Omspel
Laurdag kveld brakar det altso laust med omspel på hardingfele og vanleg fele.
Desse to instrumenttypane har dei lengste kappleikstradisjonane og difor er desse i første omgang tekne ut til finalespel.
Finalistar
Tilsaman blir det seks finalistar. Tre frå vanleg fele klasse A, og tre frå hardingfele klasse A.
Poengsummane til dei enkelte vil ikkje bli offentleggjort. Dette fordi finalistane skal ha med seg poengsummane vidare som grunnlag for finalespelet.
Finalistar på vanleg fele
Følgjande er i år komne til finalen frå vanleg fele klasse A:
- Øysten Rudi frå Sør Fron spelemannslag.
- Tron Steffen Westberg frå Brekken spel og dansarlag.
- Torill Aasegg frå Heidal Spel- og dansarlag.
Finalistar på hardingfele
Og følgjande frå hardingfele klasse A:
- Tore Bolstad frå Øystre Slidre spel- og dansarlag
- Åse Teigland frå Hardanger spelemannslag
- Lars Underdal frå Edland i Vinje, medlem i Landslaget for Spelemenn.
Første som vann
Her er Tron Steffen Westberg i aksjon under finalespelet på Oppdal i 1999. Det var første gong finalespel vart praktisert på Landskappleiken. Same året vann Tron Steffen Kongepokalen som det året var sett opp i eliteklassa, klasse A vanleg fele.
Årets vinnar
av finalespelet blir ikkje endeleg offentleggjort før på den store Meisterkonserten søndag. Der vil også vinnarar av dei andre klassane kvittere med ein slått for det frammøtte publikum.
Følg også våre sendingar frå Landskappleiken i Folkemusikktimen utover sommaren.
Søndagar kl. 18.03-19.00, med reprise fredagar kl. 11.03.