Hopp til innhold

Med krim på øyret

Ta med deg påskekrimmen når du går tur eller berre slapp av i solveggen heime. Få ei spennande påske med favorittane til norske krimforfattarar.

Forfatterne Jørn Lier Horst, Agnes Ravatn, Helene Flood og Jan-Erik Fjell.

ØYREOPNAR: Spanande krimforteljingar, dirrande stemningsskildringar og innblikk i etterforskinga av verkelege krimsaker. Dette er nokre av tipsa Jørn Lier Horst, Agnes Ravatn, Helene Flood og Jan-Erik Fjell gir deg til påskekrim du kan høyre på.

Foto: Anton-Soggiu, Marius Viken, Anna-Julia Granberg, Strawberry Publishing

Påska er for mange einstydande med krimbøker eller påskekrim på TV, men det er ikkje alltid det passar å setje seg ned med ei bok eller framfor ein skjerm.

Då kan desse podkasttipsa frå fire av våre fremste forfattarar vere eit godt alternativ.

– Ei episk historie om detektivarbeid

Jørn Lier Horst

TRUE CRIME: Det går i dokumentar og true crime når Jørn Lier Horst høyrer på podkast.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / JOHN-ANDRE SAMUELSEN

Jørn Lier Horst skriv krimbøker for både barn, ungdom og vaksne, og er ein av landets mestseljande krimforfattarar. Kanskje er det den tidlegare politietterforskar-karrieren hans som ligg bak podkast-preferansane.

kultur1
Logo til podkasten Criminal.
  • Tittel: Criminal
  • Sjanger: true crime (historier om verkelege kriminalsaker som involverer verkelege personar. Journ.merk.)
  • Språk: engelsk

«Det blir mykje dokumentar og gjerne true crime. Ein favoritt er amerikanske «Criminal» som har halde på sidan 2014. Dei presenterer kjende og ukjende kriminalsaker, ser på sakene frå nye vinklar og går bak overskriftene.»

kultur2
Logo til podkasten Murder Book.
  • Tittel: Murder Book
  • Sjanger: true crime
  • Språk: engelsk

«Ein annan favoritt er «Murder Book». I første sesong presenterer forfattaren Michael Connelly historia om The Tell-Tale Bullet, ei utruleg fascinerande sak som blir lagt fram på ein elegant, dramatisk, men nøktern måte. Det er ikkje berre ei attforteljing av ei eksepsjonell drapssak, men ei episk historie om detektivarbeid og det amerikanske rettssystemet, og endå viktigare: korleis sosiale tilhøve gjorde forbrytelsen mogleg og etterforskinga vanskeleg.»

– Skakande om rasisme i politiet

Forfatter Agnes Ravatn

JOURNALISTISKE OPPRULLINGAR: Agnes Ravatn anbefaler to podkastar der journalistane rullar opp verkeleg saker frå 80- og 90-talet.

Foto: Marius Viken / Samlaget

Agnes Ravatn sin nyaste roman, «Dei sju dørene», er eit familiedrama og blei ikkje skrive som ein krimroman. Likevel blir boka gjerne omtalt som ein thriller eller krimflørt, og er attpåtil nominert til årets Rivertonpris. Krimforfattar eller ikkje; Ravatn har eit godt øyre for krimpoddar som tek føre seg kriminalsaker litt tilbake i tid.

kultur1
Logo for podkasten "In the dark" season 2

«Skakande podkast om rasisme i politiet og i rettssystemet. Fire personar blir drepne i ein møbelforretning i Winona, Mississippi 1996. Mannen som er fengsla for drapa, Curtis Flowers, har prøvd å få gjenopptatt saka seks gonger. Journalistane bak podkasten gjer ein fantastisk innsats i å gå gjennom saka, bit for bit og bevis for bevis for å grave opp ny informasjon.»

kultur2
Logo for podkasten "The teacher's pet"

«Denne australske podkasten er for deg som har uendeleg med anledning til podkastlytting, for dette tar si tid! Verten nøstar i omstenda rundt forsvinninga av Lyn Dawson utanfor Sydney i 1982. Ektemannen si forklaring er at kona slutta seg til ei sekt og stakk av. Samtidig er det litt interessant at ektemannen sin 16 år gamle kjærast – og elev – flyttar inn rett etter at kona blir borte. Hm! Blant det dei prisverdige journalistane bak denne podkasten gjer, er å rulle opp ein overgrepskultur ved dei australske high schoolane i distriktet, der nærmast var akseptert blant lærarkollegiet å innleie seksuelle forhold til elevane sine.»

– Går i djupna på sak og skurk

Forfatter Jan-Erik Fjell

TETT PÅ KRIMSAKENE: Jan-Erik Fjell høyrer på podkastar som gir god innsikt i det kriminelle miljøet.

Foto: Strawberry Publishing

Jan-Erik Fjell vart den yngste forfattaren som nokosinne hadde motteke Bokhandlerprisen, då han fekk den som 28-åring i 2010. I år er han nominert til Riverton-prisen for «Gjemsel». Han har fått øyra opp for dokumentariske og grundige podkastar som ligg tett på verkelege kriminalsaker.

kultur1
Logo for podkasten True Crime All The Time.

«Den aller, aller beste truecrime-podden der ute etter mi meining. To amerikanarar som lagar gode og lange episodar der dei verkeleg går i djupna på sak og skurk. Det er ingen tvil om at dei har gjort ein massiv research-jobb i forkant av kvar episode. Praten flyt så godt mellom programleiarane at ein nesten trur dei ikkje har anna manus enn små nøkkelstikkord. Svært bra!»

kultur2
Logo til podkasten Insiderpodden.
  • Tittel: Insiderpodden
  • Sjanger: dokumentar/true crime
  • Språk: norsk

«Tips nummer to er «Insiderpodden» (etter TV-serien) med Stein Morten Lier og Helge Moldver. Ikkje hundre prosent true crime, men heller ikkje veldig langt unna. Svært gode intervju som er gjort «on the go» (på farten). Eg vart tipsa om denne av ein kompis og eg raste gjennom alle episodane i ein lytt. Dessverre ikkje så mange episodar førebels, men eg håpar det kjem mange fleire.»

– Podkast ein blir skikkeleg hekta på

Helene Flood

KARAKTER- OG MILJØSTUDIUM: Helene Flood har blitt hekta på podkastar som tek utgangspunkt i saker frå to amerikanske småbyar.

Foto: Anna-Julia Granberg, Blunderbuss / Cappelen Damm

Til rosande kritikkar og spådomar om internasjonal suksess debuterte Helene Flood, som også har doktorgrad i psykologi, med krimromanen «Terapeuten» i fjor. Ho anbefaler to moderne krimklassikarar frå podkast-universet.

kultur1
Logoen til den amerikanske podkasten Serial.

«Ein journalist går inn i ei, på det tidspunktet, nesten femten år gamal drapssak og byrjar å nøste. Ho lurer ikkje berre på kven som har utført drapet, men også på korleis det har seg at ein vidaregåande elev vart dømt. Var bevisa mot han eigentleg sterke nok? «Serial» er true crime og endar opp med å skildre kostnadene drapssaka har for eit lite miljø med ungdommar. Ein podkast ein blir skikkeleg hekta på.» (Podkasten har i ettertid blitt adaptert for TV. TV-serien «The case against Adnan Syed» hadde premiere på HBO i 2019. Journ. merk.)

kultur2
Logo til podkasten S-Town
  • Tittel: S-town
  • Sjanger: dokumentar
  • Språk: engelsk

««S-town» kjem frå same produsent som «Serial» og byrjar som true crime. Ein mann påstår at ein velståande familie i ein liten by i Alabama har sleppt unna med drap. Derifrå utviklar podkasten seg til å bli noko heilt anna, og sånn sett er det kanskje litt drygt å kalle den ein krimserie. Ein kan seie at den vel så mykje er ein karakterstudie, men siste episode oppklarer ein del lause trådar likevel. Eg utfordrar kven som helst til ikkje å bli litt rørt heilt på slutten der.»

Krimpodkastar frå NRK

I tillegg til tipsa frå forfattarane, kan du teste ut to rykande ferske podkastar frå NRK, nemleg årets påskekrim frå Radioteatret og ei krimhistorie om to kidnappa journalistar i Syria. Du kan også finne fleire podkastar om nokre av dei største kriminalmysteria her til lands.

Logo for Radioteatrets "Isblind" - en påskrim i 4 deler av Knut Nærum. Premiere 3.april 2020.
  • Tittel: Isblind
  • Sjanger: fiksjon
  • Språk: norsk

Årets påskekrim frå Radioteatret er i fire delar og er skriven av Knut Nærum. Ein forskar blir avslørt som spion og døyr rett etterpå ved eit hendig uhell. Privatetterforskar Oberon Qvist blir kopla på saka og følger spora vidare til forskingsskipet «Sonja Henie». Så byrjar mannskapet å forsvinne ... ein etter ein.

Alle episodar tilgjengeleg i NRK radio og som podkast frå 3. april.

Kidnappet
Foto: Tom Bob Peru Aronsen

To journalistar forsvinn i det krigsherja Syria. Ingen veit kvar dei er eller kven som har tatt dei. No vil Erik Aasheim og Nina Stensrud Martin finne ut kva som eigentleg skjedde då vennane deira, Magnus Falkehed og Niclas Hammarström, blei bortført.

Logo til NRK-podkasten "Familiene på Orderud!

Kva familiedrama fann eigentleg stad på Orderud gard? Denne podkastserien avdekkjer det menneskelege dramaet i ein av ei dei mest omdiskuterte drapssakene i Noreg. Kven var dei to halvsøstrene som kom til garden og seinare vart dømt for medverknad til trippeldrap? Gjennom til no upubliserte opptak frå rettssalen og møter med mange av menneska som fekk liva sine dramatisk endra, fortel forfattar og journalist Joachim Førsund historia om Orderud-saka, slik du aldri har høyrt den før.

Gåten i Isdalen – vignett
Foto: Politiet, NRK (montasje) / NRK

I 1970 vart ei kvinne funnen død i Isdalen i Bergen. Ho hadde åtte falske pass. Ingen ante kven ho var, men nye lovande spor dukka opp. Det har også blitt laga ein annan podkast om saka, «Death in Ice Valley», som er ein samproduksjon mellom NRK og BBC.

Purk eller skurk podkast

Kven er Eirik Jensen? Korleis enda ein av Noregs mest fortrudde politimenn opp som hovudmistenkt i eit kriminelt nettverk han sjølv jobba for å nedkjempe? Her får du bakgrunn om mannen som står tiltalt i ein av dei mest spesielle rettssakene vi har hatt i Noreg. Er han skuldig?

Barnevernsbanden

I 2010 sto 13-15-åringar for noregshistorias kanskje største krim- og ransbølge. I Kristiansand sto ungdommar bak over 1000 lovbrot på få månader, etter kvart væpna med balltre, knivar og pistolar. Gjengen hadde ein ting til felles: Alle var under barnevernet si omsorg. Kva var det eigentleg som skjedde? Ein podkastserie frå P3 Dokumentar.

"To hvite menn”
Foto: NRK

I 2009 vart Joshua French og Tjostolv Moland dømde til døden i DR Kongo, etter at sjåføren deira vart drepen. Kven var dei to nordmennene som sette seg på ein motorsykkel og køyrde inn i jungelen? Og kva skulle dei der?

Sjekk ferske topplister og fleire anbefalingar på nrk.no/podkast.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober