...Gilde si julepølse!
En jury beståande av fem juleglade mennesker frå Nitimen sin redaksjon har i år som dei siste seks åra kåra den beste julepølsa (den kvite altså).
Juryen
Det var ein enkel presentasjon av juryen programleiar Hans-Petter Jacobsen tok føre seg under sendinga.
Første person var Eirik Baanerud som er frå Kongsvinger og som liker kjøtkake i brun saus. Den andre var Caroline Bækkelund Hauge, juryen sin formann og med franske gener. Ungdomsrepresetanten var Birte Njøsen Horne frå Sogn og Fjordane, som ikkje liker pølseskinn. Deretter Rune Alstedt som har ete pølser på bensinstasjon i over femti år.
Hans-Petter Jacobsen hadde dobbelstemme og meiner sjølv at han er ekspert på dette med pølser.
Overdommar var Tore Teigen, som er pølsemakermester, men han fekk ikkje stemme. Han var berre eksperten, med all kunnskapen.
Ingen i juryen fekk vite kva slags pølse det var dei smakte på.
Kravene pølsene måtte ha
Juryen satt pris på smak, tyggemotstand og farge.
- Vi har smakt og smatta, vi har vurdert og delt ut poeng, vi har krangla og vi har vore litt einige. Og no har vi kome fram til svaret, fortalte Caroline før ho presenterte vinnaren.
Årets julepølse anno 2007
Det var seks pølser som var med i konkurransen. Nordfjord Kjøtt, Spis, Skjeggerød, Finsbraaten, Gilde og den siste var ei lokal pølse frå Hamar.
1. plass
Gilde
- Denne hadde god kryddersmak, passe fast, den hadde god farge og den ga ein aroma i ganen som sit lenge i.
2. plass
Finsbraaten
- Den er bleik og fin. Den hadde god kryddersmak, men den var litt vassen, og det var nok det som trakk ned.
3. plass
Arne Børresen (lokal pølse frå Hamar)
- Den syns vi var fast og god. Den hadde fin farge, men personleg syns eg den hadde litt mykje muskat, fortel juryformann Caroline.