra av for merksemda rundt badedrakta på 90-talet. Pamela Anderson og resten av livreddarane sprang rundt på stranda i dei minimale raude badedraktene som står igjen som ikon i dag.

Supermodellar stilte opp på magasinforsider i badedrakter med høg skjæring og lav utringing. Norske Vendela Kirsebom fekk forsida på «Sports Illustrated» i noko som var midt mellom badedrakt og bikini.

Baywatch

Badedrakta fekk eit oppsving på 1990-talet med TV-serien 'Baywatch'.

Foto: KEVIN LAMARQUE / REUTERS

Det er lite igjen av 90-talet i badedraktene som representerer 2011, men trenden med meir utfordrande drakter og større utringingar held fram.

Hege Aurelie Badendyck i Costume meiner fortrinnet med badedrakta er at den dekkjer meir.

– Har ein kompleks for magepartiet er badedrakta ei sikker redning. Dessutan føler ein seg meir påkledd i ei badedrakt. Med ein sarong i veska kan ein gå fra å svømme til å faktisk bere badedrakta som ein topp og sarongen som eit skjørt, og vere lunsjklar, trur ho.

– Trendane er ikkje viktigast

Ho kjem med desse tipsa for å sette saman strandantrekket.

Lanvin

Finn ei badedrakt du kjenner deg vel i, er tipset frå moteredaktøren i Costume.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

– Det er fokus på midjen så eit belte i livet kan vere fint. Det er ein fordel å dekkje til håret når ein solar seg, og eit sjal eller tørkle som du kan knytte rundt hovudet er både praktisk og kult. Har du ein hang til badetøy i mønster og fargar kan eit einsfarga, nedtona skjerf vere ei lur investering, seier moteredaktøren.

Når det gjeld bademote er det ikkje trendane som er viktigast, ifølgje Badendyck. Dette bør du sjå etter:

  • Prøv badetøyet på og finn ein modell som du føler deg vel i.
  • Første prioritet er ikkje kva som er mest trendy, men kva som passar kroppen din best.
  • Finn ein fasong som fremhevar, støttar eller skjuler det du ønskjer.

Kulturstrøm

  • Høie skal revurdere seteregel

    Etter press frå kulturlivet vil helseminister Bent Høie vurdere koronaregelen om fastmonterte seter på ny. – Blir det ei endring, er dette ein gladnyheit for musikk, kunst og kultur, seier Tone Østerdal i Norske Konsertarrangørar til Dagsavisen.

  • Har kjøpt Trump Baby-ballongen

    Britisk museum vil stille ut den berømmelige kjempebabyballongen som etterligner Donald Trump. Den seks meter høye ballongen ble et symbol under protestmarsjer mot Trump i hans regjeringstid. Den ble først luftbåren i London i 2018. Ballongen er kjøpt inn av museet til sin samling viet protestbevegelser.

    En seks meter stor Trump-baby har fått tillatelse av borgermesteren til å sveve over parlamentet i London