Resett søkte medlemskap i Norsk Redaktørforening i 2018, men fekk avslag på grunn av fleire brot på Vær varsam-plakaten, tilbod om formidling av eit stort beløp til eit mogleg intervjuobjekt og oppmoding til boikott av andre medium, skriv Journalisten.
I september i fjor sende ansvarleg redaktør Helge Lurås ein ny søknad til redaktørforeininga. Lurås meinte det ikkje var saklege grunnar til å avslå søknaden på nytt.
Styret i Norsk Redaktørforening behandla medlemssøknaden frå Lurås og Resett tysdag kveld.
Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRKTysdag blei den nye søknaden behandla i styret til foreininga, og dei kom fram til at Lurås framleis ikkje oppfyller vilkåra til å bli medlem.
«Til tross for betydelig innslag av innen- og utenriksstoff fra primært NTB, mener styret at Resetts redaktør ikke forholder seg til alminnelige publisistiske prinsipper», skriv foreininga i ei pressemelding.
Grundige diskusjonar
Men sjølv om det blei avslag også i andre omgang, har styret merka seg ei betring i publiseringspraksisen til Resett. Men ikkje nok til at dei kunne godta søknaden, seier styreleiar Hanna Relling Berg.
– Vi har hatt dialog med Helge Lurås undervegs, og skulle sett at han blei ein del av eit redaktørfellesskap som samlar medlemmar frå heile det politiske spekteret. Styret har likevel konkludert med at Resetts redaktør ikkje oppfyller krava.
Ho seier til NRK at styret hadde ein god og grundig diskusjon før dei samrøystes kom fram til å avslå søknaden. Ho seier dei blant anna reagerer på at anonyme kommentatorar får kome med sterke personangrep på nettstaden.
Styreleiar i Norsk Redaktørforening, Hanna Relling Berg, seier Resetts redaktør ikkje oppfyller krava til å bli medlem i foreininga.
Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRKSkuffa
Helge Lurås seier til NRK at han er skuffa over avgjerda, men han er ikkje overraska over at dette blei utfallet.
– Ut frå den dialogen vi har hatt dei siste månadane, forstod eg at dei leitte etter argument for å halde oss ute.
Lurås meiner det norske meiningsklimaet er slik at det kan vere vanskeleg å stå fram med meiningar under fullt namn.
Dei kjem difor ikkje til å endre praksisen med anonyme kommentatorar med det første. Men dei vurderer kontinuerleg kor spissa formuleringane i desse kommentarane bør vere.
- Les:
Han seier at dei no vil bruke litt tid på å tenke på kva dei vil gjere vidare i saka.
– Vi må vurdere kva konsekvensane er, og kva steg vi skal ta for å hindre at Resett framleis blir diskriminert.
Undersøkte etikken
Sidan lanseringa i 2017 har Resett markert seg som ein innvandringskritisk nettstad. Dei har fått mykje kritikk for fleire av artiklane og kommentarane som dei har publisert.
Blant dei som har vore kritiske var dåverande statssekretær Sveinung Rotevatn (V) som i april i fjor gjekk hardt ut mot nettstaden, og skulda dei for å late som om dei dreiv med journalistikk.
Nettstaden blir skulda for å spreie rasisme, og fleire annonsørar trekte i fjor annonsane sine frå nettstaden etter ein kampanje på Twitter.
- Les:
- Les:
Men då tre medieforskarar nyleg undersøkte publiseringspraksisen til Resett, kunne dei ikkje finne feil ved etikken deira. Dei kartla alt som blei publisert i to utvalde veker.
– Eg hadde nok venta at vi ville finne eit større omfang av samanblanding av nyheitsartiklar og kommentarar, seier professor Paul Bjerke ved Høgskulen i Volda til Klassekampen.