Hopp til innhold

Andriy vekslar mellom verdsturné og krigskampar i Ukraina

Dagane før konserten i Oslo leita popstjerna etter ulovlege køyretøy, for å øydelegga dei.

Det ukrainske bandet Boombox, frontmann Andriy Khlyvnyuk

KONTRASTAR: Når Andriy Khlyvnyuk ikkje speler konsertar i utlandet, er han heime i Ukraina og kjempar i krigen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Vil du verkeleg vita det?

Andriy Khlyvnyuk har akkurat fått spørsmål om kva han har gjort dei siste vekene.

Han er frontmann i eitt av Ukrainas største band, Boombox, og kjent over heile landet. Kontrastane i livet hans er store.

– Eg leitar etter ulovleg parkerte internasjonale køyretøy og personell, og prøver å øydelegga dei. Det er det eg driv med, seier han.

Dette var dagane hans før han kom til solfylte Oslo for å spela konsert på torsdag.

Barna søv i bomberom

NRK møter han på hotellet ein time før konserten. Me blir raskt avbrote av to ukrainarar som vil ta bilde med han. Dei har flydd inn frå Trondheim i høve konserten.

Andriy Khlyvnyuk frå det ukrainske bandet Boombox møter fans før konserten i Oslo

Ukrainske Marina Litvinenko er rask med å spør om eit bilde då ho får auge på Khlyvnyuk. – Me kom for å sjå favorittsongaren vår, seier ho.

Foto: Per Sveinung Larsen / NRK

Khlyvnyuk er tilsynelatande glad og oppstemt før konserten. Men det er med ein bismak at han er i Oslo.

– For eg forlét barna mine. Kvar natt søv dei i eit slags bomberom på badet, rett på golvet. På grunn av denne regelen om to vegger, har du høyrt om den?

Regelen handlar om at ein alltid må ha minst to vegger til å beskytta seg i eit hus dersom det blir skote mot. Éin vegg stoppar ammunisjonen og den andre tar imot verknaden av skotet.

Alle barn i Ukraina er godt kjente med regelen, fortel Khlyvnyuk.

The frontman of the popular Ukrainian rock group Boombox Andriy Khlyvnyuk

Khlyvnyuk attmed bilen sin i Kyiv etter å ha kjøpt matprodukt til folk 2. mars 2022.

Foto: AP

Frå verdsturné til krigsfrontlinja

Då Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022, avslutta Khlyvnyuk ein USA-turné for å kjempa i heimlandet.

Ein video av han i militærutstyr midt i Kyiv, syngande på den velkjente ukrainske folkevisa «Chervona Kalyna», gjekk raskt viralt, ifølge avisa Kyiv Post.

Pink Floyd laga etter kvart ein coverlåt saman med Khlyvnyuk til inntekt for Ukraina. Dei samla inn over 6,6 millionar kroner.

Khlyvnyuk gjorde songen til sjølve symbolet på ukrainsk motstand, fortel nestleiar Nataliya Yeremeyeva i Den ukrainske forening i Norge.

Nataliya Yeremeyeva, nestleiar i Den ukrainske forening i Norge

Boombox er legendariske, fortel Nataliya Yeremeyeva. Den ukrainske forening i Norge arrangerer konserten til inntekt for Ukraina.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

No kombinerer Khlyvnyuk jobb i den sivile politistyrken med å reisa rundt og spela innsamlingskonsertar i utlandet.

Tredje største innvandrargruppa

Rundt 700 personar har møtt opp på Cosmopolite scene i Oslo for konserten. Blant dei er 17 år gamle Sofiya Borshch og kjærasten Jonas Bergersen. Borshch er sjølv ukrainsk og flytta til Noreg då ho var mellom 5 og 6 år.

Sofiya Borshch og Jonas Bergersen (17 år) på konsert med Boombox

Sofiya Borshch og Jonas Bergersen er blant publikum. Bergersen seier det er sterkt som nordmann å sjå det ukrainske samhaldet på konserten.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det er ei veldig god kjensle å sjå så mange som samlar seg i Noreg for Ukraina som me er så glade i. Det er heilt fantastisk, seier ho.

Personar med ukrainsk landsbakgrunn har blitt den tredje største innvandrargruppa i Noreg, ifølge SSB.

Ukrainske Boombox speler veldedighetskonsert i Oslo

Publikum under ein stappfull Cosmopolite scene i Oslo.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

At Boombox no speler i Oslo, har ei stor symbolsk betyding, fortel Yeremeyeva i foreininga.

– Ukrainsk kultur er ikkje så godt representert, men mange ukrainarar er så svoltne på ukrainsk kultur. Det er ein fin måte å sjå kvarandre, støtta Ukraina og visa solidaritet. Derfor er det så viktig for oss, seier ho.

Sjølv om det kostar mykje å vera vekke frå barna, er utanlandskonsertane til inntekt for heimlandet livsviktige for Khlkyvnyuk.

– Om eg ikkje brukte musikk, ville ikkje du vore her og intervjua meg. At eg er ein kjend artist har hjelpt meg å få fram bodskapen om at dette ikkje er ein kamp mellom to land. Dette er ein kamp for grunnleggande menneskerettar.

Ukrainske Boombox speler veldedighetskonsert i Oslo

Boombox hadde publikum i si hole hand frå første strofe.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober