Hopp til innhold

Islendingane imponerer med gode bøker

I tillegg til å vere eit smått usannsynleg land av is og eld, med jøklar og vulkanar og kontinentalplater som glir frå kvarandre as we speak, er Island også annleislandet litterært sett.

Audur Ava Ólafsdóttir, Bergsveinn Birgisson, Jón Kalman Stefanssón, Halldór Kiljan Laxness og Gerdur Kristny

GODE FORFATTARAR: Audur Ava Ólafsdóttir, Bergsveinn Birgisson, Jón Kalman Stefanssón, Halldór Kiljan Laxness og Gerdur Kristny har alle levert framifrå bøker.

Foto: PAX FORLAG,Vigemostad & Bjørke, NRK, Nordic org

Island har hatt verdslitteratur frå mellomalderen av, dei har sin eigen nobelprisvinnar, dei har samtidsforfattarar som pøser ut litterære verk i imponerande mengder og imponerande kvalitet – og dei er berre 350 000 innbyggjarar. Færre en Oslo, litt fleire enn Bergen.

For 77 år sidan, 17. juni 1944 vart landet sjølvstendig, etter å ha vore del av Danmark og før det Noreg frå 1262.

Her er ein handplukka bukett med åtte bøker til nasjonaldagen:

Drastisk kriseplan etter vulkanutbrot

Bergsveinn Birgisson og noken "Reisen til livsvannet"

SKRØNE: «Reisen til livsvannet» har alt ei historisk skrøne skal ha.

Foto: HELGE SKODVIN / Javier Ernesto Auris Chavez / VIGEMOSTAD & BJØRKE/NRK
  • Tittel: «Reisen til livsvannet» (2018)
  • Forfattar: Bergsveinn Birgisson

Denne boka er bygd på ei sann historie: I 1785 opplevde Island eit vulkanutbrot som aldri tok slutt, det skapte uår og naud i landet. Kongen i Danmark vurderte å flytte alle arbeidsføre islendingar til Finnmark og København, mens resten kunne bli att.

Planen blei aldri realisert, men i denne krisa plantar Bergsveinn ein kongeleg utsending som skal sjekke forholda. Han får køyrt seg i møte med folk og natur på den hardt prøvde øya.

Absurd og fengslande historie.

Funfact: Bergsveinn skreiv «Soga om Geirmund Heljarskinn» på norrønt. Sidan dette språket ikkje har vore i bruk på ein del hundre år, reknar eg med at originalen ikkje akkurat vart ein kioskveltar. Men boka finst på norsk også.

Meisterleg Stefansson

Jón Kalman Stefanssón og bokomslag "Historian om Ásta"

SNUBLAR: Ásta og dei andre i romanen går på trynet igjen og igjen i denne romanen.

Foto: Siss Vik / NRK/Forlaget Press
  • Tittel: «Historien om Ásta» (2017)
  • Forfattar: Jón Kalman Stefanssón

Far til Ásta målar hus og møter døden etter fall frå stige. I armane på ein tilfeldig forbipasserande fortel han kor høgt han elskar dotter si og ekskona. Mens Ásta sjølv vert sett bort på ein bondegard så ho ikkje skal knuse nasebeinet på fleire gutar i klassen.

Det verbale kjem seint i denne familien; i romanen finst breva frå den aldrande Ásta til eksen.

Røff og kjenslevar livshistorie frå Stefansson – ein av mange frå den kanten.

Ein verdig prisvinnar

Bokomslag "Arr" og Audur Ava Ólafsdóttir

LETT: Leikande lett om alvorlege saker.

Foto: Anton Brink / Pax forlag
  • Tittel: «Arr» (2016)
  • Forfattar: Audur Ava Ólafsdóttir

Dette er historia om sjølvmordskandidaten som dreg til ei krigssone for å ta livet sitt der, så han ikkje skaper unødig oppstuss i heimbyen på Island. Når han møter folk som har levd med krigshandlingar tett på livet, kjem døden i eit anna lys for vår mann. Men er det nok til å få han på andre tankar?

Portrettet av Jonas (49), skilt, heterofil, utan makt og utan sexliv er både sårt, tankevekkjande og lett absurd. Nordisk råd-prisen var vel fortent.

Funfact: Audur er den siste av totalt sju islendingar som har vunne denne prisen. Rekna etter folketalet, skulle Noreg ha vunne alle dei nordiske litteraturprisane og vel så det, med våre drygt 5 millionar menneske. No hard feelings, Island!

Erotikk framfor fornuft

Gerdur Kristny og bokomslag "Blodhest"

SNUR HISTORIA: Gerdur Kristny fortel historia om Frøy og Gerd frå Gerd si side. Omslaget er av den svenske utgåva, «Blodhov».

Foto: Norden org/NRK
  • Tittel: «Blodhest» (2010)
  • Forfattar: Gerdur Kristny

I den eldre Edda (dikt nedskrivne på 1200-talet) finst diktet Skírnismál. Der avstandsforelskar guden Frøy seg i jotunkvinna Gerd og sender skosveinen sin, Skírne, for å hente henne. Han lokkar og trugar, men Gerd vil ikkje bli med før truslane blir av det harde slaget.

Gerdur snur historia om Frøy og Gerd rundt og ser ho gjennom blikket til jotunkvinna.

Frøy, som er gud blant anna for erotikk og visdom, har her late visdommen tape for den erotiske lysta.

Funfact: Fun og fun, men historia om Frøy og Gerd har i urovekkjande høg grad blitt lesen som ei vakker kjærleikshistorie. Sterk tolking, sjekk Den eldre Edda!

Kunst og galskap

Bokomslag "Universets engler" og Einar Már Guðmundsson

FILM: I 2000 blei det laga film basert på denne boka.

Foto: Mogens Engelund/Creative Commons / Cappelen Damm
  • Tittel: «Universets engler» (1993)
  • Forfattar: Einar Már Gudmundsson

Nokon vil kanskje hugse filmversjonen av denne romanen, der kunstnaren Páll hamnar på psykiatrisk institusjon med diagnosen schizofreni.

Ei trist historie, som Einar også skildrar med ein raus dose burlesk humor. Páll og dei andre på institusjonen har sine eigne oppfatningar av kven dei er, kva dei kan og korleis verda heng saman.

Ein suverent fortalt roman der galskap og barndomsminne, Shakespeare og Hegel og smått og stort blir til ein roman som fekk Nordisk råds litteraturpris i 1995.

Underfundig om møtet med det sublime

Halldor Kiljan Laxness og bokomslag "Kristenrøkt under jøkulen"

KJEMPE: Halldór Kiljan Laxness er ein litterær kjempe ingen islandske forfattarar kan stille seg likegyldig til.

Foto: NRK/Tiden forlag
  • Tittel: «Kristenrøkt under jøkulen» (1968)
  • Forfattar: Halldór Kiljan Laxness

Underfundig og humoristisk roman om ein ung teolog som blir utsendt for å undersøkje stoda for kristenlivet i ei lita bygd ved jøkulen. Presten ligg ikkje på latsida, men han driv med alt anna enn å halde gudstenester og må finne eit kubein for å vippe bort plankane som stengjer kyrkjedøra når utsendingen insisterer på å inspisere kyrkja.

Presten forklarer at presteord blir små når du lever nær den veldige breen.

Eit standpunkt med interessant overføringsverdi.

Laxness er den einaste islendingen som har fått Nobelprisen i litteratur, til no.

Funfact: Heiter folk Kiljan på Island? Nei, Laxness tok dette namnet då han konverterte til katolisismen. Kiljan var ein irsk biskop og misjonær på 600-talet som mista hovudet bokstavleg talt, då han kritiserte ekteskapet til ein hertug. Seinare vart han helgenkåra.

Kongen blant islendingesogene

Bokomslag Njålssoga

RØFT: Mykje vald, lite kvardagsliv.

Foto: Samlaget
  • Tittel: «Njålssoga» (frå ca. 1000 nedskriven 1280)
  • Forfattar: Ukjend

Ja, dette er kongen blant islendingesogene. Her er det blodhemn og eksplisitt vald, men også ærlege forsøk på å sikre fred og orden mellom ættene på alltinget. Kvinnene er aktivt med; Hallgjerd er den røffaste kvinna i norrøn litteratur. Du trur det ikkje før du les det.

Sogene bruker ikkje tid på kvardagsliv, typisk er setningar som «han var der den vinteren». Så vaknar historia opp att når dei dreg på tokt om våren.

Litteratur i verdsklasse.

Funfact: Den einaste naturskildringa i islendingesogene er kvadet Gunnar frå Lidarende kvad då han var i ferd med å forlate heimstaden for å berge livet. Han blei så rørt av sitt eige dikt om den fagre lia, at han for heim igjen. Og vart drepen av fiendane sine.

Svimlande på fleire vis

Bokomslag "Håvamål ; Voluspå ; Draumkvedet"

DIKT: Voluspå handlar om alt frå dei første menneska til Ragnarok og tida etterpå.

Foto: Samlaget
  • Tittel: «Voluspå» (frå ca. 900, nedskrive ca. 1200)
  • Forfattar: Ukjend

Dette visjonære diktet frå 900-talet spelar ut eit kosmisk drama i 63 vers:

Dei første menneska, Ask og Embla, får liv. Gudane spelar gulltavlespel på det grøne graset i Åsgard. Men kiv og begjær etter gull startar krig mellom gudar og jotnar. Sola svartnar. Jorda går til grunne i Ragnarok. Så: Ut av kaoset stig ei ny jord.

Alt fortalt av ei myndig spåkvinne, volva som ser både bakover og framover i tid.

Diktet blei først nedskrive på 1200-talet. Svimlande, det også.

Funfact: Fenrisulven som slapp laus og sette i gang Ragnarok, var tjora med reip laga av kvinneskjegg, fiskepust, fuglespytt, fjellrøter, lyden av kattepoter og bjørnesener. Kvar tok dei det frå?

Anbefalt vidare:

Sjå intervju med Halldor Kiljan Laxness frå NRKs arkiv.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober