Dei beste spionseriane

Mange er hekta på spionserien «Le Bureau», men sjangeren har meir å by på. Sjekk ut spionserie-favorittane til NRKs seriekritikar.

Bilder fra TV-seriene Homeland, Killing Eve, The Looming Tower, The Americans og Le Bureau.

SPIONSJANGEREN PÅ SITT BESTE: Lysskye dekkoperasjonar i «Homeland», livstruande situasjonar i «Killing Eve», byråkratisk stillingskrig i «The Looming Tower», undercover-verksemd i «The Americans» og halsbrekkande feltarbeid i «Le Bureau».

Foto: AMAZON PRIME/SHOWTIME/TV2SUMO/FX/NETFLIX/HBO/TOP THE OLIGARCHS PRODUCTIONS/CANAL+

På jakt etter litt spenning i kvardagen? Seriekritikar i NRK, Sigurd Vik, gir deg sine beste tips til spanande seriar om mystiske operasjonar, kontraspionasje og alt det andre som skjer i den politiske og militære underverda.

For dei som enno ikkje har stifta kjennskap til serien som blir kalla verdas beste, startar vi med den:

kultur1
Feltarbeidet er viktig, men mye av spenningen foregår fremdeles foran dataskjermen i «Le Bureau». (Bildet er fra sesong 5).

SITRANDE SPENNING: Feltarbeidet er viktig, men mykje av spenninga går framleis føre seg framfor dataskjermen i sesong 5 av den franske etteretningsserien «Le Bureau».

Foto: Jean-François Baumard / Top the Oligarchs Productions / CANAL+
  • Tittel: Le Bureau
  • Sesongar: 5
  • Terningkast: 5 (sesong 5, sesong 4 fekk terningkast 6)

Den franske serien har, etter mi meining, plassert seg som spionsjangerens aller beste TV-serie dei siste åra, skriv seriekritikar i NRK, Sigurd Vik, i anmeldelsen:

«Med innsiktsfulle og relevante spenningsplott, skodespelarprestasjonar på toppnivå og ein grundig research og gjennomføring som har gitt serien ein aura av stort truverd.»

Du kan sjå alle sesongane av «Le Bureau» i NRK TV.

kultur2
Bilde fra TV-serien "The Americans"

SOVJETISKE SPIONAR: I seks sesongar følger vi eit ektepar som har ein fasade som amerikansk kjernefamilie, men som eigentleg er agentar for KGB. Den nyaste sesongen skapar utfordringar for familielivet, så vel som for agentverksemda.

Foto: FX, Netflix
  • Tittel: The Americans
  • Sesongar: 6
  • Terningkast: 5 (sesong 6)

Dette er også ein av dei beste TV-seriane i spionsjangeren, meiner Vik og grunngjev det slik i anmeldelsen:

«Paranoia, parkeringskjellarar, kald krig og kontraspionasje. Finalesesongen av «The Americans» skrur til storpolitikk og oppdragsrisiko, og serien har alt som trengst for å fenge som stemningsfull etterretningsthriller».

Tilgjengeleg på Netflix (sesong 5) og SF Anytime (alle sesongar).

kultur3
Bilde fra TV-serien "Homeland"

MED OSS ELLER MOT OSS? ... er eit sentralt spørsmål amerikanske styresmakter stiller seg om agent Carrie Matheson i sesong 8 av «Homeland». Har ho skifta side til russarane, eller gjer ho (som vanleg) alt som står i makta hennar til å hjelpe USA?

Foto: Showtime/TV2Sumo
  • Tittel: Homeland
  • Sesongar: 8
  • Terningkast: 5 (sesong 8)

I ein annan ende av spionsjangeren, ifølge Vik, finn vi amerikanske «Homeland». Nyleg vart aller siste episode tilgjengeleg for norske sjåarar i den åttande og avsluttande sesongen av serien:

«Dette er nokre granatkast unna den realistiske tonen i f.eks. franske «Le Bureau», men det smell godt som sofaspenning. Her blir vi bombardert med intense situasjonar, fiffige spiontriks og herlege konspirasjonsmoglegheiter i eit drivande godt tempo. «Homeland» på sitt beste er rett og slett ein spionblockbuster for den vesle skjermen.»

Tilgjengeleg på TV 2 Sumo og SF Anytime.

kultur4
Bilde fra TV-serien "Killing Eve"

MANISK JAKT: Ein leigemordar og ein etteretningsagent utviklar eit spesielt forhold på kanten av det forsvarlege. Tredje sesong vart nyleg sleppt, og ein fjerde sesong er på trappene.

Foto: HBO Nordic
  • Tittel: Killing Eve
  • Sesongar: 3
  • Terningkast: 5 (sesong 1)

– Ein herleg annleis serie som fenga både med glimrande rollefigurar, svart humor og nokre skjønne og stemningsfulle augeblikk, skreiv Filmpolitiet då dei kåra dei beste seriane i 2018:

«Etterretningsagenten Eve Polastris (Sandra Oh) er i hælane på den mystiske leigemordaren Villanelle (Jodie Comer), og det utviklar seg etter kvart eit heilt spesielt forhold mellom dei. (...) heile tida blir klassisk spionspenning balansert med ei lun og magekriblande historie om hovudpersonane.»

NRK si vurdering er basert på den første sesongen. Totalt er tre sesongar tilgjengelege på HBO Nordic, den tredje hadde nyleg premiere. Ein fjerde sesong er under planlegging.

kultur5
Bilde fra TV-serien "The looming tower"

OPPLØPET TIL 9/11: I «The Looming Tower» følger vi dei interne konfliktane mellom CIA og FBI og korleis desse stakk kjeppar i hjula for jakta på Osama bin Laden.

Foto: Amazon Prime Video, Hulu
  • Tittel: The Looming Tower
  • Sesongar: 1
  • Terningkast: 5

Ei drivande god dramatisering basert på opptaktene til ei av dei kraftigaste terrorhandlingane i moderne historie, ifølge Sigurd Vik si vurdering av serien.

«Serien er basert på den Pulitzer-vinnande boka «The Looming Tower: Al-Qaeda and the Road to 9/11» av Lawrence Wright, som på grundig vis tek føre seg framveksten til Al Qaida og den ganske så tragiske informasjonskrigen mellom FBI og CIA som gjorde terrorangrepet i New York 11. september 2001 mogleg.»

Tilgjengeleg på Amazon Prime og SF Anytime/Blockbuster.

kultur6
Bilde fra TV-serien "Homecoming"

MISTENKELEGE EKSPERIMENT: Eit privat sikkerheitsselskap opprettar eit program for heimkomne amerikanske soldatar. Karakteren til Julia Roberts jobbar først som terapeut for selskapet, men trekk seg etter kvart ut. Kjem vi til botns i kva som eigentleg har gått føre seg?

Foto: Amazon Prime
  • Tittel: Homecoming
  • Sesongar: 1
  • Terningkast: 5

Ein TV-serie, basert på ein podkast ved same namn, om eit mystisk prosjekt for heimkomne amerikanske soldatar. – Ein fengande konspirasjonsthriller, ifølge NRK Filmpolitiet:

«Julia Roberts gir både stjernekraft og ei umiddelbar heltinne til ein serie som treff både med aktuell uro og 70-tallsthrillerens paranoide stil. Tematisk ligg farane ved at private selskap blandar seg inn i det amerikanske militæret.»

Tilgjengeleg på Amazon Prime.

Serieanmelder i NRK, Sigurd Vik.

SERIEKRITIKAR i NRK Filmpolitiet, Sigurd Vik.

Alle anbefalingar og anmeldelsar frå NRK sine kritikarar finn du her.

Treng du fleire tips? Sjekk denne:

Kulturstrøm

  • Kunstneren Christo er død

    Kunstneren Christo, som var mest kjent for å pakke inn store byggverk og landskaper, er død, 84 år gammel. Bulgarskfødte Christo Vladimirov Javacheff, som han egentlig het, døde av naturlige årsaker i hjemmet sitt i New York søndag.

  • Fikk inspirasjon på nachspiel

    Men hvordan starter egentlig Kjartan Fløgstads arbeide med en bok? I hans siste roman – Due og dronen – kom ideen til en av hovedkarakterer på et nachspiel i Finnmark.

    Litteraturfestivalen på Lillehammer er i år flyttet til NRKs studio i Oslo. Se og hør mer i NRK TV og NRK Radio.

    Forfatter Kjartan Fløgstad snakker på "Litteraturfestivalen rett hjem" om hvordan han får inspirasjon til roman-karakterene sine. I tilfellet Due og Drone kom inspirasjonen på et nachspiel i Finmark
  • Forhandlingsfristen går ut midnatt

    Avtalen mellom TV 2 og Telia-eide Get om distribusjon går ut ved midnatt. Dersom selskapene ikke finner enighet, mister rundt 480.000 Get-kunder TV 2s kanaler. Det melder NTB. Avtalen bestemmer hvor mye Get skal betale for TV 2s kanaler.