Kulturstrøm

  • Fransk prestisjepris

    Det Norske Solistkor fekk i dag Diapason d’Or de l’Année i korklassen, for albumet Luciano Berio: Coro; Cries of London. Det vart annonsert på en prisseremoni i Paris.

    Kringkastingsorkesteret medverkar på innspelinga. Grete Pedersen har vore dirigent for koret dei siste 30 åra. Albumet vart gitt ut på plateselskapet BIS Records i mars og har hausta gode meldingar i inn- og utland. Hovudverket på den prisvinnande plata er italienske Luciano Berios Coro som stiller svært store krav til utøvarane.

    – Det tyder mykje at det vi gjer lagt merke til internasjonalt. Prisar som dette er svært motiverande for vårt vidare arbeid, seier daglig leiar for Det Norske Solistkor, Ingvild Skaatan.