AV Espen Alnes
Reem Zada er leiar for foreininga for samtidskunst i Palestina. Ho trur ikkje at Hamas kjem til å endre stort på situasjonen for palestinske kunstnarar. Ho seier at valsigeren er eit resultat av eit protestval, og at Hamas er langt meir interessert i sosiale endringar enn kva kunstnarar måtte gjere.
Men valresultatet var likevel eit nederlag for dei interlektuelle i Palestina.
Zada seier dei er skuffa fordi valsigeren ikkje er ein følge av at Hamas har støtte i folket, men fordi dei protesterer mot dei som har hatt makta til no. Ho meiner dei intellektuelle kanskje har svikta, og at dei burde ha gjort meir for å bevisstgjere folk på kva som er det best for framtida.
Ingen endringar
Heller ikkje biletkunstnar og fotograf Inaz Hamad trur det blir store endringar når Hamas no kjem til makta.
- Ho seier at det ikkje vil vere noko problem så lenge vi veit at Hamas ikkje er interesserte i kultur. Maktovertakinga blir eit problem først dersom dei forsøker å ta makta i dei uavhengige organisasjonane. Men det trur ho er lite truleg fordi Hamas ikkje har nokon tradisjon for dette.
Verken Zada eller Hamad fryktar sensur når Hamas no kjem til makta. Det einaste unntaket er kunst som er kritisk til islam. Dersom nokon til dømes vel å avbilde profeten Muhammed, vil nok Hamas gripe inn, trur Reem Zada.
Kulturnytt, NRK P2, 27. januar 2006