Minnediktninga
Lett sarkastisk, byrjar Petter Dass minnediktet over Peder Christophersøn Broch, stefar sin, som døydde i februar 1707, då hr. Petter sjølv syntest han var i sin høge alderdom og såg sin eigen død venta i dørglytten. Alt i august same året, vart det hans tur. Stefaren vart ”Tre snese Aar og siuf dertil”, Petter var 60; det var ikkje stor aldersskilnad på dei to mennene.
At skrifve Vers om døde Liig,
Som føres hen til grafven,
Dend Skick er nu saa brugelig,
Som Sjæle-sang hos Pafven;
Naar mand af huus er baaren hen,
Da bliver hans bedrifter
Forgyldet strax ved andres pen
I mange vers og skrifter;
Men kunde mand med pen og blech,
Og vers paa vers at skrive,
Indjage døden saadan skrech.
Innleiinga til dette diktet kan verka som ein både resignert og spydig kommentar til ein diktsjanger som Petter Dass ser har sine openberre fallgruver. Likevel held han fram, og utnyttar denne innleiinga nettopp for å få fram den dødes fortenestefulle liv og dygd. Når ikkje eingong Peder Broch kunne bergast frå døden, han som var så prektig, kven kan då rekna med miskunn? Ikkje desto mindre skal det diktast:
Røyster fra graven
Petter Dass brukar ofte namna både på dei han talar om, og dei han talar til. Og han lar ulike røyster koma til orde i dikta, som når han i ”Peders Graad, Peders Raad” først lar Peter Bredal fortelja om si sorg og ulukke ved tapet av kona, før han sjølv, Petter Dass, tar til orde med rettleiing og trøyst. Fleire stader er det også den døde sjølv som talar frå kista og grava og gjer greie for sitt tidlegare miserable liv og sin noverande herlegdom.
Dette er et utdrag av foredraget Vigdis Berland Øystese skrev for P2-akademiet 300 år etter hans død. Det tar for seg Petter Dass si minnediktning en noe ukjent del av hans virke.
Øystese er Cand. Philol og høskolelektor med fagområde: Norsk med hovedvekt på litteratur. Arbeider med dr.gradsavhandling om bildebruken i salmer. Hovedoppgave fra UiB om høvesdikting i Danmark-Norge 1600 og 1700-tallet.
Hun tidlegere holdt foredrag i P2-akademiet om kvinneliv på Strilelandet og salmers bruk gjennom historien.
P2-akademiet kommer også ut i bokform er du interessert i dem kan du kontakte oss på p2.akademiet@nrk.no