Hopp til innhold

Aurora plantar eit tre for kvar kjøpte plate

Aurora er oppteken av klimakampen, og er i ferd med å lage sin eigen Aurora-skog i Sør–Amerika.

Aurora Aksnes

NATUREN: For Aurora Aksnes er det viktig å ta vare på naturen. Her avbilda i Rosendal i Kvinnherad i 2020.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det fortel popstjerna frå Os når ho gjestar Lindmo denne veka.

Aurora har tidlegare uttalt til NRK at ho har eit djupt og spirituelt forhold til naturen, og at klimakampen er ei av dei største hjartesakene hennar:

– Vi gjer så mykje som er med på å drepe jorda. Det er hjarteknusande at det har gått så langt på grunn av grådigheit.

– Men det er veldig inspirerande å sjå at det finst så mange menneske som vil gjere noko godt for verda også, sa ho til NRK i haust i forbindelse med FNs klimatoppmøte.

Sjølv bidreg ho med å lage ein miljøskog i Sør-Amerika.

Aurora Aksnes

PLANTAR: Aurora bryr seg om klima og miljø.

Foto: Markus Indrebø Langlo / NRK

– Eg pleier å plante eit tre i ein skog eg lagar i Sør-Amerika, eit tre for kvar plate folk kjøper. Framgang skjer med alle individ som bidreg. Då lagar vi ein Aurora-skog, seier ho til Lindmo.

– Det uperfekte kan vere det perfekte

Aurora Aksnes er ein av Noregs største popartistar med låtar som er strøyma over ein halv milliard gongar. I tillegg har ho millionar av følgjarar på Instagram og TikTok.

Nå er ho aktuell med fjerde plate som NRKs kritikar meiner er ein imponerande affære.

I albumet, som er titulert «The Gods We Can Touch», adresserer ho mellom anna klimakamp og retten til å elske den ein vil.

Aurora Aksnes

SENSASJON: Aurora har fans over heile verda.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

I Lindmo fortel ho at ho har henta mykje inspirasjon frå gresk mytologi.

Eg er fascinert av det menneskelege og det guddommelege, og at vi tenkjer på det som to ulike ting.

– I gresk mytologi kan det vere det same. Det uperfekte kan vere det perfekte

Aurora

– Eg er ganske skamfri

25-åringen fortel at ho har tenkt mykje på menneske som gjennom historia har blitt fråteken fridomen til å vere den dei er.

Ho peiker på at det som bør bli sett på som naturleg og nydeleg ofte har blitt skamlagt.

Derfor resonnerer ho til den greske mytologien fordi den er aksepterande for vår menneskeleg oppførsel.

– Det var ikkje noko feil å vere kvinne, homoseksuell, seksuell, naken, nyte vin, vere transvestitt. Dei hadde mykje framgang vi har mista litt på vegen. Det verkar som framgang er når flest menneske har det bra. Det er bra å vere fri i seg sjølv. Og ikkje skamme seg.

Klarer du det? spør Anne Lindmo.

Eg er ganske skamfri. Det gir ikkje meining å skamme meg for å vere nysgjerrig, fri, annleis eller teit. Viss det er ein del av å vere meg og menneske, er det ikkje naturleg å skamme meg over.

På grunn av prinsesse Ingrid Alexandras bursdag blir Lindmo sendt lineært laurdag kl. 21.25 på NRK 1. Eller du kan sjå Lindmo når som helst i NRK TV.

Sjå dokumentaren om Aurora her:

Enorm suksess, konserter over hele verden og et ungdomsliv snudd på hodet. For popsensasjonen Aurora ble det for mye. Norsk dokumentar.

Enorm suksess, konsertar over heile verda og eit ungdomsliv snudd på hovudet. For popsensasjonen Aurora vart det for mykje.

Kulturstrøm

  • Toffen Gunnufsen blir ny kultursjef i Lillesand

    Toffen Gunnufsen (62) er ansatt som kultursjef i Lillesand kommune. Det opplyser Lillesand kommune i en pressemelding søndag kveld.

    – Jeg gleder meg til å påta meg rollen som kultursjef. Å skape kulturopplevelser for alle, samt å dele glede med andre er noe jeg virkelig ser frem til. Vi må sikre at det spesielle og karakteristiske ved byen vår bevares, samtidig som vi har et åpent syn på fremtiden, uttaler den kommende kultursjefen i pressemeldingen.

    Gunnufsen har lang erfaring innen festival- og kultursektoren og har tidligere jobbet for Quartfestivalen i Kristiansand i 15 år. Han var med å starte opp Hovefestivalen på Tromøya i Arendal og Skral i Grimstad.

    Toffen Gunnufsen
    Foto: Robert Rønning / NRK
  • Kongen åpnet det nye skimuseet i Holmenkollen

    Kong Harald deltok på den høytidelige åpningen av det nye skimuseet i Holmenkollen lørdag.

    Skiforeningen har oppgradert skimuseet for 90 millioner kroner og fra og med søndag er museet åpent for alle.

    Skimuseet, som i år fyller 100 år, har fått et helt nytt inngangsparti tegnet av Snøhetta. Også flere utstillinger er opgradert.

    – Nå skaper vi et reisemål som er enda mer attraktivt for både norske og utenlandske gjester – enten de er interessert i sport, kultur, arkitektur eller utsikt, sier generalsekretær Håvard Abrahamsen i Skiforeningen.

    (NTB)

    Hans Majestet Kong Harald deltar på åpningen av det nye Skimuseet.
    Foto: Frederik Ringnes / NTB