Normal

Ap fryktar at Widvey legg om spelpolitikken

Arbeidarpartiet fryktar ei radikal omlegging av spelpolitikken etter at styret i Norsk Tipping vert kasta i morgon. Frp innrømmer misnøye med Frp-kritikarane i styret.

Rigmor Aasrud

Arbeidarpartiets Rigmor Aasrud er kritisk til at kulturministeren vil skifte ut store delar av styret i Norsk Tipping, og seier det er feil veg å gå.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Rigmor Aasrud (Ap) seier at det er dramatisk at store delar av styret vert kasta, og fryktar at dette vert gjort for å bane veg for Framstegspartiet sin spelpolitikk.

På Twitter uttrykker ho stor overrasking over at utskiftinga kjem nå.

Laster Twitter-innhold

– Dersom oppseiingane er eit uttrykk for at regjeringa ønskjer eit sterkare samarbeid med kommersielle aktørar, så er det å gå i feil retning. Dette vil bety at overskotet i større grad vil gå til kommersielle i staden for å gå til idrettslag og humanitære organisasjonar, seier Aasrud til NRK.

Onsdag kveld kunne NRK fortelje at kulturministeren kjem til å kaste store delar av styret i Norsk Tipping under årsmøtet torsdag.

– Uforståeleg!

Geir Bekkevold i KrF

Uforståeleg, seier Geir Bekkevold (KrF).

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Også Kristeleg Folkeparti er usikre på kvifor dette skjer no, og saknar ei grunngjeving.

– Det er synd. Eg synest at styret i Norsk Tipping har gjort ein veldig god jobb, og vil gjerne framheve Lars Sponheim sin innsats som styreleiar, seier Geir Bekkevold (KrF).

Ib Thomsen

Ib Thomsen (Frp) seier det har vore Frp-kritikarar i styret som no vert kasta.

Foto: Falch, Knut, Knut Falch / SCANPIX

Ib Thomsen i Framstegspartiet seier at nyheita lyder dramatisk, men at nye medlemmer i styret kan stå for ei linje som er meir i tråd med synet til regjeringa.

Vil ha utskifting av Frp-kritikarar

– Mange styremedlem har sete lenge, og eg kunne ønskje meg nokre unge, dynamiske inn i styret, seier han.

Han viser og til at «nokre styremedlemmer har vore kritiske mot Frp», og at Lars Sponheim har hatt mange meiningar om Frp sin politikk som han har teke med seg inn i vervet.

Lars Sponheim

Tidlegare Venstreleiar Lars Sponheim vert kasta som styreleiar i Norsk Tipping torsdag-

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Etter det NRK erfarer får ikkje Lars Sponheim halde fram som styreleiar i Norsk Tipping. Sponheim var vore i styret sida 2009.

Heller ikkje nestleiar Silvija Seres, som har sete i styret i åtte år, får fortsette. Det gjør heller ikkje styremedlem Dag B. Harlem.

– Eg skulle gjerne teke ein periode til, men før generalforsamlinga er eg stilt til disposisjon utan å bli spurd. Det er eigaren sitt privilegium å velje styre, seier Seres.

Widvey avgjer åleine

Styret vart orientert om Widvey si avgjerd for to dagar sidan, og skal ikkje ha fått nokon grunngjeving for kvifor dei ikkje får fortsette.

Thorhild Widvey

Kulturminister Thorhild Widvey kjem til å skifte ut både styreleiar og nestleiar i Norsk Tipping på generalforsamlinga torsdag.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Norsk Tipping har generalforsamling torsdag, og Widvey skal då presentere den nye styresamansetjinga. Kulturministeren utgjer generalforsamlinga i verksemda, og bestemmer difor åleine korleis styret i Norsk Tipping skal sjå ut.

I 2013 omsette Norsk Tipping for nær 31 milliardar kroner. I fjor fekk selskapet refs av Riksrevisjonen og det vart stilt spørsmål ved om selskapet var effektivt nok.

Rigmor Aasrud seier at kritikken frå Riksrevisjonen ikkje er slik at den åleine krev at styret vert skifta ut.

NRK har vore i kontakt med Kulturdepartementet, men dei seier dei ikkje kan kommentere saka enno.

Kulturstrøm

  • Uortodoks prisvinner

    Pris til uortodoks cellist og komponist

    Lene Grenager fikk i går Arne Nordheims komponistpris 2018 på 200 000 kr. Prisen ble delt ut under Ultima-festivalen, av kulturminister Trine Skei Grande, som uttalte «Vi trenger musikk og kunstuttrykk som utfordrer vanetenkingen vår, og som er med på å bevare gjennom å forandre.»

  • Michelet på førsteplass

    Jon Michlets siste bok «Krigerens hjemkomst» går rett inn på førsteplass på Boklista for skjønnlitteratur for etter si første veke i sal, melder Bok365.. NRKs anmelder kalte boka eit verdig punktum for den store bokserien om krigsseglarane.

    jon michelet
    Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
  • Må tilbringe 28 år i fengsel

    Rapprodusenten Marion «Suge» Knight har inngått en avtale med amerikansk påtalemyndighet om å tilbringe 28 år i fengsel for å ha kjørt på og drept en mann for tre år siden. Avtalen ble inngått i et rettslokale i Los Angeles kun dager før rettssaken mot Knight skulle starte. Påkjørselen skal ifølge nyhetsbyrået AFP ha skjedd etter en pengekrangel om filmen «Straight Outta Compton» som handler om rapgruppen N.W.A. Knight, som i sin tid var med på å starte plateselskapet Death Row Records. En annen man ble skadet. Rapperen risikerte livstid.

    Suge Knight
    Foto: Gary Coronado / AP