Hopp til innhold
Anmeldelse

Å leve slik at ein døyr av det

Ásta og dei andre i romanen «Historien om Ásta» går på trynet igjen og igjen. Ille for dei, men for ei historie det blir av det!

Jon Kalman Stefánsson

Forfattar Jon Kalman Stefánson.

Foto: Einar Falur Ingólfsson / Einar Falur Ingólfsson
Bok

«Historien om Ásta»

Jón Kalman Stefánsson

Oversatt av Tone Myklebost

2019

Forlaget Press

Fire-fem hundre boksider og fire-fem generasjonar, inkludert ste- og fosterforeldre, må til for å fortelje historia om Ásta. Den islandske forfattaren Jón Kalman Stefánsson tek ikkje lett på oppgåva med å skildre eit liv. Vi er bokstavleg talt ringside allereie når første gnisten til dette livet blir tent, forfattaren tek ikkje lett på det heller.

Men mor og far tok kanskje for lett på det, ettersom barnet blir det andre på vel eitt år, mor er enno ikkje fylt 20 og ja, det går skeis med familien, særleg med mor, og så blir det fosterheim for Ásta og etter kvart opphald på ein bondegard der ho skal lære å ikkje knuse nasebeinet på nærgåande, brunstige skulekameratar. Og det er berre starten. Oppvekstromanar frå Island er ikkje for pyser.

Teiekunstnarar

Forma krev også sitt. Stefánsson hevar seg suverent over slikt som kronologi og samanhengande livsløp. Her er kraterstore hol – kva som har skjedd i livet til Ásta etter den kaotiske ungdomstida får vi berre vite i glimt, i breva ho skriv til ein sambuar som har reist frå henne når ho er ein stad i sekstiåra. Brev har elles lett for ikkje å nå fram. Om dei når fram, er det ikkje sikkert dei vert svart på. Og ord blir ikkje sagt i utide, heller ikkje i tide.

Typisk er far til Ásta: På den aller siste dagen i livet sitt dett han ned frå ein stige i Stavanger der han arbeider som husmålar. Han døyr langsamt i armane på ei tilfeldig forbipasserande kvinne. Denne kvinna får høyre kor høgt han elska dotter si, og ekskona og sambuaren.

Kort sagt: Dette er ein roman så full av tragedie at det knapt ville vere å halde ut om han ikkje også hadde andre valørar.

Ein fest og ein festbrems

Forfattaren har ei eiga evne til å kombinere drastiske historier med vare, nesten lyriske stemningar, røff humor og livskloke refleksjonar. Lesaren får køyrt seg, særleg når personar ein har blitt glad i gjer så ettertrykkeleg stupide livsval. Brunst og brennevin er den enkle forklaringa. Den livskloke forteljaren ser det heile i eit større perspektiv.

All ære til han, inntil han dukkar opp i eigen person og gir seg til å kommentere skrivinga og dessutan lempe på oss eigne livsproblem mot slutten av romanen. Det skulle ikkje forfattaren gitt han lov til.

Han blir ein festbrems i ein roman som elles byr raust på alle fasane i festen både i bokstavleg og overført meininga av ordet. Likevel, og utan tvil: det er festen som sit att etter endt lesing.

Anbefalt videre lesing:

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB