Angélique (29) ville endra norsk motebransje – innsåg at ho var del av problemet

Då Angelique Culvin stort sett fotograferte kvite modellar, måtte ho ta eit oppgjer med seg sjølv. Løysinga hennar blei #VogueChallenge som no har gått viralt.

Angélique Culvin står bak #VogueChallenge

EINSIDIG: Angélique Culvin som er halvt tanzaniansk og halvt engelsk, sleit med å kjenna seg igjen i motebransjen.

Foto: Angelique Culvin

Debatten om mangfald i motebransjen har vore oppe fleire gongar. I det siste under emneknaggen #Voguechallenge, sett i gang av modell Salma Noor, med Angélique Culvin som fotograf.

Utfordringa har spreidd seg verda rundt, og er blitt omtalt av amerikanske Vogue og CNN.

Ideen er å laga ein eigen vri av Vouge-framsida for å løfta folk med minoritetsbakgrunn, eller mørkhuda i motebransjen.

Culvin var motivert av funna ho gjorde i masteroppgåva si i 2017. Ho forska på kor mange med minoritetsbakgrunn som var representerte i motemagasin. Mest interessant var oppdaginga om korleis dei var representerte, fortel ho.

– Hovudfunna var ikkje overraskande at mørkhuda folk var mindre representerte enn lyshuda. Det som derimot overraska meg var at om dei var representerte, var dei gjerne gøymt vekk i veldig små bilde.

Delvis skyldig

Samstundes med masterskriving, jobba Culvin som fotograf i motebransjen. Som halvt tanzaniansk og halvt engelsk gjorde det inntrykk å sjå at ho ikkje kunne kjenna seg igjen i bransjen.

– Å sjå at eg ikkje var spegla var trist.

Faksimilie av Vogue

VIRALT: Vogue sjølv har omtala trenden som blei starta i Noreg.

Foto: Vogue

Ho møtte seg sjølv i døra då ho ville ta lærdom frå masteroppgåva og endra bransjen.

– Eg innsåg at eg sjølv ikkje spegla det eg skreiv om. Eg tok hovudsakleg bilde av lyshuda modellar. Det var vanskeleg å kjenna at eg var ein del av problemet.

Ho meiner det er ei problemstilling mange fotografar støyter på.

– Ein er kanskje nybegynnar, har ei anna stemme og ønsker å visa noko anna enn det ein vanlegvis ser. Det er vanskeleg å bryta med mønsteret. Me ønsker også å overleva, få oppdrag og tena pengar.

Sosialantropolog Gunn-Helen Øye er einig med Culvin i at det er lite rom for minoritetspersonar i motebransjen. Ho meiner ansvaret ligg hos forbrukarane som kjøper moteblada, så vel som moteblada sjølv.

– Om ikkje me som brukarar vel å kjøpa visse blad, vil ingenting endra seg. Men motebransjen sin essens er å ta pulsen på korleis me lever og kva me kler oss i. Om dei held seg til eit snevert syn og ikkje speglar verda, har dei bomma på oppgåva si, seier Øye.

Ikkje i mål endå

NRK har talt framsidene til tre av dei største moteblada i Noreg det siste året. 7 av 47 framsider, eller 15 prosent, hadde ikkje-kvite personar. Costume og Elle hadde høvesvis 2 av 13 og 3 av 12 framsider med ikkje-kvite modellar. KK hadde 2 av 22.

– Det er ikkje nok, det viser ikkje den verkelegheita me lever i, seier Øye.

KK-forsider

FRAMSIDER: Eit lite utval av KK sine framsider siste året.

Foto: Skjermdump

Då Culvin skreiv masteroppgåva si i 2017 fann ho at mindre enn 10 prosent av innhaldet i dei store magasina hadde ikkje-kvite personar. Av framsider fann ho berre éi.

Ho er veldig glad talet har auka sidan den gong, men ser ikkje kampen som vunne endå.

– Det handlar ikkje berre om modellane, minoritetar må vera involverte i heile prosessen, til dømes som fotografar. Også i redaksjonen, der vala om kor mykje plass dei skal få, blir tekne, seier Culvin.

Ansvarleg redaktør Ingeborg Heldal i KK seier seg einig, og fortel at mangfald er noko av det viktigaste for dei.

– Det er sjølvsagt lett å telja framsider, då det er utstillingsvindauget vårt. Der er ikkje to av 22 bra nok. Men eg er også veldig opptatt av kven me vel å intervjua, kva kjelder me bruker og kva slags bilde me vel å illustrera sakene våre med, seier Heldal.

Ingeborg Heldal

KAMP: – Me må bli endå flinkare enn det me er no, me er absolutt ikkje i mål, seier ansvarleg redaktør Ingeborg Heldal i KK.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Culvin er ikkje overtydd.

– Det same blei sagt då eg skreiv masteroppgåva. Det er litt overflatisk. Mørkhuda personar får ikkje like høver til gjera endring. Motemagasina må ut av bobla si, elles går dei glipp av gode bodskap og det fargerike samfunnet me eigentleg er, seier Culvin.

– Fleire motehus har no blant anna eigne tilsette som skal sikra mangfald både utetter og innetter. Det er gledeleg å sjå eit mykje større mangfald på catwalken. Men det er ingen tvil om at dette berre er starten, og at me også, som Noregs største motemagasin, kan bli betre, seier ansvarleg redaktør i Kine B. Hartz i Costume til NRK.

– Mangfald er veldig viktig for oss. Me meiner me er gode på det i ELLE, men me kan absolutt bli endå betre, og det er noko me kontinuerleg har fokus på, seier Petra Middelthon, redaktør i Elle.

#VogueChallenge

Mangfaldsdebatten har skote fart etter debattane om systematisk rasisme i USA.

Bildet av Salma Noor tok Culvin på seinsommaren i fjor. Ho ana ikkje den gong at det skulle gå viralt eit knapt år seinare.

– Dette var omtrent på same tid som eg verkeleg følte at eg ikkje hadde klart å følga opp det eg skreiv om i masteroppgåva, i mitt eige arbeid.

Culvin skifta dermed jobb, og har fotoyrket som jobb på sida. Slik finn ho større fridom til å fotografera kven ho vil utan å tenka på marknaden og løna.

Emneknaggen #VogueChallenge er brukt på over 250.000 innlegg på Instagram. Han har til og med blitt eit eige filter på Instagram.

– Det var litt skummelt. Men eg er veldig stolt over å få så mykje merksemd rundt noko eg brenn for, seier Culvin.

Kulturstrøm

  • Skal studere verdien av kultur

    Forskere ved Karolinska Institutet i Sverige skal finne ut av hvor viktig kultur er ved å studere effekten av bortfallet av kultur under koronapandemien. Studien av koronaeffektene startet allerede i mai. Resultatet vil være klart over sommeren (NTB).

  • Rockefeller gjenåpner

    Rockefeller scene i Oslo vil starte en gradvis gjenåpning av virksomheten fra august. Roar Gulbrandsen, daglig leder hos Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene, sier de i første omgang åpner opp for en kapasitet på 200 publikummere (NTB).

  • Skodespelar får rekorderstatning

    Den australske Hollywood-stjerna Geoffrey Rush har fått tilkjent tilsvarande 19 millionar kroner i erstatning av den australske avisa the Daily Telegraph for ærekrenking. Avisa trykte i 2017 ein artikkel som skulda Rush for seksuell trakassering.

    Geoffrey Rush på filmfestivalen i Berlin
    Foto: Michael Sohn / AP