Regi: Niels Mueller
Med: Sean Penn, Naomi Watts
Året er 1974 og det er store politiske omveltingar i USA. Sam Bicke er ulukkeleg separert frå kona si og treng noko å tru på. Han er idealist, og ser frustrert på at han blir tvinga til å lyge i jobben som kontormøbelseljar og at bestevenen Bonny vert hersa med fordi han er svart. Det einaste lyspunktet er ein forretningside om å starta dør til dør sal av dekk, men til det treng han eit beskjedent banklån. Då han får avslag på søknaden raknar det for Sam.
Kona slepp han ikkje inn i huset og dei Svarte Panterane vil ikkje ha han som medlem sjølv om han forslår at dei skal kalla seg Sebraene i staden, og banken avslår til slutt søknaden hans. Til slutt klarar ikkje Sam sjå seg sjølv utanfrå, sjølvbedraget han har levd og ånda for sviktar saman med dei kring han.
Kompleks og farleg
Ingen spelar misforstått, ulukkelege utanforståande menn som Sean Penn. I «Assassination of Richard Nixon» vender han ei klisjéfylt rolle som mannen som mister alt på kort tid om til ein kompleks karakter som må gå eigne vegar for å setje fotefar i historia.
Hatet til Sam rettar seg mot Richard Nixon, den største skurken av alle fordi han selde seg inn to gonger på same sak hos det amerikanske folket. I begge periodane han satt i det kvite hus lova han å trekka dei amerikanske styrkane ut av Vietnam. No er det ikkje nytt at folk lastar myndigheitene for problema sine, men ikkje alle vert så farlege som Sam Bicke.
«Assassination of Richard Nixon» er inspirert av ei sann historie. Filmen er ei intens studie av ein mann som sakte men sikkert blir mentalt gal. Ein galskap som til slutt får fatale konsekvensar.
Kulturnytt, NRK P2, 31. mars 2004