Hopp til innhold
Anmeldelse

«Ein roman der det store kjem i små glimt»

Ei bok om sorg må gje den uformelege kjensla form og språk, slik at lesaren kan ta del. Ole Robert Sunde lykkast med det – i glimt.

Ole Robert Sunde og bokomslaget til "Jeg føler meg uvel"

STERKE GLIMT: Ole Robert Sunde har skrive ein ujamn roman, der høgdepunkta kjem i korte glimt på stader der teksten roar seg ned.

Foto: Tine Poppe / Gyldendal
Bok

Jeg føler meg uvel

Ole Robert Sunde

Roman

2019

Gyldendal

«Jeg føler meg uvel» er ein roman om å miste ein høgt elska ektefelle. Boka heng tett saman med «Penelope er syk» frå 2017, der teksten sirkla kring sjukesenga til ei kreftramma kone. Ole Robert Sunde er open på at han sjølv har opplevd dette.

Vi har altså å gjere med sorglitteratur, ein sjanger som er like gammal som litteraturen sjølv. Her i landet vart han introdusert allereie på 900-talet, med «Sonetapet» av Egil Skallagrimsson, og mellom andre Andreas Munch og Mia Berner har seinare nytta sjangeren, for no å halde meg i Norden.

Den klassiske utviklinga i ei bok om sorg opnar i det store kaoset som lammar tunge og tanke. Så, gradvis, gjennom å finne ord og språk for det uhyrlege, finn den sørgjande ein slags måte å leve vidare på, trass alt.

Ole Robert Sunde har ikkje skrive ein klassikar.

Å oppsøkje dødsriket

Ein ting er at Sunde skriv på «Sunde-måten»: han observerer og stiller spørsmål, han undersøkjer kjensler og tek luftige sprang i tanke og handling og han skriv seg inn i verdslitteraturen.

Denne gongen er Orfeus og Evrydike med, og han går i fotspora til Dante gjennom dødsriket – som her er meir gresk i snittet: Dette er ein stad for alle døde og ikkje delt inn i himmel, skjærseld og paradis som Dante gjer i «Den guddomlege komedien».

Det mest påfallande er likevel at den sørgjande ikkje søkjer mot forsoning med dei bitre realitetane. Her minner han om den britiske forfattaren Julian Barnes, som i «Livets nivå» skriv at han er konas «fremste minnebærer» no når ho er død. Han vil bli verande i sorga og i minnet om kona, og ignorerer velmeinte råd om å «kome over det».

Men der ateisten Julian Barnes dyrkar minnet, møter vi i «Jeg føler meg uvel» ein enkemann som bruker religion, mytar og litteratur til å stable opp eit dødsrike for deretter å oppsøkje den døde og prøve å få opphaldsløyve der ho er.

«Var det det som var selve kjernen i det jeg holdt på med, at jeg ikke ville slutte med å sørge?» -spør den sørgjande seg sjølv der han virrar rundt i dødsriket, som viser seg å vere i Stensparken sentralt i Oslo, der han vandrar saman med ein Bach som stadig endrar identitet.

Det store finst i små glimt

Sjølv om Sunde her -som alltid- hevar seg over kronologien, finn eg ingen stader der enkemannen for alvor søkjer seg ut av sorga. I staden klamrar teksten seg til minne, som aldri er for intime men som ofte er for interne.

Sirklinga kring eigne kjensler blir nett det: sirkling. Og Dødsriket der Bach, Camilla Collett og andre døde (pluss somme levande!) svevar rundt, er verken moro eller trist. Romanen skil seg markant frå «Penelope er syk» der det private, det litterære og det rare heile vegen balanserte på skjørt og vakkert vis.

Men det finst glimt her, der sorga blir skildra så det søkk i lesaren. Det skjer i det stille: Når han kjenner eit lint pust i nakken og trur det er henne, eller når realiteten vert formulert på enklaste vis: «Hun kommer aldri tilbake».

Dette er ein roman der det store kjem i små glimt.