Anmeldelse

Sherlock Holmes frå Pajala

Denne romanen stinkar: av kadaver, fattigdom og helvetes svovelpølar. Det er berre ein av kvalitetane ved «Koke bjørn».

Mikael Niemi

Mikael Niemi har skapt eit fengslande bilde av ei tid, eit miljø og av ein kontroversiell religiøs leiar.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

For 18 år sidan kom Mikael Niemi med braksuksessen «Populærmusikk fra Vittula» men framleis er det den boka han blir hugsa for.

No kjem ein roman som gjev oppvekstskildringa frå Nord-Sverige konkurranse. «Koke bjørn» er tittelen, og den kokte bjørnen er av det minst oppsiktsvekkjande. Svoltne jegerar et byttet, anten det har meiska seg med unge kvinner eller ei.

Scenen er «Vittula-land», altså Pajala i Norrbotten, tida er rundt 1850. Inn kjem Lars Levi Læstadius, ja nettopp: grunnleggjaren av læstadianismen som vert rekna for å vere ein av dei strengaste rørslene innanfor den norske – og sikkert også svenske – kyrkja. Her er han ein helt som kan meir enn sitt fadervår.

Ein moderne detektiv anno 1850

Ikkje berre kan han snakke finsk og samisk og slik bli forstått av folk som bur der, nei, han tek parti for småfolk mot overklasse og særleg mot brennevinshandlarane som skor seg på folks naud. Når ei ung kvinne døyr, seier lensmannen «bjørn» mens Læstadius seier «valdtekt og drap».

Neste mord gjer han endå sikrare. Korleis veit han det? Jau, teologen Læstadius var også botanikar. Her bruker han observasjonsevna si til å sjå etter spor i graset, etter plantar på avvegar og etter kvart etter andre teikn. Han blir ein Sherlock Holmes på myrar og i uthus.

Det siste har neppe historisk belegg, men elles verkar kunnskapen om våde mannen og verket solid.

Mens kyrkja blir fylt av nyvakte som ropar ut si naud og prisar Herren og går forbi brennevinsseljarane utanfor kyrkjegarden. Vår mann får mange og mektige fiendar.

Forteljaren her er sameguten Jussi som har stukke av frå ei av litteraturens aller verste mødrer og det seier ikkje lite. Som ein Watson frå folkedjupet blir han lært opp av Læstadius til å observere og tolke.

Ei skikkeleg god historie

«Koke bjørn» er ein kriminalroman av godt gammalt merke, der «detektiven» sorterer spor og jobbar systematisk med å eliminere den eine etter den andre frå lista over mistenkte. Bjørnen ryk først.

Det er også ei barsk sosialhistorie frå eit fattig strok i nabolandet for 150 år sidan. Og ei skildring av korleis denne religiøse vekkinga fann grobotn hjå småkårsfolk og skapte eit betre liv, i alle fall for nokon.

Parallellen til den nesten samtidige haugianismen er tydeleg: eit myndig lekfolk, ei sterk og inderleg religionsutøving med brodd mot brennevin og sans for ærleg arbeid. Romanen er vidare eit interessant portrett av Læstadius og Jussi, og sanneleg er det ikkje plass til litt kjærleik også, mot alle odds.

Dessutan er boka ein ode til både botanikken og lesekunsten. Nemnde eg at språket svingar seg mellom det lyriske og det prosaiske, det vakre og det makabre?

Meir kan ein ikkje krevje.

Passar for deg som:

  • liker å lære noko av ein roman
  • har sans for ei god historie

Kulturstrøm

  • Første trailer for «Breaking Bad»

    Netflix har sloppe den første traileren for «El Camino: A Breaking Bad Movie» som kjem i oktober. Filmen følgjer historia til rollefiguren Jesse Pinkman etter siste sesong av den populære TV-serien. Filmen er skriven og regissert av Vince Gilligan, som også er mannen bak serien.

  • DiCaprio med Amazonas-støtte

    En ny miljøorganisasjon kalt «Earth Alliance», støttet av Leonardo DiCaprio, lover fem millioner amerikanske dollar i bistand til Amazonas, tilsvarende 44 millioner norske kroner. Pengene skal gå til å støtte regnskogen som brenner.