Anmeldelse

Vinnar av Nordisk råds litteraturpris: Ein heftig danske

Danske Jonas Eika (28) fekk Nordisk råds litteraturpris for «Efter solen». Merk deg likegodt namnet med ein gong: Jonas Eika.

Vinner av Nordisk Råds litteraturpris 2019: Jonas Eika

SÅ DET SVIR: Jonas Eika tek i bruk fantastiske verkemiddel når han skal overtyde lesaren om at han eller ho er ein del av problemet.

Foto: Lill B. Wachmann

Dersom du tenkjer at noveller skal vere korte, stramme i komposisjonen og ha eit overraskande sluttpoeng, så er det berre å omstille seg: Eikas noveller er lange, dei hoppar over på sidehistorier, dei flyttar seg rundt og dei sluttar når dei sluttar.

Kort sagt: Dei oppfører seg ikkje slik noveller skal. Men det dei gjer, er å utforske maktforhold mellom menneske på ein måte som raspar.

Når privilegia ikkje beskyttar oss

Den som raspar mest, er dobbeltnovella «Bad Mexican Dog» som handlar om såkalla «beach boys» på ei strand i Cancún. Dei ordnar og steller og smiler og smører slike som oss på ryggen. Jo meir tenestevillige dei er, jo meir pengar får dei.

Og så skrur det seg til. For at den tilsynelatande idyllen skal vere truverdig, må alle spele sine roller. Kva skjer når nokon bryt ut av rollene? Det er ikkje vakkert. Kven er vi, når posisjonen vår blir rokka?

Men det skrur seg til på andre måtar også. På fritida har strandgutane underlege rituelle orgiar der alt løyser seg opp og vi er over i ein homoerotisk, uverkeleg sfære. Det faste, dagklare systemet på stranda får sitt motstykke i ein annan dimensjon.

Noko av det same ser ein i novella «Alvin» der ein nettekspert som skal på eit oppdrag i ein bank, finn banken i ruinar. Dette fører han inn i andre økonomiske og mellommenneskelege transaksjonssystem, før han omsider finn folka han opphavleg skulle møte. Alt er i ruinar, men bankfolka let seg ikkje merke med det.

Sterke meldingar

I ein artikkel i tidsskriftet Vagant frå i fjor, stiller Eika spørsmål kring litteraturens rolle i vår tid: «Hvad indebærer det at kritisere og gøre modstand mod et system, som man selv bidrager til og nyder godt af?»

Utfordra gjorde han også på Nordisk råds prisgalla då han tok imot Nordisk råds litteraturpris: Han knalla til mot flyktningpolitikken og særleg mot eigen statsminister som sat på første benk. Mette Frederiksen applauderte ikkje.

Jonas Eika har sterke meiningar om global urettferd og om rike lands politiske praksis. Forfattarar frå vår del av verda må setje eigen posisjon på spel og ikkje berre skape medynk med dei lidande, slik eg forstår han. Men skriv han godt?

Personleg meiner eg at «Efter solen» ber bod om at vi her har ein forfattar som har potensiale til å bli ein stor og viktig. Eg er usikker på om han er der allereie no, etter to bøker.

Men eg er sikker på talentet, og eg har erfart at han greier å skape massivt ubehag i ein lesar frå det privilegerte Norden.

Kulturstrøm

  • Netflix skal lage norsk film

    Netflix offentliggjorde torsdag at de skal lage to filmer fra Norden, en norsk og en svensk. Den norske filmen skal hete «Kadaver» og skal være det selskapet kaller en grøsser. Jarand Herdal skal være manusforfatter og regissør.

  • Disney+ rullet ut i USA

    Strømmetjenesten Disney+ ble lansert i USA, Canada og Nederland på tirsdag. Nesten to millioner mennesker hadde forhåndsbestilt den nye tjenesten, skriver Nettavisen. Disney valgte å avsløre katalogen med filmer og serier i en lang tråd på Twitter med 300 meldinger. I tillegg til innhold fra Disney får abonnentene også tilgang til filmer og serier laget av Pixar, Marvel, Lucasfilm, National Geographic og 20th Century Fox. Prisen for Disney+ USA er cirka 65 kroner i måneden. Den ventes å komme til Norge tidlig i 2010.

    Disney+ sin logo
    Foto: Nick Agro / AFP