Hopp til innhold

Autofil-bobla er ferdig!

Heile denne våren har Jan Erik fått hjelp av dei beste fagfolk til å pusse opp ei gamal boble. Målet var å få den til å bli den mest romantiske piknikbobla i verda. No er den ferdig!

Jan Erik Larssen i bobla si
Foto: Tor Bergebakken / NRK

I førre sesong av Autofil fekk Jan Erik hjelp til å pusse opp ein båt til å bli draumebåten sin . Denne sesongen er det ei boble som fekk pussehjelp.

Denne bobla starta som ein kabriolet som hadde ein del rust, den var rett og slett ikkje i topp stand.

Svensken blir norsk

 

Kontraktskriving
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Det første Jan Erik måtte gjere var å reise til Sverige for å kjøpe bobla, så var det å få den svenske bilen inn i landet.

Nett-TV: Sjå innslaget der bobla blir kjøpt og fortolla.

Etter at bobla er trygt innanfor grensa må den bli godkjent, og ein nervøs Jan Erik tok bilen med til biltilsynet. Vil den 35 år gamle bilen bli godkjent?

Nett-TV: Sjå innslaget der bobla blant anna er på besøk hos biltilsynet.

Heldigvis blir den det, no er svensken blitt norsk.

Det er mange idear som boblar rundt i hovudet til Jan Erik, og det neste er å sjekke om det er mogeleg å realisere alle desse planane, og då treng han hjelp.

Mykje rust

Jan Erik Larsen i bobla
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Det er ikkje alt som er like lett å sjå med ein gong ein kjøper ein bil, som for eksempel rust. Jan Erik blir ganske fortvila når han merker at bobla er full av rust. Har han kjøpt katta i sekken?

Nett-TV: Sjå innslaget der bobla får grunning og lakkering.

Men heldigvis får dei vekk rusten, og draumen kan bli realisert. Og denne draumen er at piknikbilen skal bli lyseblå, slik som himmelen er ein vakker sommardag. Den skal bli lakkert med ei vakker eng med blomar, den skal få nytt interiør og den skal få moderne teknologi.

Herleg lakkering

 

Blomster på bobla
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Etter at bilen er blitt lakkert i ein nydeleg himmelblå farge skal den bli endå meir nydeleg, den skal bli meir som Jan Erik har tenkt det, den skal sjå ut som ei eng.

Og då treng Jan Erik meir hjelp, god hjelp. Ivar Åsland er mannen, han får i oppdrag av Jan Erik å lakkere blomar og anna naturmotiv på bilen, ein jobb som blir heilt fantastisk gjort.

Nett-TV: Sjå innslaget der bobla får vakre blomar lakkert på seg.

Interiøret må på plass

 

Bensinlokket til Autofil-bobla
Foto: NRK

Heile tida finn Jan Erik nye små element i lakkeringa. Ei lita bie her og ei lita bie der. Men det er meir som skal til, interiøret som var i bilen då Jan Erik kjøpte den var ikkje mykje å skryte av, men no skal det bli ei forandring her og.

Og som vanleg får Jan Erik den beste hjelpa til å fikse dette. Magne Engebråten hjalp Jan Erik då han fiksa opp draumebåten sin i førre sesong, no skal mannen få hjelpe han med draumebilen.

No er det ikkje lenge igjen før denne sesongen av Autofil er over. Det vil seie at Autofil-bobla begynner å bli ferdig, eller?

Nesten ferdig

 

Bobla har fått seg boks

Det er framleis eit par ting som står igjen før Jan Erik er 100 % fornøgd, som å få eit deksel til å ha camingutstyret i og få moderne teknologi i bilen.

Det er båtbyggar Odd Bjørn Jørgensen som får i oppdrag å lage boksen som skal gøyme blant anna campingstolar, bord, eingongsgrill og parasoll. 

Teknologien er det Ketil Haugen Skei som skal ta seg av, og her er det ikkje småtteri det er snakk om. Her blir det fjernsyn og alt som skal til for at bilen er i topp stand.

Nett-TV: Sjå innslaget der bobla får nytt interiør, del 1

Nett-TV: Sjå innslaget der bobla får nytt interiør, del 2

Romantisk nok?

 

Autofil-bobla
Foto: NRK

Då er dagen her, dagen Jan Erik og alle andre har venta på så alt for lenge. Bobla er ferdig!

Men det er framleis ein ting som står igjen. Er piknikbobla romatisk nok?

Jan Erik tek med seg kona på ein romantisk kjøretur, dei et i ei eng ved sjøen og dei kjører rundt med eit stort smil om munnen, alt er som det skal.

Jan Erik konkluderar med at dette nok er den mest romantiske piknikbobla i verda!

Sjå fleire bilder av den romantiske bobla.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)