Hopp til innhold

Aretha Franklins familie reagerer på minneord: – Krenkande og usmakleg

Medlemmar av familien til Aretha Franklin meiner minnetalen ein pastor heldt i gravferda i førre veke var krenkande og smaklaus.

Familien reagerer på minnetalen pastor Jasper Williams Jr. heldt i gravferda til Aretha Franklin. Han sa blant anna at «Black Lives Matters»-bevegelsen ikkje har nokon verdi før ein tek eit oppgjer med valden svarte påfører svarte.

Minnetalen til pastor Jasper Williams Jr. under gravferda til Aretha Franklin natt til laurdag har sett sinna i kok i USA. Pastoren blir skulda for å vere homofobisk, sexistisk og rakke ned på andre svarte menneske, skriv USA Today.

– Uansett kor stolte, vakre og gode våre svarte kvinner er, er det ein ting ei svart kvinne ikkje kan gjere. Ei svart kvinne kan ikkje oppdra ein svart gut til å bli ein mann, var noko av det Williams sa i minnetalen.

Han brukte også talarstolen til å ta opp problemet med valden svarte påfører svarte i USA.

– Når politiet drep ein av oss, er vi klare til å gå i protestmarsjar og øydelegge eigedommane til uskuldige. Men når vi drep 100 av oss, er det ingen som seier noko. Ingen gjer noko.

Familien tek avstand frå talen

Det var familien til Aretha Franklin som hadde invitert og bede pastoren halde minnetale i gravferda. Men dei meiner pastoren misbrukte talarstolen han blei gjeven under den direktesende gravferda, og ikkje heidra Franklin på ein god nok måte:

– Vi meiner kommentarane var krenkande og usmaklege. Pastor Jasper Williams snakke i over 50 minutt utan at han ordentleg mintest henne, skriv familien i ein e-post til Reuters.

Singer Ariana Grande performs at the funeral service for the late singer Aretha Franklin at the Greater Grace Temple in Detroit

Ariana Grande var blant artistane som song under den nesten åtte timar lange gravferda til Aretha Franklin natt til laurdag.

Foto: Mike Segar / Reuters

Aretha Franklin hadde ikkje kome med spesielle ønske om kven som skulle halde minnetale i gravferda hennar. Men familien valde Williams fordi han har halde minnetaler i fleire gravferder i familien, blant anna for faren til Franklin, borgarrettsaktivisten C.L. Franklin.

Williams står ved det han sa i minnetalen. Overfor ein lokal TV-kanal i Atlanta sa han at han berre fortalde sanninga, og at Franklin ville ha vore samd med han:

– Ho var ein stor bidragsytar til borgarrettsbevegelsen. Eg trur at dersom dette gjer at svarte liv blir endra, ville ho ha vore nøgd.

Storstilt avskjed

Aretha Franklin døydde heime 16. august, etter å ha levd med kreft i fleire år. Ho blei 76 år gamal. Gravferda hennar var ei stor hending i heimbyen Detroit. Kista hennar stod utstilt i to dagar på museet for afrikansk-amerikansk historie i byen, slik at folket skulle få ta farvel.

Aretha Franklin

Aretha Franklin hadde ein sentral plass i amerikansk kultur- og samfunnsliv. Ho song ved innsettinga av tre amerikanske presidentar, Jimmy Carter, Bill Clinton og Barack Obama. I 2005 fekk ho Presidentens fridomsmedalje av dåverande president George W. Bush. Biletet er frå innsettinga av Obama som president i 2009.

Foto: ALEX WONG / AFP

Under den åtte timar lange minnegudstenesta blei Franklin heidra av blant andre Bill Clinton og borgarrettsleiarar. I tillegg song Ariana Grande, Jennifer Hudson og Gladys Knight i seremonien, som blei sendt direkte til store delar av verda.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.