Hopp til innhold

Arkeologar har funne ei over 3000 år gammal gullmaske i Kina

Over 500 gjenstandar er funne i ei utgraving i Sichuan-provinsen i Kina. Blant det som er funn er restane av ei over 3000 år gammal gullmaske.

Gullmaske funent i Kina

Gullmaska som blei funne i Sinchuan er truleg over 3000 år gammal. Utrekningar viser at ho kan vere laga av 84 prosent gull.

Foto: Chinaculture.org

Maska har sannsynlegvis vore brukt i seremoniar, og veg rundt 280 gram. I alt er det funne over 500 gjenstandar i utgravinga i Sanxingdui utanfor provinshovudstaden Chengdu i Kina, skriv CNN.

I tillegg til gullmaska er det funne fleire gjenstandar i bronse, elfenbein og jade. Det er også funne ei uopna trekasse og eit sjeldan bronsekar.

Utgravinga starta i oktober 2019, og blei nyleg avslutta.

Ekspertar meiner funna kan kaste nytt lys over oldtidsstaten Shu, der Sanxingdui truleg var hovudsetet. Shu var sjølvstendig fram til dei blei erobra i 316 før Kristus.

Mange funn

Det er uvisst når Shu-riket blei etablert, men gjenstandar som er funne tidlegare er truleg opp mot 4000 år gamle. Mange av gjenstandane er utstilte på museet i Sanxingdui.

Det store gjennombrotet for dei som har forska på oldtidsstaten kom i 1986. Då blei det funne over 1000 gjenstandar i ei stor utgraving. Blant det som blei funne den gongen var ei godt bevart bronsemaske.

Sjeldent bronsekar i Kina

Blant funna som blei gjort på utgravingsplassen denne gongen, var dette sjeldne bronsekaret. Tidlegare er det også funne godt bevarte bronsemasker i området.

Foto: Chinaculture.org

Dei mange funna i området har ført til at historikarar har måtte endre synet på korleis den gamle kinesiske sivilisasjonen utvikla seg.

Ikkje på verdsarvlista

Utviklinga i Shu-staten har truleg gått uavhengig av utviklinga i andre samfunna rundt Huang-elva, som tradisjonelt blir rekna som vogga til den kinesiske sivilisasjonen.

– Dei nye funna gir ein rikare og djupare forståing for kulturen i Sanxingdui, sa Song Xinchao, som er visedirektør i Kinas kulturminneforvaltning, til det statlege telegrambyrået Xinhua.

Figur i elfenben funnet i Kina

Arkeologane i Kina fann blant anna øydelagde figurar i elfenbein i utgravingane.

Foto: Chinaculture.org

Det er også funne silkefiber og stoffrestar som kan tyde på at området var ein viktig stad for silkeproduksjon i det gamle Kina.

Sanxingdui står framleis ikkje på verdsarvlista til Unesco, men er blant stadane som er til vurdering. Men organisasjonen seier at saman med andre funn frå Shu er staden ein viktig representant for bronsealderen i Kina, Aust-Asia og til og med i verda.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober