Hopp til innhold

Dansens dagar: Opplev inspirerande dans på skjermen

Mange scener er framleis stengde og det er vanskeleg å sjå dans live for tida. Her er fem danseframsyningar på skjermen, som kan gjere sinnet godt og kroppen lett.

Fra danseforestillingen Jazz ain't Nothing but Soul av Tabanka

JAZZDANSENS RØTER: «Jazz Aint Nothing but Soul» av dansekompaniet Tabanka er ein av dei fem anbefalte digitale danseframsyningane i denne saka.

Foto: Tale Hendnes/Dansens Hus

Saknar du å gå på danseframsyningar, eller treng du inspirasjon til å lea på kroppen? Denne veka er eit godt utgangspunkt for å gjera noko med det.

Dansens dag har i snart 40 år vorte markert over heile verda 29. april. Målet med dagen er å visa fram dansekunsten, visa kva dans kan vere og la fleire få delta. Her til lands er det ikkje berre éin dag, men Dansens dager. Rett og slett fordi me bur i eit langt land, og for å gje ei kjensle av festival.

Ei ny undersøking frå Opinion viser at det har vore ein nedgang i digital kulturbruk i år, samanlikna med same periode i fjor, og at dette truleg skuldast mangel på tilbod. Så – anten om du treng danseinspirasjon, eller berre vil få ei god danseoppleving – her får du tilbod om fem anbefalte digitale danseframsyningar.

Tilbake til røtene

Klipp fra danseforestillingen "Tabanka-digital: Jazz aint Nothing but Soul" ved dansens hus

Klipp frå danseframsyninga Tabanka-digital: «Jazz Aint Nothing but Soul» ved Dansens Hus.

  • Kva: «Jazz Aint Nothing but Soul»
  • Kven: Tabanka
  • Kvar: Digital framsyning hjå Dansens Hus frå 27. april til 2. mai (billettar)

Dansekompaniet Tabanka er noko heilt for seg sjølv. Ikkje berre er det dans som tek sjåaren tilbake til danserørslene sine afrikanske og karibiske røter, det er òg krafta av det mangfaldige Norge som gjer at ein vert bergteken. «Det var nesten så jeg hørte Dovre falle», skreiv Ballade sin dansekritikar etter å ha sett ei av framsyningane deira. I «Jazz Aint Nothing but Soul» tek kompaniet sjåaren med til jazzdansen sitt opphav – kva dansen eigentleg var før den amerikanske kulturen plukka han opp.

Det er ei vakker framsyning.

Klassikar i ny, klissvåt drakt

  • Kva: «A Swan Lake»
  • Kven: Nasjonalballetten
  • Kvar: Digital framsyning på Operaen.no frå 16.–30. april (gratis)

5000 liter vatn. Klissblaute dansarar. Gummiender. Folk var galne etter Alexander Ekman si framsyning «A Swan Lake» etter urpremieren i Operaen i 2014. Sjølv Beyoncé likte så godt det ho såg at ho seinare vart skulda for å plagiera nokre passasjar frå Ekman sin koreografi. Balletten er til tider noko overflatisk, og det tek tid før vatnet kjem. Men «A Swan Lake» er samstundes spektakulær og har utan tvil vorte eit referanseverk.

Ein tur ut for å plaska litt i dammen vert aldri meir det same etter dette.

Svanedans for barna

  • Kva: «Lilla Svansjön»
  • Kven: Dramaten
  • Kvar: Digital framsyning på Dramaten play frå 1. april (gratis)
  • For: Barn frå 5 år

Medan ein framleis er i svanesjø-modus, kan ein gjerne kosta på seg ein kikk på Dramaten sin leik med klassikarane innan teater og ballett. Nyleg la det svenske teaterhuset ut Unga Dramaten sin versjon av «Svanesjøen», «Lilla Svansjön». Tonane er kjende for alle som ein gong har opna eit smykkeskrin med ei ballerina inni – men rørslene og historia er ei anna: Her kjem tre underlege karakterar som alle trur dei skal danse «Svanesjøen» åleine. Ballerinaer er dei ikkje, men gjennom pantomime, samarbeid og kraftfulle moves får dei noko fint til å oppstå.

Dei stygge andungane vert alle svanar – og dei treng ikkje spektakulære show for å få til det. Samarbeid og respekt held lenge.

Hyllest til leiken

  • Kva: «Et vakkert smykke»
  • Kven: Nagelhus Schia Productions og Tonje Unstad
  • Kvar: Digital dansevideo på nsproductions.no (gratis)

Denne vesle perla er mest av alt ein hyllest til leiken og til alle barn som måtte sitta stille når landet stengde for litt over eitt år sidan. Då forsøkte samtidskompaniet Nagelhus Schia Productions seg på noko dei aldri hadde gjort før: Ein produksjon for barn. Dansarane sat i kvar sin heim, og regissør Yaniv Cohen gav dei i oppgåve å lage ein dans til Tonje Unstad sin låt «Et vakkert smykke». Ei oppgåve som måtte løysast gjennom leik i små og store bustader på ulike heimplassar over heile verda.

Resultatet er ein video ein vert glad av, og som passar for både barn og vaksne. For heile verda er ei scene, ein leik – og ein danseplass.

Møte mellom kunstnarar

  • Kva: «Corona Sessions»
  • Kven: Jo Strømgren kompani
  • Kvar: Digitale kunstfilmar på prosjektet sine nettsider (gratis)

Då koronaen trefte verda, sette Jo Strømgren kompani seg ned og lét kunsten få veksa fram i umiddelbare møte mellom kunstnarar som aldri hadde jobba i lag før. Konseptet heiter «Corona Sessions», og er no blitt 31 filmar som har blitt sett meir enn 200.000 gonger over heile verda. Kunstnarmøta har ein hovudregel: Inga førebuing.

Resultata er underlege augneblinkar som mest av alt viser kva som kan oppstå om ein lyttar til omverda – det fine i at ikkje alt sit, at møta mellom menneske samstundes kan være både keitete og vakre, og at ein må leita for å finna kvarandre.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt lesing vidare:

Kulturstrøm

  • Peter Brook er død, 97 gammel

    Den britiske teaterregissøren Peter Brook er død, skriver The Guardian.

    Han ble 97 år gammel.

    Den britiske avisen skriver at han redefinerte måten man tenkte rundt teaterproduksjoner gjennom sitt arbeid for Stratford’s Royal Shakespeare Company i Paris, der han hadde base i over 30 år.

    Peter Brook mottok Den internasjonale Ibsen-prisen i 2008. Den ble overrakt av komiteens leder, Liv Ullmann (t.h.) på Nationaltheaterets hovedscene.

    Liv Ullmann og Peter Brook
    Foto: Kyrre Lien / SCANPIX
  • Tilbake på scenen

    Tine Thing Helseth er tilbake etter sykdom og sang bossanova til mannen sin, Sebastian Haukås, i Hollenderhagen under Risørkammerfestival i helgen.

    Tine Thing Helseth er tilbake etter sykdom og sang bossanova til mannen sin, Sebastian Haukås, i Hollenderhagen under Risørkammerfestival i helgen. 
    Foto: Ida Scheie / NRK
  • Nordstoga i turjakke på Rondaståk

    – Det er jo en slags gudbrandsdalsvariant av Vinjerock, og da må man ha klær i orden, sier Odd Nordstoga etter å ha spilt på fjellfestivalen Rondaståk. Få med deg festivalstemningen og se blant andre Odd Nordstoga og DumDum Boys. Hele serien Festivalsommer finner du i NRK TV.

    Odd Nordstoga i turtøy på Rondaståk-festivalen 2o22

Flere kulturnyheter

Det er ikke lett å navigere seg gjennom Nasjonalmuseet om man har dårlig syn, mener Norges Blindeforbund.

Her kryper de gjennom Nasjonalmuseet

Det er ikke lett å navigere seg gjennom Nasjonalmuseet om man har dårlig syn, mener Norges Blindeforbund.