Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei heilt grei Solveig

Fin å lese, lett å gløyme. Det er ingenting som brenn i den nyaste boka frå Karl Ove Knausgård.

"Fuglene under himmelen" av Karl Ove Knausgård.

FUGLESVEV: Trass i fuglebilde i ord og på foto, blir det noko traust og jordnært over denne novella.

Foto: Forlaget Oktober/Berit Roald / NTB Scanpix

Utgangspunktet er elles brennande nok: Festspillene i Bergen ønskte seg ei «Solveig for vår tid» og bad Knausgård om å skrive henne fram. Altså ei Solveig som i Peer Gynt, som ofrar seg vilkårslaust for mannen og kallar det eit liv.

Ja meir enn som så: Ibsens Solveig finn djup meining i livet aleine med ein mann som aldri er hjå henne,- ikkje før han skal døy. Det er eit offer som anten er opprørande eller guddommeleg.

Realistisk har denne kvinna aldri vore. Etter å ha gitt opp livet som from uskuld tidleg i dramaet og gitt seg over til Peer, misser ho livet som truverdig rollefigur.

Og i vår tid? Dagens Solveigar er truleg enklast å finne på psykiatrisk sjukehus eller i ekstreme religiøse enklavar.

Solveig utan mann

Derfor er det interessant at Knausgård, som tidlegare har dokumentert til fulle at han kan skildre mentale grensetilstandar, vel å skape ei høgst realistisk kvinne som gjer så godt ho kan.

Her er ingen grenselause offer og heller ingen menn som blir elska vilkårslaust, her er ei kvinne midt i livet som viser omsorg for den gamle mor si. Mannen er for lengst ute av reiret, det same er barna, sjølv om dottera stikk innom ein tur og demonstrerer kor langt ho står både frå mor og omsorgsprosjektet.

Det er som klippa ut av kvardagslivet, eit liv Ibsens Solveig aldri har levd. Sagt på ein annan måte: Ideen frå Festspela er merkeleg og teksten til Knausgård er ei overraskande Solveigtolking.

Frelst av fuglar

Men Knausgårds tekst lever vidare i bokform under tittelen «Fuglene under himmelen», ein tittel som både kling av Kierkegaard og av Bergpreika i Matteusevangeliet der Jesus forkynner at livet er ei gåve og at folk ikkje skal uroe seg for det materielle.

Det mest interessante med novella er korleis dette pustet av noko guddomleg kan opne seg mellom Solveig og mor, eller Solveig og dotter. Små glimt berre, mellom tverre avvisingar frå dottera og doturar og leggerutinar med mor.

Desse glimta blir understreka av fugleobservasjonar, særleg den om duene som aldri lærer av erfaring og hauken som nyt godt av det år etter år, ettersom han kan jafse i seg stadig nye egg frå det lett tilgjengelege reiret.

Fuglebilda i teksten vert understreka av illustrasjonane, som er ein serie fantastiske fuglefoto av Stephen Gill.

Mens historia om Solveig i vår tid er skildra nedpå i traust, norsk novelletradisjon, gjev bildebruken i ord og foto teksten eit svev. Likevel hamnar denne utgjevinga i kategorien «heilt grei». Knausgård viste i romanane før «Min kamp» at han var i stand til å dikte så det sveid. Lat oss håpe han kjem dit igjen.

Les også: Anmeldelse av forestillingen «Venter», Festspillene i Bergen.

Passar for deg som

  • Følgjer Knausgård i tjukt og tynt

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober