Hopp til innhold
Anmeldelse

Finst det bever i Saudi-Arabia?

Romanen «Beveren» er skriven av ein saudi-arabisk forfattar, men beveren i boka er amerikansk. Den arabiske romanen kan vere like global som den vestlege, så klart.

Beveren

Romanen «Beveren», av Mohammed Hasan Alwan.

I fjor var romanen «Beveren» på kortlista til The International Prize for Arabic Fiction. I år er boka komen på norsk. Forfattaren Mohammed Hasan Alwan (f.1979) har skrive tre romanar og bur og arbeider i Ryiadh, ein by det sjeldan vankar romanar frå på våre breiddegrader. Men det skjer ting med den arabiske romanen for tida, forklarer Alwan i eit intervju med nettstaden Beirut 39, der ei gruppe på 39 utvalte arabiske forfattarar under 40 blir presentert. Om forfattaryrket seier han elles at det er "somewhat inconsistent with my family tradition". Ingen fest i heimen når forfattarsonen gjer suksess, altså.

Ryiadh-Portland

Mohammed Hasan Alwan

Mohammed Hasan Alwan.

Foto: Cappelen Damm

Hovudpersonen Ghalib er ein ung mann frå ein velståande familie. Foreldra hans blei skilt rett etter han var fødd, det var mor som ville det. Begge har nye ektefeller og nye barn, og Ghalib føler heile livet at dei ikkje likar å bli mint på at han finst. Tilveret byr på materielt overskot og lite kjærleik og omtanke, og vår mann virrar nokså planlaust rundt både i Riyadh og etterkvart i USA der han slår seg ned av høgst uklåre grunnar. Så langt liknar dette til forveksling på ein norsk samtidsroman om den unge mannen utan retning i livet.

Ueksotisk

Den som er på jakt etter eksotiske, arabiske netter eller opprørande rapportar om brot på menneskerettane eller studiar av valdeleg islamisme, vil bli skuffa over denne romanen. Ghalib er mest oppteken av kvar han kan få møtt den gifte elskerinna si igjen, ei kvinne han har elska i 20 år. Begge forstod at det ikkje kunne bli dei to på grunn av foreldra. Slik sett kan det liggje ein kritikk her av arrangerte ekteskap, men på den andre sida verkar vår mann nokså tilfreds med at han kan forlate henne att etter relativt kort tid.

Opprør?

Som lesar jaktar eg på det som er annleis enn i den norske romanen og det som er ulikt i samfunnet som dannar bakteppe. Det er trass alt ikkje kvar dag ein les romanar frå Saudi-Arabia. Og det er klart det finst forskjellar: Alle som gjer manuelt arbeid kjem frå andre land, ei kvinne som har dradd ut i byen berre med den mannlege sjåføren og utan anstand er ute og køyre og det ikkje berre i bokstavleg fortand, far er ein fjern patriark som herskar med makt og dynasti-idear og ikkje med omtanke for det einskilde familiemedlemmet. Likevel er forskjellane nedtona. Her er ingen religiøse feider, hovudkonflikten i den grad den finst, går mellom kollektive tradisjonar og individuell fridom. Men dette er på ingen måte eit enkelt reknestykke: Fridommen fører med seg einsemd og utanforskap, og det kan verke som om skilsmissa til foreldra er like øydeleggande som tradisjonane.

Innland og utland

Ville romanen sett annleis ut dersom ytringsfridommen i heimlandet hadde vore meir stabil? Det er uråd å seie. Eg er usikker på om eg har alle nøklane som skal til for å få heilt grep om denne boka. Her er mange uløyste spørsmål etter endt lesing. Den einaste måten å kome vidare på, er truleg å lese fleire romanar frå regionen.

Og beveren? Jo det var eit dyr han oppdaga då han sat aleine og fekk dagane til å gå med stangfiske ved elva i Portland. Mens han sjølv sat og drog opp fisk verken han eller andre hadde bruk for, dreiv beveren med festningar og byggverk matauk og familie i stor stil, ja, akkurat som skikkelege saudi-arabiske menn skal gjere.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.