Hopp til innhold

Ane Dahl Torp om skodespelar-livet: – Det er flaut

I Lindmo på fredag fortel den prisløna skodespelaren Ane Dahl Torp om skodespelarlivet, og om flausen då ho tok imot den svenske «Guldbagge»-prisen for beste kvinnelege hovudrolle.

Ane Dahl Torp hjå lindmo februar 2021

Er det så farleg om det er litt flaut!? Både Harald Rønneberg og Ane Dahl Torp meiner vi har mykje å lære av å raudne i kinna og krible i magen!

– Eg synest også at det er flaut å spele teater eller film. Det er flaut! Det ligg i virkets natur, seier Ane Dahl Torp med eit stort smil om munnen.

Det er i fredagens sending av Lindmo at skodespelaren innrømmer at heller ikkje ho er utan sommarfuglar i magen når ho skal spele ei scene.

– Eksempelvis: «Nå er eg liksom forelska. Nå skal eg gråte». Det er jo litt teit. Men viss ein liker den flauheita litt, då kiler det litt på innsida.

– Eg synest det er litt flaut kvar dag eg. Men eg er vand til det, og veit å nyte det, legg ho til.

Ane Dahl Torp

Ane Dahl Torp har vunne fleire prisar som skodespelar, men innrømmer at yrket kan vere litt flaut.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det er som om eg har vunne Oscar

Ane Dahl Torp er kjent frå både teater, film og TV og har blitt løna med fleire prisar for sine rolletolkingar. Sist vi såg ho på norske skjermar var som fotballtrenaren Helena Mikkelsen i serien «Heimebane».

Førre måndag vann ho Sveriges fremste filmpris, nemleg «Guldbaggen», for beste kvinnelege hovudrolle i den svenske dramafilmen «Charter».

Filmen har fått strålande kritikk, og er også vald som Sveriges kandidat til Oscar-utdelinga i kategorien «beste internasjonale spelefilm».

– Det kjennest heilt fantastisk ut. Sverige er mitt Hollywood, det er som om eg har vunne Oscar, seier ho.

For Torp var det ekstra stas å vinne pris i Sverige då ho alltid har hatt ein forkjærleik for Sverige krydra med litt ambivalens.

– Det er noko med den svenske kulturen som eg synest er interessant, og som irriterer meg litt samtidig. Eg har eit uavklart forhold der.

– Det er ein fortent pris

Inger Merete Hobbelstad, teater- og filmmeldar i Dagbladet. Ho seier det er ein fortent pris som også viser at Noreg har eit koppel med internasjonalt anerkjente skodespelarar.

Inger Merete Hobbelstad

Inger Merete Hobbelstad, teater- og filmmeldar i Dagbladet.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Tradisjonelt har det vore sett på som eit problem at norske skodespelarar fyrst og fremst var teaterskodespelarar, og at dette syntest når dei spelte på film. Dette er ikkje noko problem lenger.

Ho skryter av korleis Ane Dahl Torp er god på å formidle intensitet, og seier at dette er ei intens rolle.

– I denne filmen må ho dessutan få sjåaren til å lure på om ho snakkar sant eller ikkje. Det får ho til veldig godt.

Vidare nemner ho også Andrea Bræin Hovig og Pia Tjelta. Begge har vunne internasjonale prisar det siste året.

– Det var eit godt år for norske skodespelarar, seier ho.

– Eg verka som ein total «weirdball»

Utdelinga og takketala som følgde med «Guldbaggen» gjekk derimot ikkje heilt smertefritt.

– Apropos flaut! Eg er så flau over den takketala mi, seier ho og ler.

Takketala måtte bli laga som digital videohelsing, noko Torp var skeptisk til i utgangspunktet.

Ane Dahl Torp Lindmo februar 2021

Ane Dahl Torp ler når ho tenker på videohelsinga ho laga til «Guldbaggen».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Ho fekk ein idé der ho førestilte seg korleis ho hadde gjort det om ho var i Sverige, og vart ropt opp på scena. Og så spelte ho ut dette i videohelsinga.

– Og så byrjar programmet og eg skjønner at eg hadde bomma heilt. Då sat eg der og var flau under heile «Guldbaggen», og tenkte at no kjem snart helsinga mi som ser ut som eit TV-program. Eg kom over som ein total «weirdball», avsluttar ho og ler.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.