Ferske og gode boktips

Her er lesetips for deg som vil vere oppdatert på nye, anbefalte bøker.

Kvinne sett skrått bakfra med åpen bok foran seg

GLAD I Å LESE? Bokåret 2021 byr på mange godbitar allereie.

Foto: Berit Roald / NTB

I denne saka får du ferske bøker fortløpande anbefalt av NRKs hovudkritikarar på litteratur, Marta Norheim, Knut Hoem og Anne Cathrine Straume.

God lesing!

Ein uvanleg oppvekst

Sunniva M. Roligheten og boka «Når alt er av papir»
Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss / Cappelen Damm
  • Bok: «Når alt er av papir» av Sunniva M. Roligheten
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Far kommuniserer med UFOar, og om du ønskjer deg noko, kan du lage det med papir og lim. Eller tape i naudstilfelle. Hovudpersonen i denne romanen har ein oppvekst som skil seg ut frå den vanlege, norske varianten, og det same er tilfelle med romanen: gjennom små, underfundige episodar kjem ein mosaikk av eit liv gradvis til syne.

Lesaren blir fanga inn i det rike assosiasjonsuniverset til denne jenta, som har ein barndom barnepsykologane nok ville fått rynker i panna av.

Klassikar om foreldre

Annie Ernaux og bokomslag til "Far / En kvinne"
Foto: Catherine Hélie / Editions Gallimard/Gyldendal forlag
  • Bok: «Far / En kvinne» av Annie Ernaux
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Med få ord og eit nøkternt språk skriv den franske forfattaren Annie Ernaux om foreldra sine. Men orda er valde med omhu; dei skildrar foreldre som levde eit strevsomt liv og som ville gi dottera fleire moglegheiter i livet enn dei sjølv hadde. Men kva er eit lukkeleg liv? Dottera med universitetsutdanning vart brått ein framand i den vesle kaféen i Normandie.

I desse to forteljingane, som no er slått saman til ei bok, kommenterer Annie Ernaux også si eiga skriving og utforskar korleis sjølve skriveprosessen bringar henne nærare foreldra. Eg vil ikkje nøle med å kalle den ein klassikar.

God historie frå – og om – Kenya

"Ikke gråt, barnet mitt" av Ngugi wa Thiong'o blir gitt ut på norsk mars 2021.
Foto: Solum Bokvennen
  • Bok: «Ikke gråt, barnet mitt» av Ngugi wa Thiong’o
  • Anbefalt av: Marta Norheim

«Ikke gråt, barnet mitt» er debutromanen til den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o. Då boka kom ut i 1964, vart den raskt ein klassikar, og når den no er ute på norsk er det lett å forstå: Den tynne romanen har alt: her er spenning, folkekomedie, ung elsk, politiske konfliktar og væpna opprør mot kolonimakta England smidd saman til ei skikkeleg god historie.

No sit Ngugi i USA og skriv memoarar, som skal vere like spennande som romanane hans.

Utforskar krevjande venninneforhold

Monica Isakstuen og bokomslag "Mine venner"
Foto: Gyldendal Forlag
  • Bok: «Mine venner» av Monica Isakstuen
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Få kjem særleg godt ut av det når Monica Isakstuen utforskar kva som kan skjule seg bak det vakre, ja nesten fredfylte ordet «vennskap». Hovudpersonen fyller 40, venninnene stiller med overraskingsselskap som utartar til reine dommedag. Helvete er dei andre, og kravstore er dei også. Dessutan brutalt nødvendige: Utan dei er ho – ingenting.

«Mine venner» er skarp og vittig, og den sender eit skrått lys ikkje berre på vennskap, men også på tida vi lever i.

Sterk og viktig

Bokomslag "Jente, kvinne, annet" og portrett av Bernardine Evaristo
Foto: Jennie Scott / Gyldendal forlag
  • Bok: «Jente, Kvinne, Annet» av Barnardine Evaristo
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Bernardine Evaristo har eit prosjekt. Ho vil auke representasjonen av svarte kvinner i britisk offentlegheit generelt og i britisk litteratur spesielt. Det gjer ho gjennom å skrive skarpt, vittig og medrivande både for teaterscenen og romanlesarar. I «Jente, Kvinne, Annet» får vi 12 livsforteljingar, ein etter ein trer kvinnene fram med sine historier. Felles for dei alle er at dei må finne kvar sin plass trass samfunnsmekanismar som har halde dei nede.

Dette er ei flodbølgje av oppdemma energi, ein sterk og viktig roman der også den flytande forma bidreg til den sterke lesaropplevinga.

Rørande om menneske og maskin

Kazuo Ishiguro og bokomslag "Klara og Solen"
Foto: Lorna Ishiguro / Aschehoug forlag
  • Bok: «Klara og solen» av Kazuo Ishiguro
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Det kan høyrast knusktørt ut med ein roman om kunstig intelligens. Men få forfattarar er så gode til å appellere til kjenslene våre – utan å bli banal – som nobelprisvinnaren Kazuo Ishiguro. «Klara og solen» er den første romanen hans etter at han fekk prisen. Her lar han roboten Klara fortelje. Ho er ein Kunstig Ven, til glede og nytte for ein einsam tenåring. Men kvar går grensa mellom menneske og maskin? Kan maskiner ha sjel?

Kazuo Ishiguro skriv både rørande og krast om eit høgst aktuelt tema.

Burleske vedkjenningar frå Madrid

"Kjøttets tid" av Lina Wolff kommer ut på norsk, februar 2021.
Foto: Forlaget Oktober
  • Bok: «Kjøttets tid» av Lina Wolff
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Ein svensk reisejournalist dreg på stipendreise til Madrid. Denne 45 år gamle kvinna er i akutt behov for forvandling. Kva skal så denne forvandlinga bestå i? Gjennom kvinnas møter med ulike menneske i denne framande byen borer Lina Wolff i spørsmålet: Kva er eigentleg tilhøvet mellom ånd og materie, kropp og sjel?

«Kjøttets tid» er ein roman av høg litterær kvalitet. Omsetjar Bodil Engen har sørga for at også denne boka av Wolff har behalde smaksrikdomen og dyben på norsk.

Slepper satiren laus

Lars Saabye Christensen gir ut boka "En tilfeldig nordmann", februar 2021.
Foto: Magnus Stivi/Cappelen Damm
  • Bok: «En tilfeldig nordmann» av Lars Saabye Christensen
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Forfattaren køyrer full pinne med satire, blødmer, klovneri og elleville rundkast i denne romanen som har eit alvorleg tema: Er krenkekultur og utfrysing av meiningsmotstandarar i ferd med å gjere prisen for å uttale seg altfor høg?

Det som er sikkert, er at den tilfeldige nordmannen Gordon Mo får køyrt seg.

Kjærleik og sameining

"Kjærlighet i nødsfall" av Daniela Krien kommer ut på norsk februar 2021.
Foto: Forlaget Press/Maurice Haas / Diogenes Verlag
  • Bok: «Kjærlighet i nødsfall» av Daniela Krien
  • Anbefalt av: Knut Hoem

«Kjærlighet i nødsfall» utspelar seg i Leipzig, og skildrar byen gjennom perspektivet til fem kvinner som var tenåringar då Berlinmuren fall. Kvinnene har oppveksten i DDR friskt i minne, men har tilsynelatande lært seg å leve med den fridomen og uvissa den vestlege kapitalismen har å tilby. Men er dei dermed sagt lukkelege?

«Kjærlighet i nødsfall» minner meg om kva som er poenget med forfattarar. Dei skal skildre små og store ristingar i samfunnet, og dei konsekvensane dette har for den enkelte.

Sterkt skjebnedrama

"Sjøskade" av Eirik Ingebrigtsen blir gitt ut våren 2021.
Foto: Forlaget Oktober/Finn Ståle Felberg
  • Bok: «Sjøskade» av Eirik Ingebrigtsen
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Ein dag tek Johs med seg jobben heim: Eit lass med mageinnhaldet til ein død gåsenebbkval hamnar i kjellaren, til registrering. Øydelagt av sivilisasjonen altså, mens Johs nyleg var nær ved å drukne i kvalens rette element og lurer på om han har mista forstanden.

Ein original roman om mykje som går skeis. Bonus: Eit møte med samtidslitteraturens mest harmoniske tenåring.

Klassiske Murakami-augeblikk

Novellesamlingen "Første person entall" av Haruki Murakami kommer ut på norsk januar 2021.
Foto: Pax/Marion Ettlinger
  • Bok: «Første person entall» av Haruki Murakami
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Dersom du spør meg kva novellesamlinga «Første person entall» handlar om, ville eg svart at novellene handlar om tilfeldige møter med andre menneske – møter ein kanskje har gløymt, men som dukkar opp igjen i minnet mange år seinare. Det at menneske kan møtast og finne tonen med kvarandre ser ut til å vere sjølve grunnmysteriet i livet, og er hovudtemaet i desse novellene. Men så kan slike møter også ende i katastrofe.

Ei novellesamling full av klassiske Murakami-augeblikk.

Storslått debut

Bokomslag "Samlade verk" og Lydia Sandgren
Foto: Emelie Asplund / Albert Bonniers Förlag
  • Bok: «Samlade verk» av Lydia Sandgren
  • Anbefalt av: Marta Norheim

Ikkje la deg lure av tittelen! Her er det berre å gje seg over til ei 30 år og 690 sider lang historie lagt til Göteborg frå 1980-talet og framover. Martin, Gustav og Cecilia heng saman i tjukt og tynt, Cecilia får to barn med Martin og er modell og inspirasjon for kunstnaren Gustav – før ho ein dag forsvinn utan spor.

Romanen vann Augustprisen, den største utmerkinga ei svensk bok kan få. Det er berre å lære seg namnet med ein gong: Lydia Sandgren fyller ordet debutant med nytt innhald.

Barne- og ungdomsbøker

Det er òg gode bøker for dei yngre lesarane.

Ei gåve i ord og bilde

Bokomslag "Steder å tisse" og Svein Nyhus
Illustrasjon: Svein Nyhus/Gyldendal forlag / Gyldendal forlag
  • Bok: «Steder å tisse» av Svein Nyhus
  • Kategori: Bildebok for de minste (3-6 år)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Svein Nyhus har i fleire av bøkene sine latt undringa få strøyme fritt. Ei dramatisk handling, eller avslutta historie, er det ikkje så nøye med. Illustrasjonane er fulle av detaljar det går an å fabulere om for både barn og vaksne. Med denne boka greier han å formidle vidare fascinasjonen over kroppen og gleda over mangfaldet i verda.

At det går an å lage noko så forunderleg fint av noko så prosaisk som det å tisse!

Sveriges «nye Astrid Lindgren»

Bokomslag "Apestjernen" og Frida Nilsson
Foto: Mia Carlsson / Aschehoug forlag
  • Bok: «Apestjernen» av Frida Nilsson
  • Kategori: Barneroman (8-12 år)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Frida Nilsson er ein av dei mest populære barnebokforfattarane i Norden, og med den gullgode illustratøren Per Dybvig på laget har ho skapt ei spennande historie som passar godt både som høgtlesing, og som slukebok for barn som er store nok til å lese sjølv.
Barneheimsbarnet Jonna blir adoptert av ein gorilla. Korleis skal det gå?

Dette er ei bok som går rett til hjartet. Litt skummel. Temmeleg morosam. Og veldig rørande.

Fotballspenning

Michael Stilson gir ut ungdomsromanen "Kampfikseren", februar 2021.
Foto: Cappelen Damm/Knut Aage Dahl
  • Bok: «Kampfikseren» av Michael Stilson
  • Kategori: Ungdomsroman (12-16 år)
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

«Kampfikseren» er det tredje og avsluttande bindet i serien om tenåringen Fredrik Markussen, som får proffkontrakt i den tyske bundesligaen. Mykje av spenninga ligg i sjølve fotballspelet, som er drivande godt skildra, ettersom Stilson sjølv har vore eliteseriespelar. Dramatikken skuldast også splitta lojalitetar i høve til eiga karriere versus laget, i høve til foreldra og ikkje minst til kjærasten Line.

Her er det spenning på høgt nivå. Det er ein fordel å ha lese dei to andre bøkene først, så dette er eigentleg ei anbefaling av heile trilogien.

Sjarmerer lesarane i senk

Gulraiz Sharif gir høsten 2020 ut romanen "Hør her'a!"
Foto: Åsmund Holien Mo/Helene Brox / CappelenDamm
  • Bok: «Hør her'a!» av Gulraiz Sharif
  • Kategori: Ungdomsroman
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Mahmoud (15) bur i Oslo, han er oppvaksen i Noreg og har pakistanske foreldre. Ergo føler han seg like mykje pakistansk som norsk. Han slenger med leppa om alt og alle – og går ikkje av vegen for å servere dei drøyaste karakteristikkar av ulike folkegrupper, enten det nå er nordmenn, pakistanare eller polakkar som får unngjelde. Boka er skreve med eit munnleg språk vi sjeldan ser i norske bøker. Under raljeringa ligg det òg ein alvorleg tematikk; retten til å velje kven ein eigentleg vil vere utan å bli fanga av fordommane frå verda rundt.

Gulraiz Sharif skriv frekt, avslørande, problematiserande og rørande på ein gong. Ein oppsiktsvekkjande debutant.

Ubehageleg blikk på det å vere ung innvandrar i Noreg

Peter F. Strassegger og boken Aleksander den store
Foto: Studio Hjelm/Samlaget
  • Bok: «Aleksander den store» av Peter Strassegger
  • Kategori: Ungdomsroman
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Aleksander har vore involvert i ein valdsepisode på skulen. Den andre guten blei skada for livet. Vel hadde han trakassert Aleksander i fleire år, men det var Aleksander som gav David dei uopprettelege såra. Peter Strassegger skriv suggererande om vald, sinne og om det å vere utanfor. Vi blir soge inn i ein spiral der det ikkje synest som det er nokon veg forbi valden.

Romanen gir eit ubehageleg blikk på det å vere ung innvandrar i Noreg. Dette er godt skrive. Strassegger stolar dessutan på at lesarane kan tenkje sjølv.

Om smerte, uvisse og å skape seg

Helene Guåker og boka Høgspenning livsfare
Foto: Aschehoug
  • Bok: «Høgspenning livsfare» av Helene Guåker
  • Kategori: Ungdomsroman
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

16 år gamle Lea flyttar heimanfrå for å gå andre året på vidaregåande. Ho kjenner ingen, har ingen vener, og diktar seg om til Vilde, ei tøffare, meir morosam og meir sjølvsikker utgåve av seg sjølv. Kanskje har ho òg tatt på seg ei maske for å skjule smerta over mora, som heime på garden nektar å stå opp, og som søkk stadig djupare inn i depresjonen og motløysa? Leas liv blir ein berg-og-dal-bane mellom det fine og det mørke. Verda kan vere vakker og vond samtidig, det får Lea erfare.

Helene Guåker skriv direkte om smerte og uvisse. Men òg forelsking og meistringskjensle får plass i denne fine ungdomsromanen som ikkje berre er mørk, men òg gir håp.

Feberheitt om homofil forelsking

Alexander Kielland Krag og bokomslag til romanen "Dette blir mellom oss"
Foto: Julianne Leikanger / Gyldendal forlag
  • Bok: «Dette blir mellom oss» av Alexander Kielland Krag
  • Kategori: Ungdomsroman
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Denne romanen blei gitt ut som Instagram-føljetong, med korte episodar kvar dag, samtidig som den kom i tradisjonell fysisk bokform. Det er ein ny måte å formidle litteratur på, som vi sikkert kjem til å sjå meir av.

Felix forelskar seg i Nicolai. Men er Nicolai interessert i han? Og er det greitt å forelske seg i ein av same kjønn? Korleis skaffe seg sine første erfaringar? Store kjensler pressar på i denne fortetta forteljinga.

Felix formulerer seg i presens. Det gjer hendelsane akutte; det er som om vi lesarar nærast deltek sjølv både i dei tilfeldige møta på skulen og i dei dirrande kjenslekasta heime når nye meldingar plingar på mobilen.

Forelskingas fryd og frykt flammar under dei mange intense øyeblikksbilda. Dette er ei lita forteljing med mange lag.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du her.

Anbefalt vidare lesing:

Artikkelen blir fortløpande oppdatert med nye anbefalingar.

Kulturstrøm

  • Oslo-nedstengning skaper filmtørke

    Selv om kinoene i store deler av Norge er åpne, får de ikke vise storfilmer som «Heksene» av Roald Dahl og Oscar-nominerte «The Father». Årsaken er at Oslo fortsatt er nedstengt.

  • 153 aviser søker pressestøtte

    153 aviser over hele landet har søkt på de 370 millionene som Medietilsynet skal dele ut i pressestøtte i år. Fire aviser søker for første gang. Støtten skal bidra til et mangfold av nyhets- og aktualitetsmedier over hele landet, både på papir og nett.

  • Kan få milliarder til kirkebygg

    Delingen av Opplysningsvesenets fond kan frigjøre flere milliarder kroner til vedlikehold av kirkebygg landet rundt. Delingen er en del av oppgjøret etter at staten og kirken har skilt lag og dreier seg eiendommer, utmark, prestegårder og penger.