Apple nektar skurkar å bruke Iphone på film

Ifølge regissøren Rian Johnson har Apple stålkontroll på produktplassering i film. I eit intervju seier Johnson at skurken i hans siste film blei nekta å bruke Iphone.

Fra filmen Knives Out med Daniel Craig

I filmen «Knives Out», som har blant andre Daniel Craig på rollelista, kan du ifølge regissøren Rian Johnson skilje mellom dei gode og dei vonde ved å sjå kva slags elektronisk utstyr dei bruker.

Foto: Claire Folger / Nordisk film

Ser du ein person som bruker PC eller ein Android-telefon i ein amerikansk film eller TV-serie, bør du vere på vakt. Vedkomande kan ha vonde hensikter, skal vi tru regissøren Rian Johnson, som er aktuell med filmen «Knives Out», med blant andre Daniel Craig og Jamie Lee Curtis på rollelista.

I eit intervju med Vanity Fair seier Johnson at Apple betalte for produktplassering i filmen, men stilte krav om at skurken i filmen ikkje skulle bruke produkta deira.

– Det kan godt hende dette kjem til å øydelegge for meg dersom eg lagar ein ny spenningsfilm, men det er slik at Apple let oss bruke Iphone i filmar, men det er eit vilkår at skurkane ikkje skal bruke slike telefonar, seier han.

Johnson legg spøkefullt til at han fryktar at regissørar som har ein skurk i ein film dei vil halde hemmeleg, skal ønske han død no.

Den mest brukte merkevara

Apple har lange tradisjonar for merkevarebygging og for å føre streng kontroll med korleis produkta deira blir brukt i underhaldningsindustrien.

I ein artikkel frå 2002 skriv Wired om korleis heltane i thrillerserien «24» brukte Mac-maskiner, medan skurkane brukte Windows-maskiner.

Magasinet fann liknande koplingar i fleire andre filmar, som komediane «Du har m@il» og «Lovlig blond». Der dei vi skal ha empati med brukte Apple-produkt.

Ifølge nettsida Concave, som kartlegg produktplasseringa i amerikanske filmar og TV-seriar, var Apple den mest brukte merkevara i 2018. Ifølge utrekningane dei har gjort, var ulike Apple-produkt synleg i over tre og ein halv time på amerikanske filmar og TV-seriar det året.

Jurassic World: Fallen Kingdom

I 2018 var Apple den mest produktplasserte merkevara i amerikanske filmar og TV-seriar. Her frå ei scene i filmen «Jurassic World: Fallen Kingdom», som var blant filmane som hadde Apple som sponsor.

Foto: Universal

Mange som kjem med vilkår

Men Apple er ikkje den einaste merkevara som set vilkår for kva samanhengar produkta skal opptre.

– Det er vanleg at enkelte merkevarer ikkje ønsker å bli assosiert med ein skurk, eller at eit alkohol- eller bilmerke ikkje ønsker å bli lenka til rollefigurar som er fulle eller involvert i eit krasj, seier direktør Darryl Collis i produktplasseringsselskapet Seesaw Media til The Guardian.

Både Samsung og Sony skal ha fått avtalar verdt fleire millionar dollar avslått då dei ville ha telefonane sine i James Bond-filmen «Spectre». Grunnen skal ha vore at telefonane ikkje blei rekna som gode nok for 007.

Kulturstrøm

  • Bolsonaro-videoer fjernet fra nett

    To videoer er fjernet fra Brasils president Jair Bolsonaros kontoer på Facebook, Instragram og Twitter. Grunnen er at innholdet stred mot helseinformasjon gitt av myndighetene og utsetter folk for større risiko for å bli smittet.

  • Nederlenderne elsker Harstad

    Romanen «Max, Mischa & Tetoffensiven» av Johan Harstad kommer i et tiende opplag og nærmer seg et totalopplag på 30.000 bøker i Nederland, melder Gyldendal forlag. Boka ble også løftet fram i bokpanelet i det populære talkshowet DWDDs siste sending, som den beste boka bokpanelet hadde lest, og som perfekt karantenelesning.

    Bokpanelet i det nederlandske talk showet DWDD med Johan Harstads roman Max, Mischa og Tetoffensiven
    Foto: Johanne Jomisko de Figueiredo / Gyldendal
  • Virusbokforfatter sterkt kritisk

    Max Brooks, forfatteren av romanen «World War Z», som også ble en storfilm, sier USA har vært fullt rustet til å takle koronaepidemien, i programmet Fresh Air på NPR. Brooks er sterkt kritisk til hvor sen den føderale regjeringen har vært til å agere. Forfatteren mener også at hele pandemien kunne vært unngått, hvis Kinas myndigheter ikke hadde lagt lokk på virusutbruddet i starten. I «World War Z» kommer et virus fra Kina som gjør folk til zombier, og i arbeidet med flere bøker om smitte har Brookes gjort grundig research på smitteutbrudd og på USAs responsmuligheter.

    Filmplakaten til World War Z, med Brad Pitt
    Foto: UiP