Hopp til innhold

Kritikarane sine absolutte julefavorittar

Kva treng du for å få skikkeleg julestemning? Her er musikken, filmane og historiene som NRKs kulturkritikarar ikkje kan feire jul utan.

Julepynt

MÅ HA TIL JUL: NRKs kritikarar har klare favorittar for kjenne julefreden kome.

Foto: Fabrizio Bensch / Reuters Creative

Kva kan du rett og slett ikkje feire jul utan? Ein spesiell film, ein song, ei bok?

NRKs kritikarar har samla sine absolutte julefavorittar og putta dei i denne gåvesekken av ei sak.

Her er det garantert julestemning å hente – uansett smak!

Julelenke med bjelle

«Bethlehem Down»

Peter Warlock og Eystein Sandvik

Peter Warlock + Eystein Sandvik = Jul.

Foto: © National Portrait Gallery, London (CC)/NRK
  • Kva: Song
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik, musikkritikar

– Min personlege favoritt blant julesongar er komponert av den mest fargerike figuren i britisk musikkhistorie: den biseksuelle sadisten og okkultisten Peter Warlock (1894-1930), notorisk berømt i samtida for festar som i praksis var reine orgiar i rusmiddel og gruppesex. «Bethlehem Down» vart til då Warlock og svirebror hans, journalisten Bruce Blunt, mangla pengar til å finansiere eit planlagt fylleslag av episke dimensjonar jula 1927. Dei sende «Bethlehem Down» inn til avisa Daily Telegraphs årlege julesongkonkurranse – og vann.

Denne innspelinga med koret Voces8 framhevar fint den særeigne blandinga av mirakel og sorg som gjer denne julesongen så spesiell.

Julelenke med stjerne

To Scrooge-historier

Illustrasjon av John Leech fra originalutgaven av Charles Dickens' "En julefortelling" ("A Christmas Carol") og Leif Ekle

Charles Dickens' «En julefortelling» + Leif Ekle = Jul.

Foto: HE GRANGER COLLECTION/NRK
  • Kva: Forteljing/teikneserie
  • Anbefalt av: Leif Ekle, litteraturkritikar

– Eg anar ikkje kor mange år sidan det er eg las Charles Dickens' «En julefortelling» sist, eller for den saks skuld kor mange gonger eg har lese den. Men forteljinga om erkegniaren Ebenezer Scrooge frå 1843 har ein julekultklassikarstatus ingen kan ta frå den.

Det same (nesten) gjeld «Jul på Bjørnefjell», den aller første forteljinga til Carl Barks om onkel Skrue (på engelsk Scrooge McDuck), inspirert av den same Ebenezer.

Begge ubetalelege portrett, begge umiskjenneleg jul. Må ta begge om igjen denne jula.

Fra Donald-historien "Jul på Bjørnefjell"

Frå den aller første Carl Barks-historia om onkel Skrue (Scrooge McDuck på engelsk): «Jul på Bjørnefjell».

Foto: Copyright Disneyt
Fra Donald-historien "Jul på Bjørnefjell"
Foto: Copyright Disney
Fra Donald-historien "Jul på Bjørnefjell"
Foto: Copyright Disney
Julelenke med bjelle

«En Muppet julefortelling»

Filmen "En Muppet julefortelling" og Sigurd Vik

«En Muppet julefortelling» + Sigurd Vik = Jul.

Foto: MOVIESTORE/REX / SHUTTERSTOCK EDITORIAL/NRK
  • Kva: Film
  • Anbefalt av: Sigurd Vik, film- og seriekritikar

– Det finst mange filmatiseringar av Charles Dickens' klassiske kortroman om gjerrigknarken Ebenezer Scrooge som slit med julestemninga. Både Bill Murray-jappetidskomedien «Scrooged» (1988) og Jim Carrey sin dataanimerte versjonen «A Christmas Carol» (2009) er rett så fornøyelege og høgtidsstemte. Men ingen adapsjon er så full av julestemning, humor, hjartevarme og nydeleg musikk som Muppet-versjonen («The Muppet Christmas Carol») (1992).

Med ein perfekt rolleprestasjon av Michael Caine som Scrooge, og resten av rollegalleriet i tulleglade dukkeversjonar, blir det såre i historia kombinert med ein familievennleg sjarm og eit humør som fyller heile stova.

Julelenke med stjerne

«Jul i Bakkebygrenda»

Bildet til lydboken "Jul i Bakkebygrenda" og Karen Frøsland Nystøyl

«Jul i Bakkebygrenda» + Karen Frøsland Nystøyl = Jul.

Foto: GAMMAFON/NRK
  • Kva: Lydbok (Gammafon / Storytel)
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl, teaterkritikar

– Astrid Lindgren si juleforteljing frå Bakkebygrenda representerer noko å strekke seg etter. For jula i Bakkebygrenda er skjermfri, og då blir det også tid til å løfte blikket og bruke det ein har rundt seg – og ikkje minst: Å finne på ting. Snøballkrigar, peparkakegrisar og juletre pynta med sukkertøy ber preg av det fabelaktige i det heilt vanlege. Unn Vibeke Hol fortel med fryd til barnet i lyttaren.

For meg blir barnas møter med den blinde farfaren eit slags utvida augeblikk når dei hjelper han å sjå jula for seg med alle dei livlege skildringane sine.

Julelenke med bjelle

«A Very Murray Christmas»

Bill Murray og Espen Borge

«A Very Murray Christmas» + Espen Borge = Jul.

Foto: NTB/Privat
  • Kva: Film
  • Anbefalt av: Espen Borge, humorkritikar

– Jula er som dei fleste høgtider kjelde til ganske mange lettvinte og enkle løysingar i humorsamanheng. Eg synest eigentleg det er nyttelaust å ha spesielt store forhåpningar til ein julefilm, kanskje fordi jula er eit så vanvitig veletablert konsept – det er ikkje mykje som kan overraske her. Med denne håpløysa i bakhovudet har eg lagt min elsk på den sjarmerande «A Very Murray Christmas» (2015) på Netflix. Om ein godtek vêret som utgangspunkt for komiske forviklingar blir det ganske koseleg.

I tillegg til eit koppel av overraskande gjesteopptredenar, får du eit relativt oppdatert bilde av korleis ein av dei største legendene i humorhistoria, Bill Murray, held seg i moderne tid. Berre ikkje forvent for mykje.

Julelenke med stjerne

«The Holiday»

Cameron Diaz foran plakat for filmen "The Holiday" og Marte Hedenstad

«The Holiday» + Marte Hedenstad = Jul.

Foto: NTB/NRK
  • Kva: Film
  • Anbefalt av: Marte Hedenstad, film- og seriekritikar

Søtladen, romantisk komedie om kjærleik, einsemd, vennskap, sjølvkjensle ... OG jul? Ja, takk!

Handlinga i «The Holiday» (2003) er ein skikkeleg rom-kom-klisjé, men filmen er så lun og hjartevarm at det er umogleg å ikkje elske den. Kate Winslet og Cameron Diaz spelar to kvinner som bestemmer seg for å bytte hus i jula, for å komme så langt vekk frå problema sine som mogleg. Etter kvart som dei finn seg sjølve, kjem kjærleiken igjen og bankar på døra, men er dei klare for å opne? «The Holiday» er tvers gjennom koseleg i alle ledd, men mine favorittaugeblikk er mellom Kate Winslet og Eli Wallach, som spelar ein gammal mann rollefiguren til Winslet blir kjend med. Det rørande vennskapet deira er grunn åleine til å sjå filmen. Her er det fort gjort å felle ei tåre, eller ti, undervegs.

Julelenke med bjelle

«It's Snowing on My Piano»

It's snowing on my piano / Bugge Wesseltoft og Espen Borge

«It's Snowing on My Piano» + Espen Borge = Jul.

Foto: ACT/Privat
  • Kva: Album
  • Anbefalt av: Espen Borge, musikkritikar

– Eg synest konseptet julemusikk i utgangspunktet er litt slitsamt, fordi det har så eksepsjonelt gode føresetnader for å bli fullstendig ihelspelt. Dette er jo låtar som har gått på repeat i årevis. Derfor synest eg det er deilig når gode musikarar tolkar fritt – og jo friare, jo betre. Derfor vil eg gjerne tipse om mitt favorittalbum til jula: Bugge Wesseltofts glitrande «It's Snowing on My Piano» frå 1997.

Her kan du nyte alle dei beste julesongane gjennom Wesseltoft sine kyndige hender og det uttrykksfulle pianoet hans. Stemningsfullt!

Julelenke med stjerne

«Kristuslegender»

Bokomslag Selma Lagerlöfs "Kristuslegender" og Karen Frøsland Nystøyl

«Kristuslegender» + Karen Frøsland Nystøyl = Jul.

Foto: Verbum forlag/NRK
  • Kva: Forteljing/lydbok
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl, teaterkritikar

– Den ultimate jula for meg inneheld høgtlesing. Det er eit eller anna sjeldan fint som oppstår når vaksne les for kvarandre, sit i lag og lar ei forteljing få vere midtpunktet. Eg likar Selma Lagerlöf sine «Kristuslegender» godt, dei er fine å lese i jula. Eg likar at dei inneheld grinebitar-hyrdar og røvarar, og at stallen er ei skiten grotte, slik det truleg var. Rett nok: Ikkje alle legendene står seg like godt i dag, dei er skrivne i ei anna tid og er merka av det.

Har du ingen som kan lese for deg, finn du ei innspeling på Storytel der Annik Reuter les denne svenske klassikaren frå 1904 – på originalspråket, sjølvsagt. Det er då det kling best.

Julelenke med bjelle

«Mitt hjerte alltid vanker»

Noteark til "Mitt hjerte alltid vanker" og Anne Cathrine Straume

«Mitt hjerte alltid vanker» + Anne Cathrine Straume = Jul.

Foto: NRK
  • Kva: Salme
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume, litteraturkritikar

– Eg må innrømme at musikk i større grad enn litteratur gir meg julestemning. Den inderlege salmen «Mitt hjerte alltid vanker» motiverer til å kontemplere over både jula og livet. Opphavleg var både tekst og melodi skrive av den danske salmediktaren Hans Adolph Brorson, no er det oftast den vemodig vakre svenske folketonen som blir brukt. Teksten er også endra noko gjennom åra.

Salmen gir ro og trøyst til urolege hjarter, tenker eg, om ein er religiøs eller ei.

Sammen med Kringkastingsorkestret og Den Norske Operas barnekor inviterer Helene Bøksle til en stemningsfull halvtime med nye og gamle julesanger som vil sette deg i julestemning.

JULESALME: «Mitt hjerte alltid vanker» er favoritten til litteraturkritikar Anne Cathrine Straume. Her i ein versjon med Helene Bøksle.

Julelenke med stjerne

«Nøtteknekkeren»

Nøtteknekkeren ved Den Norske Opera & Ballet og Karen Frøsland Nystøyl

«Nøtteknekkeren» + Karen Frøsland Nystøyl = Jul.

Foto: Erik Berg / DNO&B/NRK
  • Kva: Ballett
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl, teaterkritikar

– Balletten «Nøtteknekkeren» er ei av verdas mest kjende juleforteljingar frå scena. Sjølv om den er ei godteskål full av alskens julenostalgi, er det framleis deilig med søtsaker. Og den unner eg meg gjerne når det er jul. Det er frydefullt herleg å høyre Peter Tsjajkovskijs musikk, sjå og høyre dei vakre snøfnugga, grøsse av Rottekongen – og, ikkje minst, sjå korleis Clara vaknar opp frå ein draum som har vore både dyster og deilig og går vidare i livet med ei hemmeleg oppleving inne i seg.

Mange versjonar av «Nøtteknekkeren» kan sjåast på nett denne jula: Frå Royal Ballet i London, New York City Ballet, Markinskij-teatret i St. Petersburg (der balletten hadde urpremiere i 1892) eller versjonen frå Den Norske Opera og Ballett (som du kan sjå her).

Et gnistrende vakkert og magisk juleeventyr med Nasjonalballetten, Operaorkestret og Barnekoret ved Den Norske Opera & Ballett.
Julelenke med bjelle

«Alene hjemme»

Macaulay Culkin som lille Kevin i filmen "Hjemme alene" og Birger Vestmo

«Alene hjemme» + Birger Vestmo = Jul.

Foto: 0TH CENTURY FOX/NRK
  • Kva: Film
  • Anbefalt av: Birger Vestmo, film- og seriekritikar

– Dette er kanskje ikkje eit spesielt originalt val, men «Alene hjemme» (1990) av Chris Columbus må med! Den har trass alt fått bruke 30 år på å klore seg fast i den kollektive julebevisstheita vår. Som mange veit, handlar filmen om guten som utruleg nok blir gløymt att heime når resten av den store familien reiser på juleferie til Paris. To skurkar har planar om å rane det dei trur er eit tomt hus, men Kevin (Macaulay Culkin) viser seg å vere ein handlyngens gut! Dette er framleis ei herleg komedie, full av bitande humor, brutal slapstick og store mengder julekos. Samtidig er manuset av John Hughes smartare enn mange trur, med underliggande tematikk om både barndom, familiesamhald, einsemd og tilgiving som gir filmen ein solid emosjonell klangbotn.

Absolutt inga jul utan Kevin!

Julekuler

Alle anmeldelsar og anbefalingar finn du her.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad