Hopp til innhold

Åtvarar om farar på internett: – Foreldre må engasjere seg

3 av 10 foreldre synest det er vanskeleg å halde oversikt over kva barna deira gjer på internett. Det viser ei ny undersøking frå Medietilsynet.

Morten Scivoletto Knutsen, Augustin Scivoletto Knutsen og Sicilia Scivoletto Knutsen

GODT VANTE: Sicilia (t.h.) og Augustin Scivoletto Knutsen (t.v.) er som mange andre barn og unge godt vante nettbrukarar. Pappa Morten seier han prøver å følgje med på kva dei gjer på nettet.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Operatør i Nettpatruljen Vest, Hans Olav Ulvenes, åtvarar foreldre som ikkje engasjerer seg.

– Vi har fått inn tips om sal av narkotika og alkohol på nett. Dette er noko vi veit skjer.

Ulvenes får mange spørsmål frå barn og unge. Ved sida av sal av rusmiddel spør barn om råd om nettmobbing, nakenbilde som har blitt delt og skadeleg innhald som til dømes vald.

Hans Olav Ulvenes, operatør politiets nettpatrulje vest

ALVORLEG: Hans Olav Ulvenes i Nettpatruljen anbefaler foreldre å gå inn på Nettpatruljens nettsider for å læra meir om nettvett.

Ulvenes meiner difor det er viktig at foreldra engasjerer seg, for det kan vere alvorlege ting som skjer.

– I verste fall kan dei vere innblanda i noko straffbart, eller at dei har blitt utsett for noko straffbart utan at dei veit om det.

Kjenner seg igjen

Familiefar Morten Scivoletto Knutsen kjenner seg att i problemstillinga og kjenner heller ikkje at han har full kontroll.

– Men vi prøver, som dei fleste foreldre prøver. Eg er nok redd for at vi kjem til å famle meir framover med å ha full kontroll. Viss det er målet da, for eg trur full kontroll er umogleg, seier han.

Morten Scivoletto Knutsen

OPPMERKSAM: Familiefar Morten Scivoletto Knutsen er oppmerksam på barnas nettbruk.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Dei to eldste barna hans er snart 11 og 8 år gamle og er habile nettbrukarar.

Sicilia likar best å sjå på program på Netflix, medan Augustin helst ser på spelkanalar på YouTube.

– Det eg er mest redd for er netthets, mobbing og sending av bilete, seier Morten.

Ei god nyheit?

Vi spør leiaren i Medietilsynet om det ikkje eigentleg er ei god nyheit at så mange som 7 av 10 føler dei har kontroll over barnas nettbruk.

– Det at såpass mange veit kva ungane driv på med på nettet er positivt. Men vi veit også frå andre undersøkingar at det ikkje alltid er samanfall med det foreldre opplever og det barn og unge opplever.

– I dei fleste tilfelle går det heilt sikkert fint, men det er absolutt ein del farar på internett som foreldre bør vere obs på, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Mari Velsand

DIALOG: Mari Velsand i Medietilsynet seier det er like viktig å snakke med barna om nettbruk som om andre daglegdagse aktivitetar som fotballtrening.

Ho peiker på at mediebruken har blitt meir og meir individualisert dei seinare åra, og at vi konsumerer vårt eiga innhald på vår eiga skjerm. Det gjer det vanskeleg for foreldre å følgje med.

– I tillegg er mange barn og ungdom raske til å oppdatere seg på ny teknologi, og laste ned appar som foreldre kanskje ikkje kjenner til eller veit omfanget av.

Det viktigaste rådet ho kan kome med til foreldre er å vise interesse og skape trygge rammer for å snakke om det ein ser på nettet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober