Her i Arilds absurditorium legg eg ut til offentlig spott og spe diverse tankar eg har gjort meg. For så vidt har eg delt desse tankane med fleire hundre tusen lytterar gjennom Norgesglasset, men du veit; radio er eit flyktig medium, og dessuten er det mange som syns eg snakkar så rart at dei ikkje skjønnar bæret av det eg seier. Så derfor er det med store havørner i magen eg no legg tankane mine ut på den langt-frå-flyktige verdsveven. Men det er mitt problem!
No skal eg slutte å skrive meir vås, sånn at du kan klikke deg vidare inn på dei sidene der det virkelig interessante står. Det gjer du frå menyen under!