Hopp til innhold

- Eit heilt anna alvor

Angrepet på Westergaard har kasta ein skugge over avisteiknaryrket. - Ein må vite kva ein gjer, seier VG-teiknar Roar Hagen.

Fra utstillingen "Den farlige streken". Tegning: Roar Hagen, VG

Ei avisteikning av Roar Hagen, VG. Men å teikne Muhammed har Hagen enno ikkje gjort.

Foto: NRK

Politisk teiknar i VG, Roar Hagen seier, i eit intervju i Radioselskapet på NRK P2 i dag, at angrepet på kollega Kurt Westergaard 1. januar har kasta ein skugge over yrket som karikaturteiknar, og skapt eit nytt reelt alvor.

Roar Hagen, Per Elvestuen, Siri Dokken og Herb

Politisk teiknar i VG, Roar Hagen meiner angrepet på Westergaard har endra avisteiknaryrket.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

- Ei teikning kan nær sagt setje verda i brann. Det vi gjer har fått eit heilt anna alvor. Ein må vite kva ein gjer, slik at ein ikkje uforvarande dummar seg ut. Dersom ein skal teikne profeten må ein vite kva ein gjer, seier Roar Hagen.

Trass i at Hagen seier at ein som avisteiknar sjølvsagt vil ha merksemd om innhaldet i det ein gjer, misunner på ingen måte merksemda Westergaard har fått med sin karikatur av Muhammed.

– Det er utruleg belastande, han må leve med beskyttelse og kan aldri vite når ein eller annan galning prøver å ta livet av han att. Han er truleg fanga i dette for resten av livet, trur Hagen.

Forsvarer publisering

Den kunstnariske kvaliteten på Westergaard sine teikningar er ikkje Hagen så imponert over, men han ser at innhaldet i teikningane har enorm kraft som ein katalysator. Konflikten om kva som er politikk, og kva som er sekulært og religiøst, vart spissa med publiseringa av teikningane, meiner Roar Hagen.

Kurt Westergaard

Kurt Westergaard vart angripen med øks i sin eigen heim 1. januar i år.

Foto: Scanpix/AP

Han tykkjer konsekvensane av teikningane er både skremmande og overraskande.

Dei siste dagane har tidsskriftet Minerva, Bergens Tidende, og nettversjonen av Dagbladet, og i dag også Aftenposten publisert ein faksimile av Muhammed-teikningane.

VG har sagt at dei på eit prinsipielt grunnlag ikkje vil trykkje Muhammed-karikaturane, og Hagen respekterer det, trass i at han sjølv har ei anna oppfatning.

- Personleg ville eg ha ynskt at dei hadde trykt karikaturane med ein gong, seier Roar Hagen.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober