Aretha Franklin, på forsiden av Rolling Stone, der hun ble kåret til tidenes beste sanger.
Foto: HO / REUTERSLes meir om
Artisten Aretha Franklin toppar ei liste over dei beste songarane gjennom tidene i ei ny kåring av magasinet
.20 Grammy-prisar
Songaren, som har fått 20 Grammy-prisar i karrieren, toppar lista føre ikon som Paul McCartney (plass nummer 11) og Mick Jagger (plass nummer 16).
Ray Charles kom på andreplass, etterfølgd av Elvis Presley på tredje.
På fjerdeplass finn vi Sam Cooke og Beatles-legenda John Lennon rundar av topp fem.
«En gave fra gud»
«Du kjenner igjen ein kraft fra himmelen. Du kjenner igjen noe gud har laga. Og Aretha er ein gave frå gud,» skriver Rolling Stone om Franklin.
Dei resterande artistane på topp ti, er høvesvis Marvin Gaye, Bob Dylan, Otis Redding, Stevie Wonder og James Brown.
Heile lista over dei beste 100 songarane gjennom tidene blir gjort offentleg i neste nummer av musikkmagasinet Rolling Stone, skriv nettstaden ContactMusic.