Med ujamne mellomrom blir meir eller mindre gløymte forfattarskap henta fram frå støvete hyller og gitt ein ny sjanse. For eit par år sidan var det britiske John Williams som tok verda med posthum storm då nokon entusiastisk relanserte romanen «Stoner».
«Stjernens time» av Clarice Lispector. Omsett av Ida Munck
Av og til har entusiastane noko å fare med: Dei mest skeptiske av oss måtte medgje at boka faktisk var eit gløymt meisterverk.
No er det den brasilianske forfattaren Clarice Lispector som har fått ein ny sjanse visstnok etter at Benjamin Moser i 2009 gav ut biografien «Why this world», om den vakre, mystiske forfattaren med dramatisk livshistorie og altfor tidleg død for snart førti år sidan.
Fram frå gløymsla
I haust kom den siste romanen ho nådde å skrive ut på norsk, under tittelen «Stjernens time». Det er ein liten sak på drygt 100 små sider om ei jente frå nord, som i denne samanhengen tyder at ho kjem frå fattige område nord i Brasil.
Inne i boka møter vi forfattaren Rodriges. Det er han som innanfor romanuniverset skriv historia om denne på alle måtar unnværlige jenta. Han vender seg ustanseleg til oss lesarar med sine vidløftige tankar: Allereie på første side er han innom spørsmålet om korleis universet oppstod, vidare: Gud, begjæret og tannpine, for å ta eit lite utval. Deretter fortel han utførleg om kor ufatteleg vanskeleg det er å kome i gang med historia om denne jenta som han har dikta opp sjølv, men som han likevel veit altfor lite om.
Det han likevel er sikker på, er at det er bra han er ein mann, ettersom ein kvinneleg forfattar nokså sikkert ville "begynne å sipe" i møte med denne triste skjebnen, ja, jenta er knapt nok ein skjebne der ho lever sitt enkle liv utan ein gong å reflektere over eksistensen.
Forfattaren og "forfattaren"
DØYDE UNG: Lispector levde ikkje lenge nok til å vere med på lanseringa av si eige bok. Ho blei 57 år gamal.
Foto: Pedro Gurgel Valente e Paulo Gurgel ValenteLispector leikar elegant og modernistisk med forteljekonvensjonar og forfattarroller. Jenta som ikkje finst set forfattaren på store prøver. For ein førstegongslesar av Lispector er det vanskeleg å vite om ho ironiserer over den vidløftige forfattaren Rodriges, eller om han er hennar alter ego. I alle fall tangerer ho si eiga historie då ho avsluttar romanen slik:
Lispector døydde ganske kort tid etter ho hadde skrive ferdig denne boka; ho levde ikkje lenge nok til å vere med på lanseringa.
Ligg unna dei kjøtfulle substantiva
Det er eit merkeleg spenningsforhold mellom den elegante leiken med fiksjonen og dei mest vidløftige idear om bokstavleg talt alt på den eine sida, og den fattiggrå historia om jenta frå nord på den andre.
Trass i alt den ordhage forfattaren stadig må melde frå om, stig den tause jenta frå nord gradvis fram i teksten. Livet hennar blir synleg utan at forfattaren tek i bruk "kjøttfulle substantiv" som pyntar på fattigdommen. Romanen får etter kvart ein tydeleg sosial brodd.
Ei historie i fargar
Det er ikkje gull alt det Rodrigues finn det nødvendig å gje til beste av filosofering; han kan til tider vere irriterande. Men etter å ha lese romanen gjennom, blir andre sider tydelegare: historia om jenta, dei barske formuleringane som den med døden sitert ovanfor, og Lispectors evne til å skape sterke bilde utan å bli utpenslande.
For ikkje å gløyme humoren: Forordet, som forfattaren lumskt nok presiserer er skrive av Clarice Lispector, endar slik: «Dykk? Denne historia er i fargar for i alle fall å ha litt luksus, for det skal Gud vite at eg trenger. Amen for oss alle.».
Amen herifrå også, for ei original og suveren historie frå ei anna tid og eit anna kontinent.