Hopp til innhold
Anmeldelse

Overgår mange, men ikkje seg sjølv

Det hjelper å stire djupt ned i den svarte kaffien når ein skal jakte på mørk materie. Kanskje.

Jan Kjærstad

LYS OG VARME: Jan Kjærstad har skapt eit gripande farsportrett i «Mr. Woolf», som er dedisert til hans eigen, nyleg døde far. I andre deler av romanen derimot, knirkar det.

Foto: NRK

Dersom alt heng saman med alt, blir det interessant å utforske korleis alt heng saman: Kva er årsak, kva er verknad? Kvifor blei det som det blei? Korleis blei eg slik eg blei?

I romanen «Mr. Woolf» (nei, namnet er ikkje tilfeldig) går Kjærstad inn i denne mørke materien gjennom ein biografi som skal skrivast. Biografen Nina har skrive eit utkast som den biograferte meiner manglar grunnleggjande forståing for slike problemstillingar.

William Abelson, alias Mr. Woolf, fyller ut det trauste førsteutkastet med alt som må til for at dei største spørsmåla blir behandla på ein tilfredsstillande måte. Stakkars Nina får køyrt seg.

Kven er du, William?

William Abelson, son av ein leiketøybutikkeigar i Oslo, morlaus frå sjuårsalderen, fysikkstudent, narkoman, barrista og til slutt Nobelprisvinnar, har heilt klart bak seg eit liv med opp- og nedturar.

Men når Nina legg stor vekt på saknet etter mor og overser leiken, når barrista-livet vert ein parentes og når nokre dagar i Hongkong berre blir skildra som nokre dagar i Hongkong, ja då må William trø til:

Ut med Freud, inn med ballen og puslespelet, ut med summariske byskildringar og inn med livsformande grunnhendingar i byen alle som har eigd leiker vil assosiere med eit «Made in» før namnet.

Lag på lag, gåte bak gåte

Kort sagt: Vi er i Jan Kjærstad-land. Landet der små hendingar kan endre eit liv, der årsakene er så mange og uoversiktlege at biografar må endre synsvinkel og forklaringsmåtar, og der ytre impulsar er meir interessante enn barndomserfaringar.

I dette landet viser det seg at «..ting ikke alltid er slik de ser ut til å være.» Dette gjeld også for folk, ikkje minst for far Erasmus (nei, heller ikkje dette namnet er tilfeldig) og søster Liz, men også for små kinesiske gutar i fotballskjorte og skumle bandemedlemmer i mørke bakgater.

Når skjulte sider kjem opp i dagen, viser det seg at ein person kan bere mange identitetar og hendingar kan tolkast på mange måtar.

Flørting med krimsjangeren

Jan Kjærstad leikar seg i denne romanen, det skulle berre mangle i ein roman der leiketøy står sentralt. Romanen byr på vakre passasjar om leik og leiker, og varme skildringar av far, leiketøysforhandlaren som kunne få fantasien i sving hjå ein liten gut.

Han leikar seg også med sjangrar: biografisjangeren, som han filleristar, og krimsjangeren, som han godflørtar med.

I «Mr. Woolf» får vi inntrykk av at sterke krefter er i sving, ikkje berre i partikkelfysikkens gåtefulle banar men også i Hong Kongs bakgater der bandittar lurer på vår mann og lesaren lurer på kva som skjer. Det er moro å henge med på ferda gjennom konglomeratet av tankar, kunnskapsbrokkar, fargerike personar og merkelege samantreff.

Likevel er det noko som manglar.

Held ikkje heilt fram

Og då tenkjer eg ikkje på at krimgåta fislar ut, eg tenkjer på det store byggverket der partikkelfysikken og livsgåtene blir sett i spel. Der kritikken av tidas dårskap, mentale latskap, sneversyn og dobbeltmoral skal utfordrast av nye tenkemåtar. Eller der dei uendelege årsakskjedene skal inspirere til ei opnare tenking kring det som påverkar individuelle livsløp så vel som samfunnsutviklinga.

Romanen byggjer opp store forventningar her, utan at eg ser at det kjem nye innsikter utover dei Kjærstad har kome med før, både i essay og i skjønnlitteratur.

Etter at støvet har lagt seg står William att med forbløffande låg sjølvinnsikt, mens han slår seg til ro med at det meste - inkludert den høgt elska faren - er hylla inn i gåter og slør.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh