Ferske boktips

Noveller du aldri vil skal ta slutt, eit krast angrep på krenkekulturen og ei forunderleg fin barnebok. NRKs litteraturkritikarar gir deg ni av dei beste bøkene som har kome ut så langt i år.

Lesetips til vinterferien.

BOKTIPS: Frå veteranar som Lars Saabye Christensen og Haruki Murakami, via stjernedebutanten Lydia Sandgren, til kvalitetsbøker for barn og unge. Bokåret 2021 byr på mange godbitar allereie.

Foto: Forlaget Press, Cappelen Damm, Pax, ALBERT BONNIERS FÖRLAG, FORLAGET OKTOBER, GYLDENDAL, Aschehoug, / Colourbox

Feriar og helger må for tida stort sett tilbringast i heimlege omgivnader – anten det er heime, eller for dei heldige: på hytta.

No kan det vere tida for å bli heilt oppdatert på ferske bøker. NRKs hovudkritikarar på litteratur, Marta Norheim, Knut Hoem og Anne Cathrine Straume, har valt ut tre favorittar kvar frå bøkene som har kome ut så langt i 2021.

NRKs tre hovedanmeldere for litteratur: Anne Cathrine Straume, Marta Norheim og Knut Hoem.

TIPSAR OM BØKER: Anne Cathrine Straume (t.v.), Marta Norheim og Knut Hoem er hovudkritikarar på litteraturfeltet i NRK.

Foto: NRK

Så om du treng lesetips til deg sjølv, ungdommen, eller den minste: her er to norske romanar, fire omsette romanar og tre bøker for dei yngre lesarane.

God lesing!

Kjærleik og sameining

"Kjærlighet i nødsfall" av Daniela Krien kommer ut på norsk februar 2021.
Foto: Forlaget Press/Maurice Haas / Diogenes Verlag
  • Bok: «Kjærlighet i nødsfall» av Daniela Krien
  • Anbefalt av: Knut Hoem

– «Kjærlighet i nødsfall» utspelar seg i Leipzig, og skildrar byen gjennom perspektivet til fem kvinner som var tenåringar då Berlinmuren fall. Kvinnene har oppveksten i DDR friskt i minne, men har tilsynelatande lært seg å leve med den fridomen og uvissa den vestlege kapitalismen har å tilby. Men er dei dermed sagt lukkelege?

«Kjærlighet i nødsfall» minner meg om kva som er poenget med forfattarar. Dei skal skildre små og store ristingar i samfunnet, og dei konsekvensane dette har for den enkelte.

Slepper satiren laus

Lars Saabye Christensen gir ut boka "En tilfeldig nordmann", februar 2021.
Foto: Magnus Stivi/Cappelen Damm
  • Bok: «En tilfeldig nordmann» av Lars Saabye Christensen
  • Anbefalt av: Marta Norheim

– Forfattaren køyrer full pinne med satire, blødmer, klovneri og elleville rundkast i denne romanen som har eit alvorleg tema: Er krenkekultur og utfrysing av meiningsmotstandarar i ferd med å gjere prisen for å uttale seg altfor høg?

Det som er sikkert, er at den tilfeldige nordmannen Gordon Mo får køyrt seg.

Klassiske Murakami-augeblikk

Novellesamlingen "Første person entall" av Haruki Murakami kommer ut på norsk januar 2021.
Foto: Pax/Marion Ettlinger
  • Bok: «Første person entall» av Haruki Murakami
  • Anbefalt av: Knut Hoem

– Dersom du spør meg kva novellesamlinga «Første person entall» handlar om, ville eg svart at novellene handlar om tilfeldige møter med andre menneske – møter ein kanskje har gløymt, men som dukkar opp igjen i minnet mange år seinare. Det at menneske kan møtast og finne tonen med kvarandre ser ut til å vere sjølve grunnmysteriet i livet, og er hovudtemaet i desse novellene. Men så kan slike møter også ende i katastrofe.

Ei novellesamling full av klassiske Murakami-augeblikk.

Storslått debut

Bokomslag "Samlade verk" og Lydia Sandgren
Foto: Emelie Asplund / Albert Bonniers Förlag
  • Bok: «Samlade verk» av Lydia Sandgren
  • Anbefalt av: Marta Norheim

– Ikkje la deg lure av tittelen! Her er det berre å gje seg over til ei 30 år og 690 sider lang historie lagt til Göteborg frå 1980-talet og framover. Martin, Gustav og Cecilia heng saman i tjukt og tynt, Cecilia får to barn med Martin og er modell og inspirasjon for kunstnaren Gustav – før ho ein dag forsvinn utan spor.

Romanen vann Augustprisen, den største utmerkinga ei svensk bok kan få. Det er berre å lære seg namnet med ein gong: Lydia Sandgren fyller ordet debutant med nytt innhald.

Sterkt skjebnedrama

"Sjøskade" av Eirik Ingebrigtsen blir gitt ut våren 2021.
Foto: Forlaget Oktober/Finn Ståle Felberg
  • Bok: «Sjøskade» av Eirik Ingebrigtsen
  • Anbefalt av: Marta Norheim

– Ein dag tek Johs med seg jobben heim: Eit lass med mageinnhaldet til ein død gåsenebbkval hamnar i kjellaren, til registrering. Øydelagt av sivilisasjonen altså, mens Johs nyleg var nær ved å drukne i kvalens rette element og lurer på om han har mista forstanden.

Ein original roman om mykje som går skeis. Bonus: Eit møte med samtidslitteraturens mest harmoniske tenåring.

Burleske vedkjenningar frå Madrid

"Kjøttets tid" av Lina Wolff kommer ut på norsk, februar 2021.
Foto: Forlaget Oktober
  • Bok: «Kjøttets tid»
  • Anbefalt av: Knut Hoem

– Ein svensk reisejournalist dreg på stipendreise til Madrid. Denne 45 år gamle kvinna er i akutt behov for forvandling. Kva skal så denne forvandlinga bestå i? Gjennom kvinnas møter med ulike menneske i denne framande byen borer Linda Wolff i spørsmålet: Kva er eigentleg tilhøvet mellom ånd og materie, kropp og sjel?

«Kjøttets tid» er ein roman av høg litterær kvalitet. Omsetjar Bodil Engen har sørga for at også denne boka av Wolff har behalde smaksrikdomen og dyben på norsk.

Ei gåve i ord og bilde

Bokomslag "Steder å tisse" og Svein Nyhus
Illustrasjon: Svein Nyhus/Gyldendal forlag / Gyldendal forlag
  • Bok: «Steder å tisse» av Svein Nyhus
  • Kategori: Bildebok for de minste (3-6 år)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

– Svein Nyhus har i fleire av bøkene sine latt undringa få strøyme fritt. Ei dramatisk handling, eller avslutta historie, er det ikkje så nøye med. Illustrasjonane er fulle av detaljar det går an å fabulere om for både barn og vaksne. Med denne boka greier han å formidle vidare fascinasjonen over kroppen og gleda over mangfaldet i verda.

At det går an å lage noko så forunderleg fint av noko så prosaisk som det å tisse!

Sveriges «nye Astrid Lindgren»

Bokomslag "Apestjernen" og Frida Nilsson
Foto: Mia Carlsson / Aschehoug forlag
  • Bok: «Apestjernen» av Frida Nilsson
  • Kategori: Barneroman (8-12 år)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

– Frida Nilsson er ein av dei mest populære barnebokforfattarane i Norden, og med den gullgode illustratøren Per Dybvig på laget har ho skapt ei spennande historie som passar godt både som høgtlesing, og som slukebok for barn som er store nok til å lese sjølv.
Barneheimsbarnet Jonna blir adoptert av ein gorilla. Korleis skal det gå?

Dette er ei bok som går rett til hjartet. Litt skummel. Temmeleg morosam. Og veldig rørande.

Fotballspenning

Michael Stilson gir ut ungdomsromanen "Kampfikseren", februar 2021.
Foto: Cappelen Damm/Knut Aage Dahl
  • Bok: «Kampfikseren» av Michael Stilson
  • Kategori: Ungdomsroman (12-16 år)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

– «Kampfikseren» er det tredje og avsluttande bindet i serien om tenåringen Fredrik Markussen, som får proffkontrakt i den tyske bundesligaen. Mykje av spenninga ligg i sjølve fotballspelet, som er drivande godt skildra, ettersom Stilson sjølv har vore eliteseriespelar. Dramatikken skuldast også splitta lojalitetar i høve til eiga karriere versus laget, i høve til foreldra og ikkje minst til kjærasten Line.

Her er det spenning på høgt nivå. Det er ein fordel å ha lese dei to andre bøkene først, så dette er eigentleg ei anbefaling av heile trilogien.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du her.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gjenåpner Iraks største kirke

    IS-krigere herjet stort med Iraks største kirke. Alle kristusfigurene ble halshugget. Heller ikke jomfru Maria fikk være i fred. Sporene etter tusenvis av år med kristen kulturarv skulle utslettes. I dag åpnes kirken for pave Frans.

  • Rå og vond ung virkelighet

    Russetid, press, en ulovlig sexvideo, drømmer og vennskap i grus – den nye Viaplay-serien «Delete Me», er en hard skildring av ung virkelighet. En virkelighet som nok kan være reell for mange. Terningkast 4.

    Thea Sofie Loch Næss i serien "Delete me". Prtrett av jente med kort hår, åpen munn, blå øyne - hele ansiktet er dekket av ordet "nuller" gjentatte ganger
    Foto: Viaplay