Hopp til innhold

Ap-topp roper varsku om vilkåra til filmarbeidarar

Norske filmarbeidarar jobba opp mot 190 overtidstimar i månaden under innspelinga av Snømannen i fjor.

Michael Fassbender som spiller Harry Hole

UNDER INNSPELING: Skodespelar Michael Fassbender under innspelinga av Snømannen i Oslo sentrum.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Fem timar overtid i snitt, arbeidsdagar på mellom 12 og 13 timar og norske tilsette på Snømannen som jobba til dei stupte.

Det er noko av det NRK har avdekt etter å ha fått tilgang til dokument og kontraktar frå filminnspelinga av Snømannen i Norge sist vinter.

Like før Hollywood-produksjonen av Jo Nesbø-boka gjekk i gang i Oslo hadde regjeringa innført insentivordninga, som sikra produksjonen fleire titals millionar kroner tilbake.

Om lag 400 nordmenn jobba på settet til Snømannen. I ettertid fortel fleire av dei om lønns- og arbeidsvilkår som, ifølge arbeidstilsynet, bryt med norsk lov.

– Bør stille krav om at norsk lov blir følgt

Stortingsrepresentant for Ap, Arild Grande meiner regjeringa har gjort ein for dårleg jobb med å sikre at folk som skal jobbe innanfor produksjonar som får støtte frå insentivordninga skal vere sikra anstendig lønns- og arbeidsvilkår.

Difor er det grunn til å sjå på om ein bør stramme inn regelverket, slik at vi unngår slike saker i framtida, seier Grande

– Korleis skal vi gjere det?

Arild Grande, Arbeiderpartiet

FOR DÅRLEG: Stortingsrepresentant, Arild Grande (Ap) reagerer på manglande lønns- og arbeidsvilkår for filmarbeidarar.

Foto: Stortinget

– Det må vere ein føresetnad at ein følger norsk lov for å få støtte av insentivordninga. Det bør bli stilt krav om at norsk lov blir følgt og at dei som jobbar i produksjonane har anstendig lønns- og arbeidsvilkår. Dersom vilkåra blir brotne, bør det vere sanksjonsmoglegheiter, seier Ap-politikaren.

Han meiner det er svakt at ein nærast ikkje er mogleg å sjekke kven som har fått tilskot og eventuelt trekke det tilbake dersom det viser seg at ein har brote norsk lov.

Grande skal no sende eit brev til kulturministeren der han vil spørje om ho vil ta initiativ til å sikre anstendig lønns- og arbeidsvilkår i slike produksjonar og om mogleg endre regelverket.

Det er Norsk filminstitutt (NFI) som fordelar pengane i insentivordninga. Men direktør i instituttet Sindre Guldvog, sa til Dagsrevyen onsdag at NFI ikkje har noko ansvar for at dei produksjonane som får pengar følger den norske arbeidsmiljøloven.

Sindre Guldvog

VIL ENDRE: Direktør Sindre Guldvog i Norsk filminstitutt (NFI) vil forsøke å endre forskrifta.

Foto: Norsk Filminstitutt

– Det er ein sak mellom det selskapet det gjelder og dei tilsette og det arbeidstilsynet som er sett til å overvake dette. Men det er jo sjølvsagt at dei som mottar støtte frå filminsentivordninga følger norsk lov, seier Guldvog.

– Nå som det viser seg at dei tilsette jobbar altfor mykje, kva sanksjonsmoglegheit har de då?

– I insentivordnings-forskrifta har vi ikkje sanksjonsmoglegheit.

– Vil de gjere noko med dette nå?

– Ja, vi kjem til å vurdere det i ein revisjon av denne forskrifta, seier Guldvog.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober