Hopp til innhold
Anmeldelse

Svart julekomedie tek stille til nye høgder

Sjeldan har eg høyrt så mange eldre fnisa så kraftfullt.

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»
Teater

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»

Kilden Teater, Kristiansand

24. november–17. desember

Ingen har sagt at jul er enkelt. Det som skal vera å samla familien i høgtida, er for nokon krampaktig hygge, for andre kamuflert katastrofe eller ei sprengladning av irritasjonsmoment.

Og kjem du frå Sørlandet, då brest slike demningar så å seie aldri. Det veit dei å utnytta i «Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes» på Kilden i Kristiansand.

Keitete samtale om gardinoppheng

Filmskapar Even Hafnor vann fleire prisar for kortfilmen «Small Talk» då han kom i 2015. Denne er no blitt teater.

Handlinga er sett til julaftan i ein heim i Kristiansand der viktige eller nære tema ikkje står på dagsorden.

Den keitete samtalen rundt julemiddagen har store innslag av stille, som om ingen vågar seia noko av frykt for å stikka hol på ei boble. Og då spinn samtalen mest rundt gardinoppheng, saus og om at ein må eta, skal ein springa maraton.

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»

SAMTALEN GÅR TRÅTT: Familien Dvergsnes på plass rundt julebordet.

Foto: Lars Gunnar Liestøl

Framsyninga opnar med eit slags familieportrett der alle karakterane vert presenterte og finn sin plass i julestova.

Den nær sagt statiske stilla gjer at ein får god tid til å sjå seg om i scenografien – som er modellert ut frå heimen til mormora til regissør Hafnor.

Ikkje nok med det, både mor og far hans er med som skodespelarar i teaterstykket – slik dei òg var i filmen.

I denne heimen heng dei klassiske blå juleplattene frå Porsgrund, og her er tydelege spor frå både 80- og 90-tal. Handlinga er lagt til vår tid.

Lattervekkande steinandlet

Inn hit tek barnebarnet Espen (Fredrik Høstaker) med seg kjærasten Elisabeth (Elisabeth Robstad) – for første gong.

Ho vert teken i mot med knapp interesse og høfleg hels, og publikum fniser over kor keitete det går an å bli ønska velkommen i ein familie.

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»

SKEPTISK: «Javel ...?»

Foto: Lars Gunnar Liestøl

Rundt bordet går det treigt. Det fnisast stadig meir og høgare frå salen, og når gamlemor i huset (Sidsel Knutsen) svimar av og landar med hovudet i tallerkenen, nærast eksploderer salen i latter når første replikk fell: «Går det greitt?»

Gamlemor kjem til seg sjølv og sit og tørkar saus av brillene sine mens den nøysame praten held fram som før.

Det er inga tvil om at første del av framsyninga er den beste. «Small talk» deler julaftan i tre, der middagen er første del, så kjem kaffien, til sist gåvene.

Familien vert råka av verre og meir alvorlege hendingar enn eit andlet i sausen, men skodespelarane skiftar ikkje ut steinandleta sine. Hafnor nyttar dette som eit konsekvent grep, og det er lattervekkande, men samtidig utnyttar det ikkje teateret til fulle.

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»

ANSPENT: Korte blikk og pinlege pausar rundt bordet.

Foto: Lars Gunnar Liestøl

Saknar nyansar i reaksjonar

For det går ikkje så godt med gamlemor. Framsyninga mister noko av truverdet når ein ikkje ser utvikling hjå karakterane. Ein kan halda eit slikt grep lenge, men ein stad må kjenslene bli synlege.

Siste del av framsyninga vert difor uforløyst i all si morosame gru. Skodespelarane, som er ei blanding av profesjonelle frå Kilden og amatørar, er knallgode på å halda maska.

Men regissør Hafnor burde ha opna opp karakterane meir, burde ha leika litt med nyansane i reaksjonar.

For når det glepp, mister ein òg truverdet i forteljinga om Espen, han som tok med kjærasten Elisabeth heim til jul for første gong.

Eg trur det er svært lite vanleg å ha så lite omsut for ein kjærast når ho gong på gong vert plassert i ukomfortable situasjonar.

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»

KRAMPAKTIG HYGGE: Ingenting er som ein runde rundt treet for å få lausna opp i stemninga.

Foto: Lars Gunnar Liestøl

Framsyninga presenterer familien som svært religiøs og konservativ. Men ikkje noko av dette ligg til grunn i replikkar eller har noko å seia for handlinga. Religion er ikkje viktig i samanhengen, og er eit moment som burde vore betre utnytta eller fjerna.

Ei fniseboble av ei førestilling

Det eg saknar mest, er fleire replikkar med doble meiningar. Mor til Espen, som vert spelt av Hilde Hafnor, legg under middagen ut om korfor ho ikkje drikk brus, men saft, og om kor tynn ho vil ha safta, for ho vil ikkje flotta seg.

Her siv litt av den innestengde lufta ut av ho, og eg skulle gjerne sett meir av dette i replikkane. Det hadde berre gjort historia betre.

Det sagt: Publikum fniste og lo. Etter kvar akt gjekk praten livleg, det var tydeleg mykje å kjenna seg att i.

«Small talk – Ring julen inn med familien Dvergsnes»

DRAMATISK: Julekvelden hos Dvergsnes tek ei uana vending.

Foto: Lars Gunnar Liestøl

I framsyninga har dei fjerna dei unge karakterane frå filmen, studenten Espen og kjærasten er ungdomsalibia i denne generasjonsforteljinga.

Litt synd er det å mista energien unge bringar inn i ei julefeiring, men det får fram fliret hos det godt vaksne publikummet. Eg trur eg aldri har høyrt så mange eldre fnisa så kraftfullt – og med god grunn.

For kva er ikkje meir morosamt enn dei mest keitete utgåvene av oss sjølve? Og det får denne framsyninga godt til.

Det er absolutt verdt å få med seg fnisebobla av ei førestilling i adventa.

Les også Småprat er kanskje viktigare enn du trur

Small talk.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP