Hopp til innhold
Anmeldelse

Dramatisk roman om homofil kjærleik på tvers av frontlinene

I krig og kjærleik er alt tillate, men konsekvensane kan bli ekstreme. Romanen «Kongenes land» av Pajtim Statovci er eit glimrande døme på dette.

Bokomslag "Kongenes land" og Pajtim Statovci

HEFTIG: «Kongenes land» er ei heftig historie om kva krig kan gjere med kjærleiken og kva kjærleiken kan gjere med krigen.

Foto: Anna Kurki / Gyldendal
Bok

«Kongenes land»

Pajtim Statovci

Oversatt av Turid Farbregd

Skjønnlitteratur

2021

Gyldendal

Lat meg starte med ei åtvaring: Denne romanen ligg så langt unna vårlege feelgood-romanar som det er råd å kome.

Vi skal til den blodige og brutale krigen i Kosovo midt på 1990-talet, men i nokre hektiske månader like før utspelar det seg ei intens og umogleg kjærleikshistorie mellom to unge menn.

Umogleg, ikkje berre fordi homofili er lite populært i Kosovo. Vel så ille er det at den eine er kosovoalbanar og den andre serbar. Dei elskande står på kvar si side i krigen som er i emning.

Ja, og så er kosovoalbanaren, Arsim gift og ventar barn. Som tjueåring gifte han seg nemleg med den gode Ajshe for å glede den døyande far sin. Men det var før han møtte Milos og forstod kva kjærleik kunne vere.

Statovci har laga ein skikkeleg floke der konfliktlinene går på kryss og tvers. Og sjølv om eg lurer på om det blir meir enn han greier å handtere, er det heilt sikkert at romanen skaper intens uhygge på same tid som språket lever og blomstrar og kallar fram denne særeigne blandinga av dystert og vakkert som berre verkeleg gode forfattarar får til.

Kjærleikens bitre frukt

Arsim, som fortel historia, flyktar med familien til ein by i Norden. Han legg ikkje skjul på at han er ein skikkeleg dritsekk: Frå første møte med Milos forsømmer han kona si på opprørande vis. Ho finn seg i det utrulege, -heilt til ho ein dag ikkje finn seg i det lenger. Dei tre små barna interesserer han ikkje.

Lengten etter Milos gjer han til eit dårleg menneske.

Og Milos? Fylt av hat over at han ikkje kan vere saman med Arsim, dreg han i krigen og får ut hatet sitt på fienden. Lengten etter den andre gjer dei til dårlege versjonar av seg sjølve. Verkeleg dårlege.

Kva Finland har med saka å gjere

Pajtim Statovci (f. 1990) tok sine første, famlande steg i Kosovo tidleg på 90-talet, før familien flykta til Finland då han var to år gammal.

Det hindrar han ikkje frå å leggje bøkene sine til fødelandet. Denne tematiske tilveksten til finsk litteratur blir sett pris på i den grad at han fekk Finlandiaprisen for «Kongenes land». Dermed blei han den til no yngste mottakaren av denne fetteren av den norske Brageprisen.

Romanen er også nominert til Nordisk råds litteraturpris, som blir delt ut på haustparten.

Nesten, veldig nær

Tilbake til romanen: Historia er lagt i munnen på Arsim, som også fuskar i forfattarfaget og gjev til beste historier inspirert av eit vesen frå albansk mytologi som ber namnet «Bolla». Alle norske assosiasjonar til det ordet er definitivt misvisande.

Innimellom kjem små avsnitt frå ei notisbok Milos skribla ting ned i etter krigen. Heller ikkje han pyntar på ryktet sitt, for å seie det slik.

Forfattaren set i sving store tema som ugjerningar og anger og soning og konsekvensar. Og sjølv om slutten er overraskande – noko eg set pris på – må eg likevel melde at han slepper både dei store spørsmåla og personane sine vel raskt i siste svingen.

Denne romanen hadde eit større potensial. Det trur eg forfattaren også har. Derfor er det like godt å vente med den nordiske prisen til han skriv endå betre enn dette, eg ventar i spenning.

Alle anmeldelser og anbefalinger fra NRK finner du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt videre lesing:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober