– Auka netthandel vil føre til færre butikkar. Det blir dramatisk for dei tilsette, meiner teknologidirektør i Geta, Alexander Haneng.
Nordmenn handla varer for over tre milliardar kroner på nett i løpet av dei to fyrste månadane i år. Det er ei auke på 9,9 prosent frå same periode i fjor, viser tal frå SSB.
Ifølgje Haneng føregår om lag 90 prosent av handelen framleis i fysiske butikkar, men han trur den kjem til å gå ned til 50 prosent på få år. Og det blir ikkje berre færre tilsette i butikkane, rollene deira kjem òg til å endre seg.
FÆRRE BUTIKKAR: Alexander Haneng fortel at ein svensk rapport spår mellom fem og ti tusen færre butikkarbeidsplassar innan 2025. Utviklinga truleg vil gå same veg i Noreg.
Foto: Caroline Tolfsen / NRK– Dei tilsette vil i større grad følgje opp kundar og gje råd i staden for å ta i mot betaling. Sjølv om utviklinga er alvorleg for dei som arbeider i butikk, så er det positivt for kundane. Det er slik dei vil handle.
– Kvifor er netthandel så populært?
– Det er enkelt. Vi lever i tidsklemma og har dårleg tid. Vi vil helst gjera det på enklast mogleg måte og få varene sende rett heim.
Trur varehusa vil stå seg
Fleire forretningar er i gang med å omstille seg for auka netthandel. Ifølgje Virkes Handelsrapport har over 60 prosent av norske butikkjeder ein nettbutikk.
Møbelkjeda IKEA har utsett bygging av tre varehus da kundanes handlevanar er i utvikling. Dei seier det er viktig å etablere varehus som står seg godt i framtida.
MOGLEGHEITER: Nina Øktedalen i IKEA meiner at teknologien gjev nye moglegheiter.
Foto: Ghorbani Lokman / NRKMøbelkjeda har også etablert serviceavdelingar der folk kan hente varer dei har bestilt på nett. Så langt har dei oppretta Service & Pick-up Points i Tromsø, Ålesund og Skøyen. Leiar for IKEA Netthandel, Nina Øktedalen, trur at varehusa også blir viktige i åra som kjem.
LEGG TIL RETTE FOR NETT: IKEA har oppretta såkalla Service & Pick-up Points, der folk kan få hjelp til å bestille varer på nett.
Foto: Jonathan Nackstrand / AFP– I år har om lag ti prosent av omsettinga vår blitt skapt utanfor dei fysiske varehusa. Men framleis ser vi at tusenvis strøymer til butikkane våre kvar dag. Personleg trur eg varehusa vil stå seg godt i framtida.
– Korleis påverkar teknologien handlevanane til kundane dykkar?
– Dei blir påverka på same måte som andre. For oss vil det seia at vi møter kundane oftare enn før. Vi møter dei på mobilen, når dei slappar av i sofaen, framfor PC-en og i varehusa, seier Øktedalen.
Må satse på innovasjon
Fyrsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, Peder Inge Furseth, meiner at nordmenn er raske til å fange opp ny teknologi, og at forbrukarane er tidlegare ute enn næringslivet.
KOMFORTABELT: Fyrsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, Peder Inge Furseth, seier at det er komfortabelt og ofte billigare å handle på nett. Ein har òg betre moglegheiter for å klaga.
Foto: Handelshøyskolen BI– Norske butikkar har ikkje vore så flinke til å ta i bruk ny teknologi, difor vil utanlandske nettbutikkar reise ein trussel mot tradisjonell norsk varehandel.
Furseth trur at ordinære butikkar går ei tøff framtid i møte om dei ikkje satsar meir på innovasjon enn i dag.
– Vi ser ein tendens til at store softwareplattformer tek over. Kanskje heiter banken din Apple eller Facebook om fire-fem år.
Saka er oppdatert med endringar i avsnitt om IKEA.