Hopp til innhold

Asteroide oppkalt etter Freddie Mercury

Queen-vokalst Freddie Mercury held fram å leve på stjernehimmelen. I samband med det som ville ha vore 70-årsdagen hans, fekk han ein asteroide oppkalt etter seg.

FILES-ENTERTAINMENT-US-BRITAIN-MUSIC-ASTRONOMY-QUEEN

Queen-vokalist Freddie Mercury har fått astroide som ligg mellom Mars og Jupiter oppkalt etter seg.

Foto: JEAN-CLAUDE COUTAUSSE / Afp

Mandag var det 70 år sidan Freddie Mercury blei fødd. Under eit arrangement for Queen-fans i Montreux i Sveits, fortalde gitarist Brian May nyheita, melder BBC.

Han fortalde at det er asteroide 17473 som no har fått namnet Freddiemercury. Asteroiden blei oppdaga av ein belgisk astronom i 1991, same år som Mercury døydde etter komplikasjonar i behandlinga av AIDS.

Ligg mellom Mars og Jupiter

BRAZIL-MUSIC-ROCK IN RIO

Brian May er sjølv astrofysiker og fekk ei astroide oppkalt etter seg.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / Afp

Brian May har ein doktorgrad i astrofysikk, og har sjølv ei asteroide oppkalt etter seg. Han fortalde at asteroiden som no blir oppkalt etter Freddie Mercury ligg i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter.

Professor Chris Lintott ved universitetet i Oxford seier til the Guardian det er flott at ein asteroide no har fått namn etter Queen-vokalisten:

– Han blir med det med på ei liste som inkluderer alle medlemmane i the Beatles, Frank Zappa, Bowie, og underleg nok gruppa Yes. Då er det bra at asteroiden går i ein litt underleg bane rundt sola, akkurat slik han sjølv gjorde.

I godt selskap

SPAIN-CONCERT-SPRINGSTEEN

Bruce Springsteen har også ein astroide oppkalt etter seg.

Foto: ANDER GILLENEA / Afp

Lista av asteroidar som har fått kjende namn, har etter kvart blitt lang. Kurt Vonnegut, Henrik Ibsen og Bruce Springsteen er blant dei som har fått namnet sitt på stjernehimmelen.

Men dersom du vil ha eit glimt av asteroiden Freddiemercury, må du ha eit kraftig teleskop.

– Det er eit mørkt objekt, meir som kol i rommet. Sett frå jorda er asteroiden meir enn 10 tusen gongar mørkare enn det du kan sjå med det blotte auget. Det er grunnen til at han ikkje blei oppdaga før i 1991, fortalde May under samlinga i Sveits.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.