Hopp til innhold
Anmeldelse

Døden er eit blindspor

Romanen «Flukt» av Carl Frode Tiller er sterkast når personane er i live.

Carl Frode Tiller gir ut romanen "Flukt" høsten 2021

DØDEN ER INGEN SPØK: Carl Frode Tiller skriv inn ein død gut i romanen «Flukt». Det fungerer ikkje særleg bra og dreg ned kvaliteten på boka.

Foto: Trine Melhuus/Aschehoug
Bok

«Flukt»

Carl Frode Tiller

Roman

14.oktober 2021

Aschehoug

Dei døde er gjengangarar i samtidslitteraturen. Og no tenkjer eg ikkje på vampyrar og zombiar, men på sjelene til døde menneske, som både kan tenkje og kommunisere med dei levande.

Jon Fosse har vore der fleire gonger. Bjørn Vatne, Maren Uthaug, Ole Robert Sunde og Sara Stridsberg har vore innom, for å halde meg til det nøkterne Skandinavia. Og i romanen «Flukt» gjestar Carl Frode Tiller dødsriket.

Vi snakkar neppe her om ein kollektiv nyreligiøs vending blant forfattarar, men heller om ein måte å opne nye rom i teksten på.

Mykje bra har kome ut av denne omgangen med dei døde. Hjå Tiller sit ikkje grepet heilt som det skal.

Tillers univers med variasjonar

Utgangspunktet er enkelt og klassisk tillersk: Mor, far og barn lever saman og går kvarandre på nervane, noko som gjev seg utslag i dobbeltbotna replikkar som dei leverer med utstudert uskuldige miner. Dette gjeld først og fremst dei vaksne.

Far Sakarias vil at mor Elisabeth skal drikke mindre, mor vil at far skal arbeide mindre, far vil at sonen skal bli stor og sterk.

Johannes vil noko heilt anna, han vil helst vere jente og låner sminke hjå mor i løynd. Så døyr han, 12 år gammal. Romanen vekslar mellom dei sørgjande foreldra i notid og episodar frå livet til Johannes.

Den levande Johannes har eit anstrengt forhold til omverda, og portrettet av han er verd boka i seg sjølv. At han gjestar foreldra sine etter døden kjem det lite ut av, anna enn ei vag kjensle. At denne korresponderer med andre grenseoverskridande kjensler, hjelper lite.

«Det var som om alle lydar, lukter og smakar og syn rann over i kvarandre (…) som om naturlovene ikkje gjaldt lenger, som om eg tenkte og følte gjennom andre og som om andre tenkte og følte gjennom meg»

Slike passasjar vert ståande merkeleg isolert frå resten av livet deira, dei blir meir som påstandar enn som noko romanen greier å bruke.

Ikkje alt flyt

Det flytande fungerer vesentleg betre i forma, der han byter scene via assosiasjon: frå den drypande sisterna på do vrir han rett over til lyden av vinen Elisabeth heller opp i det temmeleg svære vinglaset sitt. Slik glir teksten smidig framover, og lesarane blir flytta rundt i universet utan transportetappar.

Ideen med å la dei tre likeverdige stemmene i familien spegle seg i musikken til Bach, der dei flyt saman og frå kvarandre, er god. Dessverre kjem vekslinga mellom dei ulike stemmene for tett.

«Flukt» er ikkje ei mislykka bok. Dialogane er presise og pinefulle, Johannes’ siste tid på jord er levande skildra.

Mykje er bra, men opplegget med å setje sansingar, tankar og levande og døde i spel, fungerer overraskande dårleg. Det gjev lite til historia.

Kort sagt: Døden er eit blindspor. Dermed plasserer «Flukt» seg som ei mellombok i eit forfattarskap der det elles er kort mellom høgdepunkta.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.