Hopp til innhold

Laussalet sviktar

Avismarknaden opplever ein generell nedgang i opplagstal. Men det er laussalsavisene Dagbladet og VG står for den største nedgangen.

VG
Foto: Morten Holm / Scanpix

I dag presenterte Mediebedriftenes Landsforening opplagstala og lesartala til avisene for 2009.

Det er ein generell nedgang i avismarknaden, og det gjeld alle typer aviser. Men verst råka vert likevel laussalsavisene Dagbladet og VG.

Dersom ein held Dagbldet og VG utanfor er avismarknaden ganske stabil, med ein total nedgang på berre 2,3 %. Alle fylka merkar nedgangen, men Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best frå det med berre 0,7% nedgang.

Klassekampen opplagsvinnar

Klassekampen er opplagsvinnar for dagsavisene, med ein vekst på 9,5% eller 1.156 fleire eksemplar. Også Finansavisen, og Gjengangeren i Horten har ei positiv utvikling i opplagstala.

Bjørgulv Braanen

Ansvarleg redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen har god grunn til å vere nøgd.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Blant avisene som kjem ut færre enn fire dagar i veka, er det Ukeavisen Ledelse, Utrop og Morgenbladet som er vinnarane.

Av dei avisene som er medlemmar i Mediebedriftenes Landsforening er det 128 som har nedgang, og berre 38 som har ein auke i opplagstala. For abonnementsavisene er utviklinga meir stabil, men også desse opplagstala peikar nedover.

Det syner seg også at søndagsmarknaden vert stadig vanskelegare. I 2009 var det fem aviser som kutta ut søndagsutgåva, og dei fem søndagsavisene framleis kjem ut hadde ein nedgang på 6 %.

Økonomiavisene har hatt ei postiv utvikling frå 2003, men no ser ein eit brot i denne tendensen. Dagens Næringsliv gjekk i 2009 relativt kraftig tilbake, medan Finansavisen framleis har framgang, fortalde fagsjef i MBL, Helge Holbæk-Hanssen som presenterte avisopplagstala.

- Dagens Næringsliv har alltid vore ei konjunkturavhengig avis, og 2009 har vore eit vanskeleg år, kommenterte Helge Holbæk-Hanssen.

VG og Dagbladet slit mest

Nedgangen er likevel størst for dei to store laussalsavisene VG og Dagbladet, dei står for 40 % av den samla nedgang. Sidan år 2000 har det vore ein tendens at opplagstala til desse to avisene har gått nedover.

I reine tal har VG gått tilbake med 22.040 eksemplar (-7,7%), medan Dagbladet har gått tilbake med 18.000 eksemplar (-14,7%).

Lars Helle

Konstituert redaktør i Dagbladet, Lars Helle seier dei var budd på nedgang.

Foto: Berit Roald / Scanpix

— Vi har ein sterk nedgang i papiropplaget. Men det har vi vore budd på, og har klart å styre drifta vår etter det, og vi trur papiropplaget vil halde fram med å falle, seier konstituert redaktør i Dagbladet, Lars Helle.

Opplagstala til dei store regionavisene som Aftenposten, Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad held seg relativt stabilt, men også dei går litt tilbake. Også for dei er det laussalet som går mest tilbake, medan dei klarer å halde seg om lag på same nivå som tidlegare i abonnementsmarknaden.

— Dersom utviklinga held fram vil Aftenposten Morgen innan eit par tre år vere den største avisa i Noreg, sa Helge Holbæk-Hanssen.

Samsvarande lesartal

For 2009 er det relativt stort samsvar mellom opplagstals- og lesartala. VG og Dagbladet taper også flest lesarar. Totalt ser ein ein tilbakegong på 5,8% i lesartal for dei største avisene i landet.

— Ein ser ein tendens til at om papiravisa går tilbake, aukar nettavisa. Totalt held dermed avisene på posisjon sin, sa Holbæk-Hanssen.

Nisjeavisene har ei stabil lesarutvikling, med unntak av Klassekampen som aukar med heile 16 %.

Holbæk-Hanssen peikte også på at ein ser ein sterk vekst i aviser for mobil, og at ein ventar at denne veksten vil halde fram.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober