Hopp til innhold

Arrangerer årets største 17. mai-tog – på Minecraft

17. mai er ein av dei beste dagane i året for mange born og unge, men på grunn av pandemien blir ikkje dagen slik vi er vane med. Det vil tre gamarar gjere noko med.

Slottet i Minecraft-versjon

VIRTUELT: Vil du besøke slottet på 17. mai? Snart får du sjansen gjennom spelet Minecraft.

Foto: Skogliv

– Vi ønskjer å gje borna ei betre feiring enn dei ville hatt utan. Vi vil rett og slett gje borna ein kul 17. mai, seier Erlend Pilø, som jobbar på spreng for å få alt på plass for det digitale 17. mai-toget.

Frå sju om morgonen til ti om kvelden kan folk frå heile landet bli med i digitalt 17. mai-tog gjennom spelet Minecraft.

Portrett av Erlend Pilø som jobbar med teknikken i Skogliv.

SKAPAR: Erlend Pilø jobbar med teknikken i Skogliv og det digitale 17. mai-toget.

Foto: Skogliv

– Det går tog jamt utover dagen, der dei ulike kommunane som har meldt seg på har fått sitt eige tog, på eit bestemt tidspunkt, seier Pilø og held fram:

– Men vi har kapasitet til å ta imot dei som ønskjer å bli med. Er ein på Hamar og ønskjer å bli med i toget til Ullensaker, er ikkje det eit problem.

Minecraft er litt som lego, ein bygger ting av klossar og kan møte venene sine inne i dette virtuelle universet.

Dei som står bak 17. mai-toget, er Skogliv, som jobbar for å gje born ein trygg stad å spele saman på internettet, styrt av vaksne som passar på.

Saman med born og unge frå heile landet, har dei bygd opp ein slags eventyrsti. Den går frå Slottsplassen og er innom forskjellige stadar i landet, som Austlandet, Sørlandet, Vestlandet og Nord-Noreg, før toget endar opp framføre Stortinget.

Bryggene i Bergen
Foto: Skogliv

Kommunar landet over har meldt interesse for å vere med på den digitale feiringa.

Gjentek suksessen frå i fjor.

Det er andre året på rad at gjengen bak Skogliv lagar 17. mai-stemning inne i Minecraft. I fjor var heile 9000 med å gå i tog i løpet av dagen.

I år har nærare 25 000 meldt si interesse for arrangementet på Facebook. Vanlegvis går om lag 30 000 born i 17. mai-tog i Oslo.

– Vi forventar at mange vil delta på arrangementet og dimensjonerer systema deretter, seier Pilø.

– Blir det korpsmusikk inni spelet?

– Det er dessverre svært avgrensa lydmoglegheiter i Minecraft, men vi har klart å snike inn nasjonalsongen, men den er litt «pling, plong». Det er ikkje heilt nasjonalsongen verdig, men vi har fått inn litt lyd i alle fall, forklarer Pilø.

Møt kronprinsfamilien

Inne i Minecraftverda kan ein også ta turen innom Asker og garden Skaugum. På trappa her kan ein møte kronprinsfamilien.

Ein digital versjon av kronprinsfamilien, som står på trappa ved sommarhusett sitt i Skaugum.

KONGELEG: Slik ser kronprinsfamilien ut i Minecraft-versjon.

Foto: Skogliv

Sjølve kronprinsfamilien er ikkje pålogga, men ein kan møte figurar kledd i dress og bunad og med flagg i handa.

I år blir det ikkje fysisk tog framføre Stortinget, men i Minecraft vil dei digitale lego-liknande figurane sitt tog ende opp her. Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen er svært positiv til arrangementet:

– Eg synest det er gøy å heie på noko som å lagar kreative løysingar for at fleire kan få lov til å gå i eit annleis 17. mai-tog.

Ho seier det er naturleg at Stortinget er med på feiringa, sidan det er dei som forvaltar grunnlova, som vi feirar på 17. mai.

– Dette gir ei moglegheit til å gå i 17. mai-tog andre stadar enn ein vanlegvis gjer.

En av initiativtakerne er i perioder tilknyttet Nrk nyheter, men har ikke vært involvert i det journalistiske arbeidet med denne saken.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)