Norsk regissør skal lage film av Stephen King-bok

«Trolljegeren»-regissør André Øvredal skal regissere Stephen Kings bok «The Long Walk» frå 1979. Det melder Deadline.

André Øverdal

Regissøren André Øverdal har fått eit namn innan skrekkfilmsjangeren i Hollywood etter at han regisserte «Trolljegeren» og «The Autopsy of Jane Doe». Seinare i år kjem filmen «Mortal», basert på norrøn mytologi. No skal han i gang med filmatiseringa av ein av dei tidlege Stephen King-romanane.

Foto: Emil L. Mohr / NTB scanpix

Etter at han laga den norske spelefilmen «Trolljegeren» i 2010 har André Øvredal laga filmar i thriller- og skrekksjangeren i USA. I 2016 kom den kritikarroste filmen «The Autopsy of Jane Doe» med Brian Cox og Emile Hirsch i hovudrollene.

Blant dei som likte filme godt, var forfattaren Stephen King.

Seinare i år kjem skrekkfilmen «Scary Stories to Tell in the Dark», som er skriven og produsert av Guillermo del Toro, og fantasyfilmen «Mortal», som er basert på norrøn mytologi.

Og no gir han seg i kast med filmatiseringa av Stephen King-romanen «The Long Walk», skriv Deadline.

– Eg går rundt og klyp meg i armen

Øvredal seier at han aldri hadde trudd han skulle få oppleve ei slik hending.

– Det å få lage ein Stephen King-film, og å få lov til å vere ein del av det biblioteket med fantastiske filmar som er basert på hans bøker, er ei ære og eg går rundt og klyp meg i armen.

Nordmannen, som nettopp har vore i eit langt møte med produsentane til filmen i dét NRK får tak i ham, fortel at han fekk vite at han fekk jobben på ein tekstmelding.

– Det var ein morosam måte å få ein så stor beskjed på. Slike prosjekt opnar alltid dører. Dørene har vore opne, men det handlar om å finne de rette dørene til rett tid.

Dystopisk klassikar

Stephen King gav ut boka i 1979 under pseudonymet Richard Bachman. Handlinga i boka er lagt til ein gong i framtida. 100 tenåringsgutar deltek i den årlege konkurransen «The Long Walk».

Deltakarane i konkurransen må halde ei marsjfart på over 6 kilometer i timen. Får du tre åtvaringar i løpet av ein time, blir du skoten.

Romanen har blitt ein dystopisk klassikar som har inspirert seinare bøker og filmar i populærkulturen, skriv Deadline. Boka blir også rekna som ei sentral bok i Kings bibliografi, og peiker framover til tema og personar i seinare King-bøker.

Del av King-satsing

Manuset til den komande Øvredal-filmen er skriven av James Vanderbilt, som tidlegare har skrive manus til blant anna to «Spider Man» – filmar og «Independence Day: Resurgence».

«The Long Walk» er ein av tre filmar produksjonsselskapet New Line lagar basert på bøker av Stephen King. Dei to andre er «Salem's Lot» og «It: Chapter Two», som er oppfølgaren til «It» med svenske Bill Skarsgård i rolla som klovnen Pennywise.

Film Review IT

Svenske Bill Skarsgård vender tilbake som klovnen Pennywise i «It: Chapter Two» denne hausten.

Foto: Brooke Palmer / AP

«It» blei den mest utbytterike skrekkfilmen gjennom tidene. Oppfølgaren verdspremiere 3. september, ein månad etter Øverlands «Scary Stories to Tell in the Dark»

Saka er oppdatert med sitat frå André Øvredal etter første publisering.

Kulturstrøm

  • «Friends» 25 år

    Tror ikke «Friends» hadde blitt akseptert i dag:

    - Nei, mener Friends-forsker. Nå er det 25 år siden første episode kom ut.
  • Facebook kvitter seg med apper

    Facebook har kvittet seg med tusenvis av apper som feilaktig kan ha misbrukt brukernes personopplysninger, opplyser nettsamfunnet fredag, skriver Washington Post. Facebook startet en prosess i vår, som tiltak etter episoden med Cambridge Analytica.